Rekruttering og karriere i akademia?

Dei siste dagane har det kome tre viktige bidrag til politikkområdet rekruttering og karrierebygging for høgskular, universitet og andre forskingsinstitusjonar. To av bidraga kjem frå Universitets- og høgskulerådet (UHR) og ein frå Kunnskapsdepartementet (KD). Dei tre dokumenta har naturlegvis ulik status og tidshorisont – og overlappar også kvarandre til ein viss grad, men alle kan reknast som oppfølging av Underdal-utvalet sin rapport frå mai 2018: Stillingsstruktur ved universiteter og høyskoler.

Dette er dei tre dokumenta:

  • UHR: En helhetlig stillingsstruktur i akademia – rapport fra Stillingsstrukturutvalget
  • KD: Strategi for forskerrekruttering og karriereutvikling
  • UHR: Rettleiar for vurdering i akademiske karriereløp

Dokumenta er delvis overlappande, men det kan vere lettare å sjå samanhengen mellom dei i ei slags logisk rekkefølgje

UHR: En helhetlig stillingsstruktur i akademia – rapport fra Stillingsstrukturutvalget

Høyringsfristen er 23. august.

Det er særleg to framlegg som eg trur mange på Høgskulen i Volda har klare meiningar om:

Det første er ph.d. eller tilsvarande «normalt» skal vere krav for tilsetting på høgskular og universitet. Rett nok står det også i rapporten at for somme stillingstypar vil det vere unntak for ph.d.-grad: «herunder for undervisere og praksisveiledere i profesjonsfagene». Kva som ligg i profesjonsfag er ikkje så godt å seie.

Denne merknaden bør ikkje bli borte i den vidare behandlinga av framlegga. Skal ein ha praksisnære profesjonsutdanningar så er ein avhengig av å rekruttere tilsette med erfaring frå praksisfeltet, yrkeslivet. Og vi er ikkje der i Noreg i dag at det er overflod av tilsette med ph.d. i skulen, i sosialtenesta eller i medieredaksjonar.

Eit ferskt døme frå Nord Universitet understrekar dette dilemmaet.

For Høgskulen i Volda ville eit krav om ph.d.som inngangsstilling frå i morgon av truleg føre til at vi måtte stenge butikken. Over 25 år har vi auka andelen førstekompetente frå ca. 25 prosent til over 50 prosent av alle faglege årsverk, men vi har eit stykke igjen før vi når opp til kompetansenivået som universiteta hadde for 25 år sidan.  Forskingsmidlar, doktorgradsutdanning og flyttestraumar går i retning av dei største byane i landet og slike absolutte kompetansekrav vil skunde på ei slik utvikling. Som utvalet truleg har forstått vil kravet om ph.d. også kunne gjere det vanskelegare å oppfylle ambisjonane om betra arbeidslivsrelevans. Så eg kan vere samd i at det er eit mål å arbeide mot at fleire bør ha eller få ph.d., og det er også derfor Høgskulen i Volda har ein fellesgrad, ph.d. I Helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde og arbeider for å få på plass ein eigen ph.d.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar