Arbeidslivsrelevans i høgare utdanning (aviskronikk)

Denne kronikken vart publisert av Sunnmørsposten 9. april 2021 og Tidens Krav 6. april 2021.

Sunnmørsposten, 9. april 2021

Betre samarbeid mellom høgskular og universitet og arbeidslivet, færre hinder for å ta vidareutdanning i samband med jobb, meir studentaktiv læring og meir og betre praksis er hovudbodskapane i meldinga som no skal gjennom stortinget og vonleg omsettast i praktisk politikk.

Les heile arbeidslivsrelevansmeldinga her.

Høgskulen i Volda tilbyr utdanningar som fører fram til yrke som dei fleste kjenner til:

Grunnskulelærar, barnehagelærar, sosionom, barnevernspedagog, journalist og animatør. I tillegg kjem fleire andre utdanningar som kan gi jobb på veldig mange ulike yrkesområde, som til dømes utdanningane våre innan planlegging og leiing, språk, media- og kulturfaga. Dei aller fleste som tek ei utdanning ved Høgskulen i Volda får relevant jobb etter utdanninga, og mange av dei i Møre og Romsdal og Nordfjord som er vårt nærområde.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar