Orientering til høgskulestyret, 23. april 2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på våre nettsider.

Første styremøte på Zoom for Høgskulen i Volda: Torsdag 23. april 2020.

Lenke til styrepapira til møtet.
Video frå møtet (er tilgjengeleg i ca 2 veker etter møtet).

I denne orienteringa vart tre tema omtala:

  • Koronakrisa
  • Studentrekruttering våren 2020
  • Byggeprosjekta på høgskuleområdet

Koronakrisa

På førre styremøte 5. mars vart korona berre kort nemnt – men vi hadde alt då hatt ein viss beredskap. Ei veke etterpå, torsdag 12. mars, vart det slått full nasjonal alarm og vi hadde då stengt høgskuleområdet og få dagar seinare var all undervisning over på nett og alle eksamenar var gjort om til netteksamenar. Det gjaldt 200 av 400 eksamenar og er naturlegvis eit svært krevande arbeid for alle som har vore involverte i det. Vi ser no også framover mot studiestart i august 2020 og haustsemesteret 2020. Vi er veldig usikre på om det blir studentutveksling hausten 2020, og eventuelt i kva omfang.

Hos oss og andre høgskular og universitet er det jo slik at dei overordna rammene for undervisning og eksamen i haust må vere på plass alt no. Men tilsette er bekymra over kva som er faktisk muleg å gjennomføre og det er kanskje vanskelegare å gjennomføre eit 100 prosent digitalt haustsemester enn eit vårsemester der vi var kome ca halvvegs gjennom semesteret då krisa traff oss.  

Like før påske kom det melding frå regjeringa om at UH-institusjonane kunne delvis opne opp for studentar . Det gjeld berre på nokre medie- og kunstfag og berre studentar som er i sluttfasen av sine gradsstudium og er avhengige av til dømes spesialrom for å fullføre. Vi har denne veka behandla interne søknader om tilgang og ca 20 studentar på to avdelingar får tilgang frå 27. april. Dette er også godkjent også av smitteverntenesta i Volda kommune. 

Studentrekruttering våren 2020

I pandemiplanen har avsluttande eksamenar førsteprioritet. Andreprioritet har opptak av nye studentar. Og rekruttering av studentar er ein viktig del av dette arbeidet – utan rekruttering – ikkje noko opptak. Eg skal difor seie litt om kva rekrutteringstiltak vi har gjort i vår. På neste møtet i juni vil styret få ein rapport om samanhengen mellom rekrutteringstiltak og faktisk søking. Tala frå samordna opptak blir offentleggjorde fredag 24. april og vi kjem til å legge ut informasjon om våre lokale tal så snart vi har lov til det på www.hivolda.no.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar