Arbeidslivsrelevans i høgare utdanning (aviskronikk)

Felles for dei aller fleste utdanningane våre er at dei har praksis, til dels svært mykje praksis og praktiske øvingar. Og praksisen skjer både på Høgskulen og ute i arbeidslivet i kommunar, skular, barnehagar, bedrifter og organisasjonar. Slik har det vore lenge, og dette har alltid vore viktig for våre utdanningar. Til dømes har grunnskulelærarar minst 110 dagar praksis i skulen i løpet av dei fem åra utdanninga varer, og sosionomar og barnevernspedagogar har ca. 4 månaders praksis i løpet av ei treårig bachelorutdanning.

Studentar på drama/teater og musikk har mykje øvingar og framføringar i teatersal, konsertsal og eigne øvingsrom, og dei fleste har vel fått med seg at medieutdanningane i Volda brukar same type utstyr som dei skal bruke når dei har praksis i bedrifter som til dømes i NRK eller TV 2. Og felles for alle er at praksis i arbeidslivet ofte fører til jobb seinare. Og for bedriftene er praksis ein god måte å bli kjent med nye arbeidstakarar og gjerne ny kunnskap frå forsking og utdanning.

Studentane våre får altså mykje praksis, og det skal vi halde fram med. Spørsmålet er heller korleis vi kan få til betre praksis og tettare kontakt mellom studentar og arbeidsliv?

Våre studentar får mykje praksis – spørsmålet er heller korleis få til betre praksis?

Om vi brukar lærarutdanningane som døme så har det i mange år vore eit stort system omkring praksis: Høgskulen har langsiktige avtalar med kommunar om å ta i mot studentar som skal ha praksis, lærarar i skulen får kurs for å rettleie studentar som er i praksis, og dette samarbeidet har dei siste åra vorte utvida i retning av at skulane også skal bli forskingspartnarar for Høgskulen.

Høgskulen samarbeider også med kommunane om vidareutdanning av lærarar gjennom ordningar som «Kompetanse for kvalitet». Alle desse ordningane er med på å styrke kontakten mellom høgskule, studentar og arbeidslivet. Men dei mange ordningane viser også at det ikkje er enkelt eller gratis – og at dette må vere langsiktig arbeid.

Samarbeidet mellom grunnskulen og grunnskulelærarutdanningane kan ikkje danne mønster for alle andre yrkesområde, men erfaringane frå dette samarbeidet viser kor viktig det er med eit balansert samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv. Ein må ha gode møteplassar og kjenne kvarandre sine arbeidsmåtar og lokale forhold. Det kan gi gode samarbeid. Somme ser ut til å tru at arbeidslivsrelevans handlar om at høgare utdanning berre skal kopiere arbeidslivet, men her må det handle om balanse og partnarskap. Slike partnarskap bør også utviklast i retning av at ein kan forske i lag – men det krev også at våre partnarar i arbeidslivet skaffar seg forskingskompetanse.

Våre partnarar i arbeidslivet må også skaffe seg forskingskompetanse

Høgskulen i Volda lyser våren 2021 ut heile 17 doktorgradsstipend. Alle våre fagområde blir dekt av denne satsinga, og vi er svært interesserte i samarbeid om forskingsprosjekt i det regionale arbeidslivet. Vi har eit felles ansvar for vidare utvikling av vår region. Høgskulen arbeider også med planar om å starte ei eiga doktorgradsutdanning retta mot utdanning og humanistiske fag – det vil vere eit viktig tiltak for å sikre at vår region får tilgang på kompetanse på aller høgaste nivå.

I Møre og Romsdal er utdanningsnivået hos yrkesaktive i den lågaste tredjedelen blant fylka i landet. Vi held tritt med utviklinga i resten av landet når det gjeld andel som har treårig bachelor-utdanning, men dei siste 20 åra har vi ikkje halde tritt med landsgjennomsnittet når det gjeld masterutdanning og doktorgradsutdanning. Vi kjem vonleg også i framtida til å vere landets viktigaste industri- og eksportfylke og regjeringas tydelege satsing på fagskuleutdanning understrekar at høgare kompetansekrav og ambisjonar gjeld på dei fleste område i arbeidslivet.

Arbeidslivsrelevansmeldinga ønsker seg lettare overgang mellom arbeidsliv og vidareutdanning. Det kan blant anna bety at det skal bli lettare å ta utdanning ved sidan av jobb. Det er ei velkomen og nødvendig utvikling. Men vi ser også at mange slit med å fullføre til dømes ein mastergrad ved sidan av jobb, så vi håper på betre finansieringsordningar og andre tiltak som kan gjere dette lettare i framtida.

Meldinga om arbeidslivsrelevans skal no behandlast i Stortinget, og så langt har dei politiske partia vore veldig samde om hovudtrekka i meldinga. Eg har difor stor tru på at meldinga blir vedtatt, men det blir meir spennande om meldinga blir følgt opp med tiltak og løyvingar som gir synlege resultat. Arbeidslivsrelevans er viktig, men ikkje enkelt. Det krev langsiktige prioriteringar. Men vi vil gjerne ta utfordringa og utvikle oss vidare i lag med våre mange partnarar i arbeidslivet, både når det gjeld utdanning, utvikling og forsking.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar