Helsing til doktorand Hjalmar Eiksund – disputas 27. mai 2021

Du har skrive PÅ nynorsk – stort sett. Det er viktig når vi veit at engelsk i praksis har vorte nærast einerådande i vitskapleg publisering i Noreg. I lys av det vert også bokmål eit marginalt språk i vitskapleg publisering, og nynorsk vert eit marginalt språk i endå større grad. Desto viktigare og gledelegare er det når det faktisk blir publisert på aller høgaste nivå på nynorsk – som her gjennom vitskaplege artiklar og i ei doktoravhandling.

Eg er sikker på at du har fått støtte for dette både frå kollegaer, rettleiarar og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda. For det andre skriv du OM nynorsk. Og stiller grunnleggande spørsmål på område som både den norske språkstriden og debatten om skule og opplæring treng forskingsbaserte svar på.

For Høgskulen i Volda som har nynorsk som både ein del av vår identitet og som eit fagleg satsingsområde er både publisering PÅ nynorsk og OM nynynorsk like viktig, så takk for at du har bidrege på begge måtar. 

Du argumenterer for transspråking – eller parallellspråksdidaktikk – som ein ny pedagogisk praksis for at skuleelevar skal bli betre i norsk. Både bokmål og nynorsk. Du skriv at transspråking ikkje har vorte prøvd i praksis i norsk skule. Ja kanskje kan det ut frå avhandlinga di kome spenstig – og forskingsbasert – forsøksverksemd i norskfaget? Eg er i alle fall lei av gammal nytenking som berre handlar om å kutte ut nynorsk i skulen.

Det vanlege bildet av ein forskar er ein gammal knall som sit aleine og trivst best i selskap med støvete bøker. 

Det er berre å ta ein titt på Hjalmar eller å sette seg inni prosjektet hans, så ser ein at det er veldig feil. Han har vore ute i kvardagen i skulen, han har samarbeida med andre i ei god forskingsgruppe og han har også vore på forskingsopphald i USA.

Arbeid med ei doktoravhandling er eit lagarbeid og det kan kanskje passe å hente fram metaforar frå lagidrett? Då blir rettleiarane kanskje ein slags trenarar? Kolleger og andre stipendiatar er kanskje ein slags medspelarar? Kommisjonen er nok definitivt ein form for dommarar! Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen er kanskje sponsorane. Og publikum –  ja dei såg du i Store BK i dag- og sjølvsagt var det endå fleire som heia på deg på nett – og med eit resultat i form av eit akademisk skrift vil publikum også andre stader og tider få tilgang til resultat gjennom avhandlinga di.

Men alle som har drive med litt med lagidrett veit: Utan eit støtteapparat så kan ein ikkje halde på så lenge og slett ikkje nå langt eller kome til mål.

Og i eit doktorgradsarbeid vert familien gjerne den viktigaste delen av støtteapparatet – nesten uansett om dei vil eller ei! Dette tenkte eg på tilbake i desember 2016 då Kristin Sjøhelle disputerte. På ein svært hyggeleg doktormiddagen etterpå kom familie-støtteapparatet med gode helsingar til mor/kone som no hadde blitt doktor. 

Eg ser i kveld at Hjalmar har det same støtteapparatet – 4-5 år voksnare og klokare. Men tenk på det dokke – her er ein familie som har fått fram både mor og far til doktorgrad – det er jammen ein god prestasjon! Og eg har registrert at dotter di, Mathilde, har rykka inn i styret på NTNU, så her ser vi framtida til forsking og høgare utdanning samla i ein familie: Både når det gjeld fag og styring! Så framtida for UH-sektoren ser lys ut når laget Sjøhelle Eiksund no fossar fram på banen – og scorar poeng etter poeng!

Så igjen: Gratulerer både til doktorand og til støtteapparatet!

Doktorand og doktoravhandling etter vel gjennomført disputas, 27. mai 2021.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar