Litt for tidleg påskehelsing

Vårsemesteret 2021: Studentar i grautkø, no også med munnbind.

Så blei det veldig lang koronapåske på oss som til dagleg arbeider eller studerer ved Høgskulen i Volda. Kanskje skal vi håpe og tru at det blir ei betre påske enn i fjor? I 2020 heldt vi stengt ut vårsemesteret, men no i 2021 er det i alle fall håp om at vi kan opne igjen 12. april. Eller er det for optimistisk no når mutantvirusa gjer smittevern endå viktigare – og vanskelegare? Munnbind på offentlege stader og 2 meters grense mellom oss – og obligatorisk heimekontor. Så lenge det er slik må både undervisning, rettleiing og anna drift på høgskulen skje på nett. Så det er ikkje påskeferie slett enno, men vi er alle heime i god tid før påske.

Sjølv håpte eg i det lengste at vi skulle kunne få ha mest muleg ope og kanskje drive mest muleg vanleg. Men vi ser kor lett og fort villsmitten kan spreie seg så var det vel antakelig for optimistisk å håpe på at vi kunne halde fram som ei smittefri øy. Vi har sett kor fort Ålesund og Stad har gått frå å vere like smittefrie som Volda til å kome på ein lite ønskeleg landstopp.

Om vi tenker tilbake på Bergen i fjor haust så spreidde smitten seg svært raskt i studentmiljøa, på tvers av utdanningsinstitusjonane Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Handelshøgskulen – og dei andre høgskulane i Bergen. Smitten i studentmiljøa og i resten av samfunnet stengde i praksis ned store delar av byen hausten 2020. Og det var før mutantvirusa hadde dukka opp.

Volda og student- og høgskulemiljøet har gode føresetnader for å fortsette å vere smittefri, slik vi har vore i heile 2020 og 2021. Men om smitten hadde teke laus i vår, så ville det kompakte og nære studentmiljøet i Volda snu seg frå å vere ein styrke til å kunne bli det motsette. Heldigvis har mange studentgrupper bygd smittevern også ved å opptre mest muleg samla eller lagar sine eigne kohortar – rett og slett gjennom å bli samde om reglar for reising og anna. Så får vi berre håpe at vi heller ikkje etter påske får smitteutbrot og dermed får sjå kor sikkert slikt sosialt smittevern faktisk er. Det er kjekt å sitte i lag i kantina – men 2 meters avstand har vore sjeldan å sjå.

Den store oppturen i vårsemesteret 2021 var nok – grauten! Velferdsgruppa i samarbeid med kantina har servert gratis graut, frukt og kaffi til studentar, og det har vore ei veldig god stemning dei gongane eg har vore i kantina og har sett korleis studentane har fått ein mjuk og varm start på dagen. Eg håper vi snart kan få grauten tilbake.

Men inntil vidare håper og trur eg at både handvask, spriting, testing og avstandskrava i tilegg til sosiale tiltak har medverka til at tilsette og studentar har kome gjennom eit halvt vårsemester utan smitte. Dermed har vi alle støtta kvarandre slik at vi har klart å gjennomføre praksis. Og ikkje minst har studentane fått si studentveke! Det er veldig mykje betre å minnast enn «mutant».

Så igjen ein takk til alle som har teke ansvar og prøver å gjere noko for å forhindre smitte – og så får vi hjelpe kvarandre med smittevern også i tida framover.

Så dette blir ei litt for tidleg påskehelsing til tilsette og studentar rundt om på hyblar og i stover. Men vi går inn mot påska truleg utan koronavirus i Volda, og det skal vi framleis vere glade for.

(Snart) god påske til alle studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda!

God påske! Helsing rektor (siste dag på kontoret før stenginga).

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar