Opningshelsing på fagdag: «Gudsord og folkespråk», 14.06.2021

Program for seminaret: «Gudsord og folkespråk»

Kjære møtelyd!

Passande nok er vi samla her i dag, i Berte Kanutte-huset. Berte Kanutte Aarflot var for si tid ein folkekjær diktar av religiøse songar og salmar. Og vi kan vere stolte av ho og hennar arbeid, både lokalt og nasjonalt. Og det er derfor huset har vorte kalla opp etter ho.

Berte Kanutte Aarflot døydde i 1859 og hadde ikkje tilgang til nynorsk språk då ho utvikla sine diktarevner og var på sitt mest aktive. Men skal tru om ikkje ho hadde dikta på landsmål om ho hadde vore fødd litt seinare? Det får vi aldri vite.

Bernt Støylen skreiv ein biografi, på nynorsk, om Berte Kanutte i bladet Stille Stunder i 1889-1890. Så landsmålsfolket tok på ein måte til seg Berte Kanutte og fekk kanskje noko godhug for målet når ein så kjend diktar vart omtala? 

Eg har forstått det slik at Ivar Aasen vurderte det slik at det kanskje var dei danske Gudsorda som ville bli vanskelegast å byte ut med norske ord. Eit Gudsord frå Danmark hadde nok større tyngde enn eit gudsord på landsmål. At Jesus snakka dansk var jo noko alle visste. Det hadde han gjort i fleire hundre år. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar