Orientering til høgskulestyret, styremøte 29. april 2021

Veka før påske stoppa Høgskulen i Volda fysisk undervisning i tråd med nasjonale tilrådingar. Alle tilsette som kunne jobbe heimanfrå reiste heim og det var berre minimumsbemanning igjen på Høgskulen. Vi heldt likevel husa, studentsørvis og biblioteket ope slik at studentane skulle få best muleg høve til å studere. Først 19. april vart Høgskulen opna att for undervisning og for at tilsette kunne gå på sin vanlege arbeidsplass. Det er nok ca. halvparten av dei tilsette som er å sjå på Høgskulen på vanlege arbeidsdagar.

Undervisninga vart lagt om til digital veka før påske og dei fleste studentar får nok klart mest digital undervisning ut semesteret. I tråd med nasjonale føringar ønsker vi at alle studentar skal få minst ein dag med fysisk undervisning. Samlingsbaserte studium har vorte gjennomført digitalt heile semesteret.

Dei aller fleste eksamenar våren 2021 blir digitale. Alle skriftlege skuleeksamenar blir gjennomført digitalt. Fagmiljøa vurderer sjølve korleis dei vil gjennomføre munnlege og praktiske eksamenar.

Akkreditering av kvalitetssystemet til Høgskulen i Volda:

Høgskulens kvalitetssystem har i 2020 og 2021 vorte evaluert av kvalitetsorganet NOKUT. Dette har Høgskulen opplevd som ein utviklande og lærerik prosess som har involvert tilsette og studentar på alle avdelingar. NOKUT-styret gjorde 22. april vedtak som sa at Høgskulen i Volda må rette opp einskilde manglar ved kvalitetssystemet innan 31.12.2021. Konkret handlar det om at Høgskulen må gjere ferdig dei planlagde periodiske studieprogramevalueringane i tråd med rulleringsplanen. Det vil vi sjølvsagt gjere på best muleg måte og då reknar vi med å få godkjent kvalitetssystemet i 2022.

Her er NOKUTs eigen omtale av styrevedtaket 22. april.

Søking og opptak for hausten 2021:

Søknadsfristen for Samordna opptak i 2021 var 15. april, og ca. ei veke etterpå vart tala kjende. Resultata for Høgskulen i Volda viste ein nedgang i søkartala på ca. 5 prosent. Det er vi sjølvsagt skuffa over. På neste styremøte vil høgskulestyret få ein meir detaljert gjennomgang av tala i lag med ein presentasjon av rekrutteringsarbeidet som har vorte gjort. Her vil eg kort nemne at det ser ut til at vi bryt den nasjonale trenden på mediefaga og då særleg på journalistikk som har ein klar auke i søkartala. Vi bryt diverre ikkje den nasjonale trenden på lærarutdanningane der vi har ein minke i søkartala. Dette er eit nasjonalt problem.

Men vi har også sett på søkartala på studia der vi tek opp studentar sjølve, altså lokalt opptak. Her har vi ein auke i søkartala på 6 prosent. Så pr. i dag kan det faktisk sjå ut til at vi hausten 2021 får minst like mange studentar som i 2020 – og då hadde vi fleire studentar enn nokon gong tidlegare. Talet var ca. 4.700 studentar.

Her er omtale av søkartala på nettsidene våre.

Publiseringar 2020:

Ei svært gledeleg nyhende frå våren 2021 var at forskingspubliseringa utført av tilsette ved Høgskulen i Volda auka svært mykje frå 2019 til 2020. Det vart publisert ca. 75 prosent fleire forskingsarbeid etter det såkalla tellekantsystemet for forsking. Eg skal ikkje gå inn på detaljane her men viser til omtale på nettsidene våre. Høgskulestyret vil også få meir informasjon og analyse av utviklinga av forskinga i Forskingsmeldinga som etter planen vert lagt fram i junimøtet. Vi er naturlegvis spente på om 2020 er eit blaff eller om vi vil få sterke resultat også i åra framover. Sjølv er eg redd for at koronaåret 2021 neppe var eit godt år for forsking. 

Les meir på nettsidene våre.

Bygg og anlegg – og arkiv:

Det største nyhendet sidan førre styremøte er at det no ser ut til å vere bestemt at arbeidet med den såkalla Voldatunnelen skal starte. Dette blir ein del av E39 og dette milliardprosjektet gjer vegen mellom Volda og Ørsta kortare og betre. Her er det tett trafikk, og stort behov. Vegane rundt Høgskulen og Volda sjukehus blir lagt om vi vil få anleggstrafikk like ved Høgskulen i fleire år framover. Høgskuleområdet og omkringliggande areal blir endå meir attraktivt gjennom betre kommunikasjonar og vi kan også håpe på betre kollektivtrafikk.

Les omtale av Voldatunnelen på Nærnett, øvingsavis for journalistikkstudentane ved Høgskulen i Volda.

Volda kommunes planar for vidare utvikling av Ivar Aasen-huset går framover gjennom selskapet Volda Utvikling AS, men dei har førebels ikkje gått med offisielle meldingar om status i arbeidet, men vi har løpande kontakt med dei gjennom direktør.

Omtale av Volda Utvikling AS på nettsida til Volda kommune.

Vi ønsker no eit møte med aktuelle aktørar for å få oversyn over planlagt utvikling og undersøke om vi kan samordne oss med relevante aktørar, kanskje også fagleg.

God plass i parkeringskjellaren under Volda Campus Sparebank1 Arena, her frå 19. april 2021.

Vi har ikkje hatt parkeringsproblem i 2020-2021 sidan vi har hatt mykje mindre undervisning enn vi burde hatt, men også fordi vi har leigd lokale andre stader i Volda. Vi planlegg no for hausten 2021 og er spente på kva som blir effekten etter kvart som koronaen lettar.

Framdrifta på Sivert Aarflot-huset har vorte noko forsinka. Men Avdeling for mediefag driv no og pakkar ned og gjer seg klar til overflytting så vi håper det blir ein effektiv flytte- og start i det nye huset. Det blir innflytting etappevis i sommar før studiestart, men offisiell opning blir truleg først 26. oktober.

Hans Strøm-huset står på dagsorden i møtet i dag og førebuing til arbeidet som skal skje har starta. Eitt døme på det er at vi må vurdere korleis vi skal handtere faglege samlingar av ulikt slag. Ein del samlingar har vorte digitaliserte så det er ikkje nødvendigvis kritisk for oss å ha dei fysiske utgåve. Ein del samlingar har alt flytta ut av Høgskulen: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal flytta også fysisk ut av Høgskulen og over til Sunnmøre museum tidlegare i 2021. For mange år sidan vart Møreforskings Stadnamnarkiv for Møre og Romsdal deponert hos IKA (Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal). Avdeling for mediefag har i fleire år arbeidd med digitalisering av delar av sine samlingar – blant anna 50 år med fjernsynssendingar. Men vi har også ei rekkje andre samlingar. Dei kan i større eller mindre grad vere personlege samlingar som einskilde fagfolk har bygd opp for eiga fagleg verksemd og andre kan ha ein annan status. Men her er det ei rekkje spørsmål som vi ikkje har hatt eit samla grep på tidlegare men som vi no må ta stilling til no når det ser ut til at det viktigaste felles arkivromet på Høgskulen i Volda kan bli borte.

For ordens skuld må det også nemnast at Høgskulens administrative arkiv ikkje vert råka av denne ombygginga.

Sivert Aarflot-huset, 28. april 2021

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar