2021: Det var ikkje slik det skulle bli (oppdatert 13.1.2021)


Blogginnlegget vart oppdatert 13. januar med sitat frå HVL-rektor Gunnar Yttris helsingstale – sjå nedst.

Først og fremst: Godt nytt år til alle tilsette og studentar!

Men: Det er forvirrande og tilslørande stille i husa på Høgskulen i Volda om dagen. Forvirrande fordi: Det var ikkje sånn det skulle bli ved semesterstart! Vi skulle ha fullt køyr frå første dag. Stilla er også tilslørande, for alle fagtilsette har dei siste dagane kava med å bygge om undervisninga dei to første vekene av vårsemesteret 2021. Denne hektiske og kanskje frustrerande aktiviteten er ikkje synleg i ei tom kantine. Aktiviteten er synleg på Zoom i møte mellom fagfolk som nok ein gong ser dei fleste kollegene som frimerke på dataskjermen. Nei, det var ikkje sånn det skulle bli, no igjen.

Det er eit «himla styr» å få til dette, som eg sa til Khrono 3. januar. Beskjeden kom laurdag kveld, den 2. februar januar kl 22.30, berre få timar før semesteret skulle starte. Men det ser ut til at vi igjen står opp i ein alvorleg situasjon der smitten spreier seg svært raskt, så vi må nok tru på at meldinga kom så raskt det var råd.

Eg har full tillit til alle tilsette som på nytt har zooma seg inn på dei tusen omstillingane kvardagen krev har fått dei to første vekene under kontroll og at resultatet blir best muleg både for studentar og tilsette. Vi fekk det til i mars i fjor for eit heilt semester, så eg er sikker på at får det til minst like bra for denne og den komande veka. Eg er trygg på at alle tilsette gjer det dei kan for at studentane skal få best muleg undervisning og reknar med at også studentane ser at vi står i ein alvorleg og vanskeleg situasjon.

Ei stille kantine er trist – men syner at studentane er klar over alvoret.

Opp i dette skal vi ikkje gløyme at trass alt var vi heldige i Volda som fekk ein nesten 100 % smittefri haust. Det er berre å krysse fingrane for at vi er like heldige – og varsame! – i vårsemesteret 2021, og at det verkeleg berre unntakstilstand dei to første vekene av semesteret.

Vi har ting å gle oss til. Nytt i 2021 er at våre nye naboar i Volda Campus Sparebank1 Arena har flytta inn og vil gi meir god aktivitet på høgskuleområdet i åra framover. Til sommaren opnar Sivert Aarflot-huset dørene for nye generasjonar av mediestudentar. Og vi skal også pusse om Strøm-huset, få kunnskapspark og kanskje også symjehall. Vi gjer kanskje det same som nordmenn flest har gjort i koronatida: Vi bygger og pussar opp!

Nytt er det også at Høgskulen på Vestlandet (HVL) har fått ny rektor: Historikaren Gunnar Yttri tok til 1. januar. I sin innsettingstale 7. januar deklamerte han Bob Dylan-songen «Forever young» i ein mjuk nynorskversjon: «Må du alltid vera ung». Og det er oppløftande ord som er vel verd å dele i disse tider:

Må du alltid vera ung – sitat frå Gunnar Yttris helsing:

I all institusjonell historie og solid akademisk tradisjon; eg verdset det at Høgskulen på Vestlandet er ein ung institusjon. I våre tankar, ord og gjerningar kan det ungdommelege vera ei god kraft. Mange av våre studentar har med seg nett dette, ein vilje til å læra, ein vilje til å vera på veg, ein vilje å skapa noko nytt og betre, ein vilje til å dela, og ein ungdommeleg hang til å møta dagen, arbeidet og medmenneske med eit ope sinn, og å til å ringa inn det heile med leik og glede.
Musikaren, songskrivaren og Nobelprisvinnaren i litteratur, Bob Dylan, har i songen «Forever Young» skrive vers som rører ved dette. Eg vil gjerne at desse linjene er mi helsing til studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, og til våre mange gode samarbeidspartar og tilhøyrarar her i dag

Må du aldri gå i fare
Må livet gå din veg
Må du gjera godt for andre
Og la andre hjelpa deg
Må du sikta høgt og dristig
Og gjera alt med svung
Og må du alltid vera ung

Må du veksa og vera ærleg
Må du veksa og vera fri
Må du alltid vera trygg
Og sjå lyset på din sti
Må du alltid vera modig
Og sterk om dagen er tung
Og må du alltid vera ung

Må du alltid vera flittig
Må du vera lett på fot
Må du ha eit ankerfeste
Når vinden bles imot
Må du alltid kjenna glede
og høyra song i kvar ei stund
Og må du alltid vera ung

(Til norsk ved Olav Hamran og Gunnar Yttri)

Du kan høyre Yttri/Dylan 25 minutt inn i Youtube-filmen frå innsettingsseremonien til HVL, og både talen og resten av innsettingsseremonen er vel verd å få med seg.

Bilde frå Youtube-videoen frå innsetting av HVL-rektor Gunnar Yttri.

Med ønske om eit best muleg 2021!

Her er

Orientering til høgskulestyret, 10.12.2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.

Hausten 2020 var litt fin ogs¨å.

KORONA-situasjonen

Først og fremst må eg seie at vi i leiinga er svært glade for at studentar og tilsette har klart å gjennomføre eit tilnærma normalt haustsemester når det gjeld undervisning og rettleiing. For kvar dag som har gått utan smitteutbrot på høgskulen så kjennest det litt ut som vi har vunne ein liten premie. Men situasjonen er nok likevel mest slitande. Når vi no ser fram mot jul og det har blitt litt stille på høgskulen så pustar nok dei fleste letta ut over at det ekstra travle haustsemesteret er over.

Lokalt i Volda og på Sunnmøre har det vore nokre få smitta dei siste vekene. Samarbeidet med smittevernet i Volda kommune er framleis godt og det virkar som dei har god kontroll over situasjonen. Ingen studentar eller tilsette er smitta, men nokre få har vore i karantene. Høgskulen har likevel gjort nokre få førebyggande tiltak mot korona der det viktigaste kanskje er at vi avgrensa eller stoppa samlingar på slutten av 2020 og held fram med dette også i januar og februar – med nokre unntak som dekanane har mynde til å gi. 

Kriseleiinga har også bestemt at våren 2021, altså neste vår, skal det heller ikkje haldast skriftlege skuleeksamenar ved Høgskulen i Volda. Dette vert no innarbeidd i studieplanane for 2021 og det er ca 50 eksamenar som vert endra i desse dagar.

Vi er veldig spente på korleis det blir å starte opp att i januar 2021 når mange studentar har vore heime hos slekt og venner – og kanskje også i utlandet. Alle håper jo at koronaen ikkje skal blusse opp hos oss. Det er uvisse knytt også til karantene og karantenehotell.

Adventskonsert 2020: Helsing frå rektor

Dei siste strofene frå «Det lyser i stille grender» ved Høgskulekoret, Høgskulen i Volda.

Helsing frå rektor:

Eg vil med dette på vegne av Høgskulen i Volda – men også som publikummar, som lyttar, få takke studentar og lærarar, korsongarar og musikkar, dirigentar og musikklærarar for at de har gjeve oss denne adventskonserten.

For mange av oss er adventskonserten kanskje den aller første julegåva, og om den største gleda er å gjere andre glad, så håper og trur eg at vi alle kan vere litt ekstra glade på denne litt mørklagde novemberkvelden i vesle Volda.

Det var plass berre til 50 i voldakyrkja i dag – denne sunnmørskatedralen som eigentleg har plass til meir enn ti gongar så mange på sine benkar. Vi har grunn til å føle oss heldige og utvalde vi som fekk plass her i dag.

Her, på denne staden, på tomta som voldakyrkja står på, så har det truleg vore kyrkje sidan før svartedauden. Her var kyrkje då spanskesykja tok liv for 100 år sidan. Og her er kyrkje i dag.

Dei kom seg gjennom det før i tida også – vi kjem oss gjennom det – vi også.

Det har ikkje vore det same kyrkjehuset i alle desse åra. Kyrkjehusa har vorte rivne, her har vore brann og her var byggeplass i mange år. Så opplevinga av huset, av advent og om her har vore adventskonsert – det har nok vore så ymse.

Men det som har vore felles i 800 år er nok at når den mørke årstida tek grep, når regnet blindar oss og våren synes fjern – då har folk samla seg her  – søkt kvarandres selskap og sunge i lag.

Sjølv om allsong altså var forbode i år – men desto bedre at høgskulekoret syng for oss!

Songen og musikken vi har fått høyre i dag er både tidlaus – og tidsrett.

Det viktige er at vi har fått ei tid i lag har nok behov for det – å rive oss litt laus frå samtida, frå kvardagen. Og de som har framført musikken og sunge i koret trur eg også har opplevd akkurat det – å hoppe ut av tida og inn i musikken. Og der har vi vore i lag – den strenge koronameteren gjeld ikkje lenger – i musikken får vi kome så nær kvarandre som vi berre vil – og er det noko vi treng, så er det akkurat det.

De som har vore studentar i Volda i 2020 har fått eit år som de alltid vil hugse. Eit år som har hatt sine nedturar – men eg håpar og trur at akkurat denne adventskonserten berre var ein opptur. Ein opptur som de har gitt oss andre også, og som vi alle kan ta med oss inn i jula og vintermånadane som står framfor oss.

Så igjen: Takk for at vi ei stund har fått ein bit av noko, anna, noko tidlaust, kanskje evig, og for ord og tonar som vil gjere både kvardagen og kvar einaste dag framover eit lysare og mildare preg.

Lukke til på eksamen og ha ei god jul, kvar og ein!

Unødvendig og for strengt regelverk for avsetningar

Høgskulen i Volda har i åra 2013-2018 auka avsetningane frå små 13 millionar kroner til nesten 80 millionar kroner. I 2019 minka avsetningane noko, men i koronaåret 2020 ser det ut til at avsetningane aukar igjen. Dessverre. Dessverre, både fordi det betyr at vi ikkje har fått gjort alt vi skulle gjere, men dessverre også fordi regjeringa no ønsker å sette veldig strenge rammer og ein kort frist for oss til å bruke desse midlane.

Kva er avsetningar? På Høgskulen i Volda er avsetningar enkelt sagt løyvingar vi har fått for å gjennomføre oppgåver, og der vi ikkje har brukt opp løyvinga. Anten fordi vi driv godt og vore effektive og gjennomført oppgåvene og prosjekta innanfor rammene, men det kan også kome at prosjekta er forsinka. Svært mykje av avsetningane kjem også frå fagmiljø som har drive svært effektivt og med stor dugnads- og innsatsvilje og til dels snudd frå å ha dårleg økonomi til å samle seg opp store avsetningar. Avsetningar kan også vere eit teikn på at vi driv godt.

Slik er det på Høgskulen i Volda og slik er det på dei fleste andre høgskular og universitet. Avsetningane har auka i heile sektoren, og det likar ikkje Kunnskapsdepartementet, Riksrevisjonen og Stortinget. Vi snakkar i sum om fleire milliardar kroner og det er løyvingar som institusjonane har fått for å løyse oppgåver – pengane skal ikkje stå på bok.

Det kom likevel som ei overrasking for svært mange i sektoren då framlegget til statsbudsjett for 2021 kom: Her vart det presentert strenge og klare krav til høgskular og universitet om at i løpet av 2021 så må institusjonane få ned avsetningane til 5 prosent av løyving – elles kan – eller skal – midlane gå tilbake til statskassa. Om institusjonen har klare og konkrete investeringsplanar kan departementet godta at avsetningane er på over 5 prosent.

Her er brevet frå Kunnskapsdepartementet med reglement for bruk av avsetningane.

Khrono: «Krever ubrukte milliarder tilbakebetalt til statskassa» (12.10.2020)

I sektoren har framlegget frå regjeringa vekt stor oppsikt og fått mykje kritikk. Blant anna vert det peika på at dei gamle universiteta som har lov til å eige hus og andre eigedomar kanskje ikkje blir ramma av denne ordninga, fordi dei kan framskunde vedlikehaldsarbeid og investeringar på sine eigedomar. Høgskulen i Volda leiger det meste av sine hus frå Statsbygg og har heller ikkje denne mulegheita.

Høgskulen i Volda har i fleire år visst at vi har for store avsetningar, og har teke grepe for å gjere noko med det.

Som det går fram av figuren nedanfor har avsetningane ved Høgskulen i Volda auka kvart år frå 2013 til 2018. I 2012 var løyvingane til høgskulen på vel 250 millionar kroner og avsetningane på nokre få millionar – godt under 10 prosent av løyvinga. Men så har avsetningane auka jamnt og sterkt i åra 2013-2018 og har vore opp i nærare 25 prosent av løyvinga. Ei liknande utvikling har også skjedd hos svært mange andre institusjonar også.

Dette er grunnen til at Høgskulestyret i Volda i 2018 vedtok reglar som i praksis pålegg avdelingane og fellesadministrasjonen å bygge ned avsetningane – og det skulle skje over nokre år.

Her er saksutgreiinga og styrevedtaket (sak 58/17).

I styrevedtaket frå 2018 sette vi – litt forenkla – ei intern grense på avsetningane på 10 prosent av årsløyvinga. Sjølv denne terskelen var nok tungt å akseptere for mange, men no ser vi at departementet set ei grense på 5 prosent. Tidlegare har vi oppfatta departementet slik at institusjonane ikkje bør ha avsetningar på meir enn 15 prosent, så det er overraskande at det no kjem eit krav på 5 prosent.

Det er skuffande at departementet ikkje har hatt ein høyringsrunde med institusjonane om nivået på avsetningar og dei konkrete reglane som kom no i haust. Som mange har peika på: Dette gir oss mindre handlefridom og tvingar oss til å handle kanskje raskare enn godt er.

Kjetil Haugen ved Høgskolen i Molde skriv i ein kommentar i Khrono at denne hastverksregelen kan tyde på at marknaden fungerer «for godt».

Mi meining er at institusjonane sjølve burde få legge planar for korleis avsetningane skal byggast ned ut frå lokale forhold og behov. Høgskulen i Volda har lagt ein plan for dette og den burde vere god nok.

Høgskulen i Volda har svært store investeringsbehov både i 2021 og 2022:

  • Mediehuset treng inventar og medieteknisk utstyr. Dette er stipulert til ca 30 millionar kroner.
  • Hans Strøm-huset treng ei kraftig fornying: Ventilasjon, ombygging av lokala som Avdeling for mediefag flyttar ut av, og så har huset vorte nokre år. Truleg snakkar vi om minimum 30 millionar kroner her også, bygd på erfaringstal frå utbetringa av Henrik Kaarstad-huset.
  • Den heilt nye Campusutviklingsplanen inneheld mange spennande og viktige tiltak som vil vere kostesame å gjennomføre. Ombygging av kantine/biblioteksområdet er berre eitt av mange aktuelle prosjekt.

Summen av alle desse investeringsbehova blir truleg større enn avsetningane våre. Vi må ta høgde for at arbeidet med Hans Strøm-huset kan bli dyrare når vi og Statsbygg får tid til å detaljplanlegge prosjektet.

Med dei nye reglane kan vi bli dobbelt straffa om vi må sende tilbake pengar til statskassa fordi vi ikkje rekk å planlegge – eller får godkjent investeringsplanar: Først ved at vi faktisk skal gjennomføre prosjekt som har vorte utsett, men kanskje med mindre pengar å rutte med. For det andre ved at når vi faktisk skal gjennomføre investeringane så er pengane borte.

Derfor håpar og trur også at vi kan få ei eingongsløyving til medieteknisk utstyr i mediehuset – det er viktig for oss og for norsk medieutdanning og det er alt for enkelt å tru at med store avsetningar så har vi råd til «alt» eller at det er lett for oss å finansiere utstyr til det nye mediehuset med avsetningane vi alt har.

Orientering til høgskulestyret, 29.10.2020

Høgskulen har styreseminar og styremøte i oktober 2020 på Quality Ulstein Hotell. Bilde frå styreseminaret.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.

KORONA-situasjonen

Statsråd for forsking og høgare utdanning Henrik Asheim hadde i går tidleg møte med UH-sektoren om smittesituasjonen. Han gjorde det der klart at det ikkje er aktuelt med nedstenging av høgskular og universitet no. Det vert opp til lokale smittevernmynde å vurdere kva tiltak som er nødvendige, så høgskular og universitet blir oppmoda til å ha tett kontakt med sine kommunar for å vurdere aktuelle tiltak.

Det har ikkje kome referat frå møtet frå Kunnskapsdepartementet, men slik eg tolka møtet så vert avstandskrava på ein meter oppretthaldt for undervisning, så vi kan ikkje ta inn fleire studentar i undervisningsroma enn vi ha ri dag.

Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda har no møte 1-2 gongar i veka. Vi har i det siste gjort to beslutningar som kan nemnast særskilt:

For det første har vi bestemt at alle eksamenar etter 1. november blir digitale. Det blir altså ikkje skriftlege skuleeksamenar. Dette er også kommunisert på våre nettsider og i andre kanalar, blant anna gjennom media.

Ny doktor: Kim-Daniel Vattøy

Helsing til Kim-Daniel Vattøy i høve disputasen 23.10.2020. Disputasen vart gjennomført som videokonferanse der Vattøy deltok frå kontoret sitt på Høgskulen i Volda. Og etter disputasen vart disputasen markert med ei samling i kantina.

Les omtale av disputasen på nettsidene våre.

På vegne av alle tilsette og studentar på Høgskulen i Volda har eg den store gleda av å gratulere deg med ein framifrå gjennomført doktordisputas. Eg vil også gratulere professor Siv Måseidvåg Gamlem, HVO, som i lag med professor Kari Smith, NTNU, har vore rettleiarar. På kandidaten kjenner ein professoren blir det sagt.

Om vi ikkje akkurat skal takke for at vi har fått korona, så skal vi alle fall seie at utan korona så hadde ikkje NTNU rigga opp videooverføring og gitt så mange av din familie, dine kolleger og venner på Høgskulen i Volda fått med seg disputasen.

Prosjektet ditt er sterkt inspirert av masteroppgåva di, og det håper eg alle som tenker i retning av eit doktorgradsprosjekt legg merke til. Det er eksemplarisk å tenke slik, og bore vidare, å gå i djupna på eit tema som du har vorte interessert i. Då kan vegen framover mot eit djuptgåande doktorgradsprosjekt og ein etterlengta disputas bli god! Det må også leggast til at eg du fekk kraftige og oppmuntrande dytt frå fagmiljøet på engelsk ved Høgskulen i Volda – eit fagmiljø som du har vorte eit fullverdig medlem av.

Kulturmøte (1875): Ivar Aasen og «Heimsyn»

Helsing til forskarseminar: «Kulturmøte og interkulturell kommunikasjon»Samling på Sæbø, 22. oktober 2020.

Masterstudiet «Kulturmøte» ved Høgskulen i Volda omtalar seg sjølv slik:

«Med utgangspunkt i faga historie og religion, er Master i kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og i notida.»

Det er fagmiljøa på Institutt for historie (ASH) og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag som deler på ansvaret for masterutdanninga. På seminaret «Kulturmøte og interkulturell kommunikasjon» på Sæbø 22. og 23. var forskarar frå miljøa samla i lag med forskarar frå fleire andre høgskular og universitet. Det er kjekt at det faktisk går an å arrangere slike forskarmøte i desse koronatider, og når seminaret er på Sæbø veit vi at då har spesielt tilreisande deltakarar fått ein ekstra dimensjon på seminaret gjennom opplevinga av å kome til sjølve Fjord-Noreg.

I vår omskiftelege tid er kunnskap og medvit om kulturmøte livsviktig både for kvar einskild av oss, men også for demokrati, kommunikasjon og vitskap.

Ivar Aasen hadde noko verdfullt å seie også om dette. I 1875 gav han ut boka «Heimsyn», som hadde undertittelen: «Ei snøgg Umsjaaing yver Skapningen og Menneskja, tilmaatad fyre Ungdomen». Boka vart gitt ut med anonym forfattar. Ut frå tittelen får ein inntrykk av at det er ei lærebok, så antakelig hadde ikkje boka scora så høgt i dagens tellekantsystem. Men boka inneheld likevel interessante og viktige bidrag – også i eit Kulturmøte-perspektiv.

Kapittel nr 6 i boka heiter «Um Menneskja» og etter mange sider av beskrivande slag sluttar kapittelet med at Aasen kjem med sine vurderingar av ulike folkeslag. Eller heller: Vurderingar av vurderingar av ulike folkeslag og kven som har rett til å kalle andre for «villmenn». Og i konklusjonen er Aasen veldig klår:

Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk, so hava me ingen Rett til aa vanvyrda deim, um dei ikkje era heilt upp slike, som me vilde, at dei skulde vera.

Så vi kan kanskje seie at tankar om Kulturmøte heilt sikkert kan førast attende til Ivar Aasen i 1875, noko som kan vere verdt å minnast sidan Ivar Aasen er ein av dei intellektuelle forfedrene som Høgskulen i Volda reknar som viktig for si historie.

Slikt kan også vere viktig å ta med seg i desse tellekant og NOKUT-tider og i alle fall på eit seminar som har kulturmøte og interkulturell kommunikasjon som tema.

Heimsyn har ei eiga side på Aasentunets nettsider – der kan ulike utgåver av boka lesast.

Her er heile avsnittet frå «Heimsyn»:

Millom dei mange Folkeslag utyver Jordi er sume fjølmennte og megtuge, og sume faamennte og litet vinnande. Um nokre Ætter heiter det, at dei veikna
og minka av; og um sume av deim heve det og voret sagt, at dei hava so litet Vit, at dei ikkje era fullføre til nokon Trivnad elder Framgang. Men me faa no ikkje tru alt, som me høyra um slike Ting; for slike Smaafolk hava no jamnan den Uheppa, at
dei verda vanvyrde av dei storlaatne Framandfolk, som ferdast imillom deim, og som alltid vilja tru, at deira eigen Husbunad er den einaste sømelege, og at alt annat er berre Vyrdløysa og Villmannskap.

Vistnog er der vel ymse Folkeslag, som liva i myken Villskap med ymis Utru og Used; men so høyra me ogso Merke paa, at dei sokallade Villmenner paa ymse Stader kunna hava mange store Dygder og derimillom ein stor Vyrdnad fyre Rett og Sanning etter den Lærdom, som dei eingong hava fenget.

Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk, so hava me ingen Rett til aa vanvyrda deim, um dei ikkje era heilt upp slike, som me vilde, at dei skulde vera.

Sivert Aarflot-huset: Grunnstein, hjørnestein, merkestein

Talar i høve nedlegging av grunnstein for Sivert Aarflot-huset, 1.10.2020.

Nedlegging av QR-grunnstein. Frå venstre Jens Kristian Hersløv, Statsbygg, Johann Roppen, rektor og Lars Ole Tomren PEAG/K.Nordang. Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.

Omtale av grunnsteinsnedlegginga på www.hivolda.no.
Video frå Nærnett si strøyming frå grunnsteinsnedlegginga.
Lenka som den digitale grunnsteinen peikar til.

Dette er ein merkedag for Høgskulen i Volda, for studentar og for tilsette. Og særleg for tilsette og studentar på Avdeling for mediefag. Det er helst dei som kjem til å få sin arbeidsdag i dette huset når det opnar neste sommar. Men huset er for heile høgskulen, for Volda og for Noreg.

Eg er difor glad for at mange som har valt å vere med på denne symbolske handlinga, på denne merkedagen.

Ein merkedag og ein grunnstein er begge forsøk på å fange sjøve tida.

Og kva er vel meir varig og evig enn – stein? Så vi kan ha forventningar til at ein grunnstein er varig.

Så det er mitt og alle på HVO sitt ønske at denne merkesteinen, denne grunnsteinen, skal «standa lika traust» som fjella i syningom, som Ivar Aasen seier i diktet «Dei gamle fjelli».

Nedsetting av ein grunnstein er altså ei ytterst symbolsk handling, ei markering av fellesskap om bygging av eit hus.

Helsing i høve tildeling av HVOs FoU-pris for 2020: Inger Marie Okkenhaug

FoU-prisvinnar 2020: Professor Inger Marie Okkenhaug. Foto: Tone Solhaug.

«She Loves Books & Ideas, & Strides along in Low Shoes Like an Englishwoman»

Denne tittelen er henta frå ein av dei mange publikasjonane til årets FoU-prisvinnar ved Høgskulen i Volda. Passar tittelen også på prisvinnaren? Delvis. Bøker og tankar likar ho. Om ho likar seg best i lave sko er eg ikkje heilt sikker på og engelsk er ho ikkje. Men det er definitivt slik at ho «strides along» på den globale forskings- og kunnskapsarenaen.

I publiseringsdatabasen Cristin står årets prisvinnvar oppført med over 161 arbeid – dei aller fleste av dei på engelsk og mange på høgt verdsette internasjonale forlag og tidsskrift. 

«So she strides along and writes like an Englishwoman.»

Årets prisvinnvar fekk tittelen dr.art ved UiB i 1999:  Avhandlinga heitte «The quality of heroic living, of high endeavour and adventure: Anglican mission, women and education in Palestine, 1888-1948». Også hovudoppgåva handla om den same delen av verda og den same tida.

Den internasjonale og til dels globale orienteringa finn vi igjen i titlane i bøkene og artiklane ho har skrive. Ho har besøkt og forska i ei rekke land:

Noreg og Sverige. Og Tyrkia – store delar av det ottomanske riket. Balkan, Armenia, Libanon, Palestina, Syria, Uganda og andre land i Afrika, Kina og  USA. Ho skriv om byar som Bergen, Jerusalem, Aleppo, Fancheng  i Kina, New York, Minneapolis, Chicago.

Men også Tysfjord og Inntrøndelag.

Kva er det ho vil i alle desse landa, denne produktive historikaren vi snart skal møte? Ho vil nok seie det sjølv på ein langt betre måte enn eg klarer, men enkelt sagt skriv ho om kulturmøte. Og særleg om kulturmøte mellom religionar, kvinner og menn. Eller kanskje meir avgrensa: Skandinaviske kristne kvinnelege misjonærar og lærarar i møte med andre språk, religionar og kulturar.