Orientering til høgskulestyret, 10. september 2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.


I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.

***

Alle studentar og tilsette har fått merke at vi har fått nytt system for tilgangskontroll, altså nøkkelkort, til høgskulen. Det er same type som i mediehuset. Det er eit kjempestort prosjekt som berre måtte gjennomførast trass i alt anna som skjedde samtidig. Det ser ut til at prosjektet har vorte gjennomført på ein god måte og i neste fase vil nøkkelkorta bli bytta ut med tilgang via mobiltelefon.

NOKUT-tilsynet med høgskulens kvalitetssystem skrid framover. NOKUT kjem ikkje på besøk til Volda, men slik det ser ut no blir det 3. og 4. november digitale møte med NOKUTs representantar.

Høgskulestyret skal ha orientering om nokre faste saker i kvart møte – men denne gongen får styret orientering om dei faste sakene på det vanlege sakskartet:

  • I saka om opptak på alle utdanningane får vi også orientering om opptak til lærarutdanningane. 
  • Vi får ei eiga orientering om framdrifta i arbeidet med mediehuset. 
  • Korona er i høgste grad aktuelt og står også med ei eiga sak på dagsorden. Eg kan i denne samanhengen informere styret om at vi prøver å få til internasjonalisering, studentutveksling, våren 2021. Søknadsfrist er 1. oktober, men avgjerd på om dette faktisk blir gjennomført og korleis tek vi før 1. november. 

Når det gjeld strukturprosessen og samarbeid med andre institusjonar så er det lite anna å melde enn at vi held fram med samarbeida som alt er i gang, men det er neppe tida for å prøve på så mykje nytt no. Heile sektoren har nok med å halde i gang tilnærma normal aktivitet.  

  • Vi har ikkje høyrt noko meir frå Universitetet i Bergen når det gjeld muleg forlenging av samarbeidsavtalen som gjekk ut i fjor. Samarbeidet med Universitetet i Bergen om Norsk ordbok og språksamlingane held fram.
  • Vi har rekordstor søking med heile 90 studentar som har sagt ja til å delta på vidareutdanninga «Leiing i helse- og sosialtenesta», også kalla LIHS. Dette er eit mangeårig samarbeid med Høgskolen i Molde og NTNU i Ålesund med Volda som koordinerande instiusjon hausten 2020 og 8 samlingar i Volda.
  • Fellesgraden i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde går jamt og trutt, og vi ventar framleis på den første disputasen i Volda.
  • Fjordkonferansen og Fjordantologien er no inne i ein ny fireårssyklus der Høgskulen i Volda har eit koordinerande ansvar. Dei tre andre institusjonane som er involverte er Høgskolen i Molde, NTNU i Ålesund og Høgskulen på Vestlandet. Sparebanken Møre held fram samarbeidet med konferansen og bokutgjevinga og har gjeve tilsagn om tilskot også for i år og dei tre neste åra. Det set vi stor pris på. Fjordkonferansen blir arrangert i Loen i november, så sant det er forsvarleg. I 2021 blir konferansen truleg arrangert i Molde.
  • Vi held også fram dei regionale samarbeida med iKuben i Molde, Skaparhuset i Ulsteinvik og vi er til stades i Norsk maritimt kompetansesenter i Ålesund gjennom Ålesund kommunes prosjekt Framtidslaben.
  • Vi er også med i arbeidet med ny Forskings- og innovasjonsplan for Møre og Romsdal fylke ved at rektor er med i styringsgruppa.  

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar