Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2021: NM i akademia?

Forsking: Volda auka mest på publisering

For eigen del har eg sett fram til at våre strålande tal for publisering for 2020 endeleg skulle bli løfta fram. HVO-tilsette har i 2020 publisert svært mykje meir enn i 2019. Etter tellekansystemet så auka publiseringa frå 108 til 189 poeng, altså ein auke på 74 prosent.

Vi har omtala auken i forskingspublisering på nettsidene våre og i Årsrapporten for 2021, men det Tilstandsrapporten gir er jo ei samanlikning med andre institusjonar.

Dette burde vel bli kommentert av DIKU? Men nei. DIKU valde å fokusere at dei største universiteta aukar mest i absolutte tal. Og når det gjeld relativ framgang fokuserer Tilstandsrapporten på åra 2015-2020. 2015? Før strukturprosessen hadde kome skikkelig i gang? Men all ære til Høgskolen Østfold og Høgskulen på Vestlandet som har hatt strålande og ikkje minst stabil framgang i desse fem åra.

Men når ikkje DIKU formidlar gode nyhende med Volda i hovudrolla så får vi gjere ein innsats sjølv. Så her er dei statlege institusjonane med størst prosentvis auke i publisering frå 2019-2020 – tala er henta frå DIKU-tabell V3.16:

Institusjon20192020Auke%
Volda1081898174 %
Samisk høgskole18271054 %
Molde1101574743 %
Nord Universitet57672915226 %
NHH2412945322 %
Vestlandet7257957010 %
USN829904769 %
Østfold255277229 %
Publisering i 2019 og 2020, auke og prosentvis endring for institusjonane med størst prosentvis auke.

Det er jo veldig kjekt å sjå at det er regionale institusjonar som har best utvikling frå 2019-2020. Utgangspunktet vårt og ikkje minst finansiering av forsking er jo klart dårlegare for oss enn for universiteta, så vi får mykje ut av lite og er i god utvikling. Det håper eg held fram.

Andre tal som gjeld forsking er at Volda har ein auke i andel førstekompetente av alle tilsette frå knapt 50 prosent av utførte faglege årsverk i 2019 til over 52 prosent i 2020. Dette står i tabell V4.14. Igjen ser vi ein framgang som er blant dei beste av statlege institusjonar – så 2020 var eit bra år også etter dette målet.

Bachelor og fullføring?

Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt svært gode resultat på fullføring av bachelor-utdanning. Ca 2/3 av våre bachelorstudentar fullfører utdanninga på tre år, og det held faktisk til å vere høgast gjennomføringsgrad i landet. I andre enden av skalaen ligg Universitetet i Oslo som har vore ned på ca 1/3 gjennomføringsgrad. Korleis ser dette ut i Tilstandsrapporten?

For 2020 er vi tilbake på toppen av haugen, i alle fall nesten. Tabell V2.18 fortel at 63,6 prosent av bachelorstudentane i Volda som tok til på studiet hausten 2017 vart ferdig i 2020. Gjennomsnittet for statlege institusjonar er på ca. 50 prosent. Best av alle institusjonar var Kunsthøgskolen i Oslo (KHIO).

Men vi må også kikke på det som ikkje er så lysteleg lesnad og det er gjennomføringsgrad på masterutdanningar. Her fortel tabell V2.19 at av masterkullet som starta hausten 2018 var det ca. 19 prosent som var ferdig i 2020, altså på to år. Det er klart lågast i landet og feil utvikling samanlikna med 2019. Samtidig har vi hatt auke i uteksaminerte masterkandidatar dei siste fire åra. Våren 2021 har vi på alle plan arbeidd med å analysere og vurdere kva som bør gjerast. Tala har vore låge i mange år og vi ser også for andre institusjonar – både for bachelor og master – at det over tid er nokså stabile tal for gjennomstrøyming både på bachelor og master. Det er difor grunn til å tru at det er strukturelle forhold som er viktige her, og dei er kan vere tunge å endre på.

Avsetningar – som blir borte: Og mest trangbudd!

Er det så andre tal som er verd å nemne? Heilt sikkert! Eg skriv dette blogginnlegget på formiddagen same morgonen som Tilstandsrapporten vart kjent, så det er heilt sikkert viktige ting eg har oversett.

Men når det gjeld økonomi så har avsetningar vore eit viktig tema for både Volda og andre universitet og høgskular dei siste åra. Vi har rett og slett for mykje pengar på bok – og det blir det ikkje på kort sikt god forsking og utdanning av. Korleis har det utvikla seg i 2020? Tala i tabell V4.5 viser at for Volda auka avsetningane med ca. 8 millionar kroner frå 83 til 91 millionar kroner. Målt i prosent auka avsetningane frå 22 til 24 prosent av løyvinga. Og det er ein høg prosentdel samanlikna med andre statlege institusjonar. Men så står vi då også midt opp i store byggeprosjekt så pengane får bein å gå på. Og det har også sine farar, som eg har skrive om i eit tidlegare blogginnlegg.

«Unødvendig og for strengt regelverk for avsetningar».

Men byggeprosjekta trengst. For tabell V4.12 viser at Høgskulen i Volda er den mest trangbodde høgskulen målt i kvadratmeter pr student. Vi får neppe utvide arealet vårt, så til viktigare er det at vi utnyttar kvadratmetrane godt, og det vil vi få når Hans Strøm-ombygginga blir gjennomført i 2021-2022.

Hans Strøm-huset og Sivert Aarflot-huset 2021: Når Sivert Aarflot-huset er ferdig i 2021 er det Strøm som skal bli oppgradert i 2021-2022.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar