Korona 2.0: Robust i revers?

  • Du er ikkje avhengig av tog, t-bane, trikk, buss eller båt for å kome deg til Høgskulen i Volda – ja med unntak av ferja då.  I eit miljøperspektiv er det alt for få som tek buss til høgskulen, men akkurat i desse koronatider har nok mange av oss blanda kjensler knytt til det å ta buss eller anna kollektivtrafikk. Er det trygt? Dei aller fleste som kjem til høgskulen, går, syklar eller køyrer med bil. I smittesamanheng er dette dei sikraste reisemåtane. Tronge tog, t-baner og trikkar er normalt i eit pulserande bymiljø. Men kan også auke sjansane for å spreie korona.
  • På høgskuleområdet i Volda er undervisninga spreidd på mange ulike hus og det er kanskje ikkje dei store opphopingane av studentar og tilsette. Hovudhusa på høgskulen er spreidde over eit stort område og husa vi brukar har vorte bygd i etappar: 1922, 1971, 1984, 1998, 2010. Og i 2021 kjem det nye huset for mediefaga. Ulike hus med ulik alder, ulik stil og ulike utfordringar. Men kanskje hadde det vore betre med eitt stort hus? Eller kanskje ikkje. Eg fekk ei aha-oppleving om dette då eg las ein artikkel om korleis sjukehus i tidlegare tider vart bygd med tanke på smittevern – med mange små hus i staden for store altomfattande kompleks. Eg er klar over at det er ein stor debatt om dette i medisinske fagmiljø og heilt sikkert også ein debatt som handlar om andre omsyn. Sjå blant anna i Dagens Medisin, 22. april 2020: Lavere, mer spredte bygg gir avgjørende fordeler. Men det er nok ikkje feil å tenke smittevern og arkitektur også i andre delar av samfunnet no når vi ser at koronoaen bit seg fast.
  • I Volda sentrum kan du som student gå til det meste av det som er viktig: Høgskulen, studentheimane, Rokken, legekontoret, butikkar og anna.  Volda er Studiebygda, og Volda er ikkje nokon by. Tvert i mot er bygdeidentiteten rotfesta hos voldingane, og noko dei gjerne gjer eit poeng av overfor tilreisande og nye studentar. Dei aller fleste studentar veit også at dei kjem til ei lita bygd og mange har nok ønska seg til ein mindre studiestad og valt Volda. Dei tilreisande studentane finn fort ut at det aller meste av det ein student treng vil ein nå fram til med ein liten spasertur. Aksen Heltne – Høgskulen – Rokken er kortare enn 1,5 kilometer, og er du i sentrum tek det ikkje ein gong fem minutt å gå mellom til dømes Apoteket, Vinmonopolet, legesenteret, kyrkja og Volda filmteater. Motsett er det berre å snøre på seg joggesko og på få minutt er du på veg rundt Rotevatnet eller oppover mot Melshornet.

Naturen er også kortreist i Volda.

Men: Det kjem likevel mest an på oss sjølve. Koronaen tok ikkje sommarferie, sjølv om vi gjorde det. Koronaen skil ikkje mellom byar og bygder. Koronaen har fått ein ny start no på seinsommaren, og det ville vere naivt å tru at vi i Volda skal unngå den, slik fungerande kommunelege Bent Ingebrigtsen også sa på NRK Møre og Romsdal torsdag 12. august.

Her er informasjon om korona-beredskap i Volda kommune. Blant anna informasjon om kven ein skal ta kontakt med om det blir aktuelt med testing.

Så opplagte ting som å orientere seg om smittevern og følgje råd og pålegg må vi visst lære på nytt, no når skriv august 2020 og ikkje mars. I mars 2020 var det på ein måte veldig enkelt – og brutalt: Samfunnet stengde. Høgskulen stengde undervisningslokala. Dei tilsette jobba heimanfrå. Dei siste dagane har høgskulen vakna til liv. Det er godt. Og litt uvant etter nesten eit halvår med unntakstilstand.

Men no ved studiestart er det private og spontane festar som kanskje er den største risikosona for smittespreiing. Her må kvar og ein student tenke gjennom og vurdere heile tida kva som skjer, eller kan skje. Det å avgrense talet på festdeltakarar, og kunne fortelje kven som har vore deltakarar og kanskje også ha faste festgrupper kan begrense smitterisikoen.

Ikkje ha ein større privatfest enn at du kjenner namna på alle. Det bør ikkje vere eit mål å ha 20 deltakar – ha gjerne færre.

Denne siste veka før studiestart har eg likevel vore mest imponert over det seriøse og skikkelege arbeidet som Faddervekestyret har gjort. Dei har hatt vanskelege forhold og lagt ned ein heilhjarta innsats og fått til eit godt og trygt program, slik at både fadderar og nye studentar skal få ei best muleg Fadderveke 2020. Eg ønsker dei lukke til på alle mulege måtar. Vi i høgskuleleiinga og alle andre tilsette kryssar fingrane for at det skal bli ei Fadderveke som alle hugsar med glede. 

Heile høgskulen skal no inn i ein ny kvardag der vi skal prøve å vende tilbake til eit mest muleg normalt liv. Men med den store skilnaden at vi veit at koronaen er der ute, ein eller annan stad.

Men då er det godt å vite at vi står saman om å gjere det vanskeleg for viruset i Volda.

Ha ei fin helg og lukke til med den komande studiestarten!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar