Høgskulealliansen: Volda, Molde og Lillehammer. Ein tredje veg?

Kunnskapsminister Isaksen gjekk kjapt frå å snakke om SAK til å snakke om at det kanskje kunne bli aktuelkt med SAK(S) – til å slå fast at SAKS var heilt nødvendig: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og Samanslåing.

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer har ikkje villa diskutere SAKS – dei vil heller diskutere SAKA: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og allianse.

Dei tre høgskulane har dei siste månadene hatt fleire møte for å diskutere eit muleg samarbeid – ein alianse. Dette har ført til eit felles innspel til Stortingets Kyrkje, undervisnings- og forskingskomitè.

Les innspelet frå dei tre høgskulane (pdf).

Komiteen arbeider i desse dagar arbeider med si vurdering av Stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Komitèen har frist til 4. juni med å kome med si innstilling og så skal eit samla Storting drøfte meldinga 11. juni – det er i alle fall planen.

Meir om meldinga på Stortingets nettsider.

Fram til no kan det virke som at det berre har vore to alternativ for høgskulane:

  • Å halde fram som i dag – som sjølvstendige institusjonar. Dette er det berre dei største høgskulane som får lov til.
  • Å bli ein del av langt større institusjonar. Denne vegen er open for alle.

Dei tre høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer er alle skeptiske til tanken på å bli underlagt institusjonar i dei største byane, og er også skeptiske til å gå for full samanslåing med andre høgskular.

Gjennom samtalar mellom institusjonane og i diskusjonar i fagmiljøet har ideen om ein tredje veg vokse fram:

  • Å inngå i allianse med andre sjølvstendige institusjonar – etter mønster frå Sparebankane. Høgskulane samarbeider då om fellestenester som gjer at dei kan ta ut stordriftsfordelar – utan å påføre seg fusjonskostnader.

Professor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer var ein av dei første som  la fram ideen. Les også Teigens artikkel: «Frå høgskule til filial: Kven kan utvikle eller avvikle høgre utdanning i framtida?»

Dette er eit framlegg om ei gradvis utvikling av eit samarbeid nedanfrå, i kontrast til toppstyrte prosessar med stort hastverk.

Område som har vorte omtala som aktuelle for samarbeid er:

  • EU-finansiert forsking.
  • Studentutveksling (nasjonalt og internasjonalt).
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ph.d.-utdanning.

Dei tre høgskulane har til saman fem doktorgradsprogram og i tillegg to andre utdanningstilbod på tilsvarande nivå. Høgskulane kan dermed i fellesskap vere i posisjon til å få universitetsstatus ein gong i framtida – om det er ønskjeleg.

Doktorgradsprogram i Volda/Molde: 

Doktorgradsprogram eller tilsvarande ved Høgskolen i Lillehammer: 

Mange felles fagområde

Dei tre høgskulane har fagleg sett meir til felles med kvarandre enn dei fleste andre høgskular i Noreg ved at dei har fagmiljø innanfor pedagogikk/lærarutdanning,  humanistiske og samfunnsvitskaplege fag – og få eller ingen fagmiljø innanfor teknologi og naturvitskaplege fag.

Fagportefølje ved statlege høgskular - studentar tatt opp 2014
Fagportefølje ved statlege høgskular – studentar tatt opp 2014

Dette har eg skrive litt om i eit tidlegare innlegg på denne bloggen.

Leiarar frå dei tre høgskulane møttest på nytt 1. juni 2015 i Volda for å diskutere planane vidare.

Informasjon om 1. junimøtet i Volda (på www.hivolda.no).

 

 

Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

Notat i samband med møte i Sunnmøre mållag, Thon Hotell Fosnavåg, 28. februar 2015.

Hører jeg ordet maritim klynge en gang til, så spyr jeg. (Anonym kollega ved Høgskulen i Volda.)

Sitatet ovanfor er ikkje ei nedvurdering av den maritime klynga  – men må forståast som ein overdose av klyngebegrepet. Eigentleg er det fantastisk at eit såpass akademisk basert – og diskutabelt! – omgrep har fått ei så sterk utbreiing i kvardagstale og sjølvforståing på Sunnmøre. Det kan ikkje vere berre tilfeldig. Fortsett å lese Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

HVO-styremedlem Terje Heggem: Ære vere Høgskolen i Ålesund.

Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no
Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no

HVO-styremedlem Terje Heggem beklagar i eit intervju med høgskuleavisa i Molde at det ikkje blei noko av Høgskulen i Møre og Romsdal. Men han rosar Høgskolen i Ålesund for at dei nytta høve til å bli overtatt av NTNU:

Terje Heggem: – Den historiske sjansen [til å etablere Høgskolen i Møre og Romsdal] forsvant når Høgskolen i Molde ikke slo til da Høgskolen i Ålesund var positiv til en slik løsning. Ære være Ålesund som tok et dynamisk grep og knyttet seg opp mot NTNU.

Etter mi meining heng Heggems tankar om dette ikkje heilt i hop. Om ein først meiner at ein fylkeshøgskule er best for Møre og Romsdal, så burde jo Høgskolen i Ålesund få kritikk og ikkje ros sidan dei valde å bli overtatt av NTNU, i staden for å halde fram arbeidet for Høgskulen i Møre og Romsdal.

I høgskulestyret var det Heggem som lanserte ideen om at Høgskulen i Volda burde ta ein titt på samarbeidsmulegheitene med Molde og Lillehammer, og som leiinga ved Høgskulen har følgt opp med eit fellesmøte.

Les heile intervjuet med Heggem her (panorama.himolde.no).

 

Jacob Kjøde: Misvisande frå Kunnskapsministeren

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har i eit lesarbrev i fleire aviser kommentert Kunnskapsministerens innlegg i spørjetimen på Stortinget 18. februar. Her er innlegget:

Misvisande av Kunnskapsministeren.

I Stortinget sin spørjetime sist onsdag [18. februar 2015] kjem kunnskapsministeren med nokre påstandar som kan skape eit misvisande inntrykk av Høgskulen i Volda (HVO). M.a. lagar han ei kopling mellom låg del uteksaminerte masterkandidatar og små og sårbare fagmiljø: «Skulen har også ein låg del uteksaminerte masterkandidatar. Dette er eit teikn på at nokre av fagmiljøa er små og sårbare. »
Til det er å seie at HVO uteksaminerer mange masterkandidatar samanlikna med andre høgskular på vår storleik. Vi er likevel ikkje nøgde med gjennomstrøyminga. Men fagmiljøa knytt til desse masterutdanningane er ikkje små og sårbare. Tvert i mot er dei blant dei sterkaste i landet. I følgje Kunnskapsdepartementet sin eigen Tilstandsrapport for 2014 var delen fagleg tilsette med førstekompetanse knytt til lærarutdanninga ved HVO fjerde høgast i landet – dei nye universiteta inkluderte. Tal publikasjonspoeng per fagleg stilling ved lærarutdanninga på HVO var tredje best i landet. Når det gjeld sosialarbeidarutdanningane, vil eg minne om at fagmiljøet her er så fagleg sterkt at det fekk godkjent (av Kunnskapsdepartementet) ei doktorgradsutdanning i samarbeid med Høgskulen i Molde i 2014. Så det er ikkje grunnlag for å uroe seg for små og sårbare fagmiljø ved viktige profesjonsutdanningar på HVO. Vi har eit svært godt grunnlag for å drifte den nye femårige lærarutdanninga på masternivå.
Derimot er det større grunn til uro over søkninga og statusen til velferdsyrka.
Dette er ikkje berre ei utfordring for HVO som kunnskapsministeren påstår. Det er minst like mykje ei utfordring for sentrale styresmakter der Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar.
Eg vil peike på at det ikkje berre er HVO som har låg søkning til lærarutdanninga.
I følgje Tilstandsrapporten var det på landsbasis berre 1,1 søkjar per studieplass til grunnskulelærarutdanninga i 2013. Ein anna grunn til uro er uvisse knytt til utforminga av den nye lærarmasteren. Ei sterk sentral styring kan fort ende opp i ei smal lærarutdanning som ikkje dekkjer behova i skulen – særleg ikkje i grunnskulen og i distrikts-Norge.
Av Jacob Kjøde jr, direktør Høgskulen i Volda