Opningshelsing på fagdag: «Gudsord og folkespråk», 14.06.2021

Ein av språkkonsulentane tidleg i arbeidet med den nynorske omsettinga var professor og seinare biskop W. K. Bugge, og han fann det naudsynt å kome med ei lita sjølvmelding i høve arbeidet som hadde starta med bibelomsettinga til landsmål, her sitert i Jarle Bondeviks bok «Og ordet vart nynorsk» (2003, side 57):

«For at forebygge mulige Misforstaaelser tror jeg at burde tilføie, at denne min Erklæring over Prøveoversættelsen slet ikke indeholder nogen Udtalelse fra min Side angaaende Nødvendigheden eller Ønskeligheden af overhovedet at foranstalte Oversættelser af den hellige Skrift paa det saakaldte Landsmaal, ligesom jeg selvfølgelig heller ikke kan have nogen Mening om den Sprogform hvori den her omhandlede Oversættelse er udført»

Ein må hugse på at nynorskrørsla, landsmålsrørsla, inneheldt mange element som nok kunne reknast som undergravande, trugande eller beint fram revolusjonære i si tid. Til dømes hadde Landsmålsavisa Vestmannen i alle fall lokalt fått tilnamnet «Styggemannen».

Men så vart nynorsken verkeleg eit folkespråk i første halvdel av 1900-talet. Det skjedde gjennom folkerøystingar i kommunar, skulekrinsar og i kyrkjesokn. Så det viste det seg at gudsordet på landsmål spreidde seg minst like snøgt som på andre samfunnsområde. Det er ikkje urimeleg å tru at det fanst både ein landsmåls bibel og ei salmebok var heilt nødvendig for å gje folk eit reelt val.  Men dette skal vi nok få vite meir om i dag på dette seminaret.

Eg er veldig glad for at dette seminaret har kome i stand, på mange plan:

  • Arrangementet er eit samarbeid med dei Nynorske festspela og Aasentunet.
  • Tematikken femner over fleire avdelingar og fagområde ved Høgskulen i Volda. I alle fall religion og livssyn, historie og språk/litteratur. Slike tverrfaglege tiltak treng vi.
  • I Høgskulens historie er kristenliv eit gjennomgangstema. I Volda lærarhøgskule si 100-års historie, skriven av Peder Bergem var tittelen: Forkynning, fellesskap, forsking. Det var kanskje liten skilnad mellom fag og forkynning. Som vi veit var kristendom ein viktig del av undervisninga i skulen, og dermed også i lærarskulen. I dag ville vil kanskje kalla det ein del av samfunnsoppdraget.

Med Distriktshøgskulen i Volda kom det inn litt andre perspektiv i form av fagutdanningar i kyrkjefagleg arbeid, men også eit fagmiljø på norsk som ikkje minst var oppteken av nynorsk og nynorsk språkhistorie. Og det nye skuleslaget hadde forskingsambisjonar.

Frå mi eiga studietid fekk eg med meg undervisning frå blant andre Peter Hallaråker som hausten 1989 gav meg og mine medstudentar ei innføring i forskingsarbeidet som gjekk føre seg på den tida, også når det gjaldt bibelspråk. Så, nynorsken hadde ikkje berre blitt kristna, kristninga hadde også blitt eit forskingstema, først og fremst med ei skriftkulturell tilnærming slik eg oppfattar det.

Så denne fagdagen står i ein lang og viktig fagleg tradisjon som vi i Volda bør ta vare på også dei neste 100 år.

Lukke til med seminaret!

Professor Per Halse, ein av dei fagleg ansvarlege for fagdagen.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar