Helsing til nye studentar

Helsingstalen for studieåret 2020-2021 vart i år formidla på ein video som kom i staden for ei felles opningshøgtid. Sjå videoen her.

Opningshelsing 2020 – på video. Produsert av voldafirmaet Oclin.

Read the speech in English

Det er ei stor glede for meg og alle andre tilsette på høgskulen å få ønske deg velkomen hit til Høgskulen i Volda og til Studiebygda Volda.

Med vårt engelske motto seier vi at Volda er «The place You’ll never forget». Kvar og ein av oss må gjere vårt beste for at både vi sjølve og folk rundt oss skal få gode minne frå tida i Volda.

Når du har valt Volda så kan det vere trygt å vite at mange andre har tenkt på same måte: Vi har fleire studentar enn nokon gong før, og dei aller fleste finn ut at dei finn seg spennande jobbar med ei utdanning frå Høgskulen i Volda. Når du går rundt på høgskuleområdet så vil du sjå at her skjer det ting, og meir skal skje. Studentsamskipnaden har i 2020 opna to nye studentheimar. To store hus reiser seg på høgskuleområdet: Ein idrettshall med klatrevegg som opnar til jul. Og om eit år opnar det nye huset der medieutdanningane skal halde til. Eg håper kan bli Verdas beste mediehus!

Vi er ein liten høgskule. Undervisninga er spreidd på mange ulike hus på høgskuleområdet. Og du kan gå til det meste i Volda. Så kanskje slepp vi lettare unna koronaen enn andre stader. Men til sjuande og sist kjem det likevel berre an på oss sjølve og kva kunnskapar vi skaffar oss og brukar om viruset, sjukdomen og krisa.

Korona-pandemien er ei av dei store samfunnsutfordringane i vår tid, i lag med andre utfordringar som miljø, ulikskap og fredsarbeid. Samfunnsutfordringane kan berre løysast gjennom at vi skaffar, deler og brukar kunnskap. Slik sett er ikkje handtering av koronakrisa ulik andre store samfunnsutfordringar.

Og slik kunnskap kan få på utdanningane ved Høgskulen i Volda. Kunnskap som ikkje berre gir deg jobb etter studiet, men også kunnskapar for framtida, for lære heile livet:

I Volda kan du bli lærar, sosialarbeidar, medie- eller kulturarbeidar, ta leiarutdanning eller fordjupe deg i humaniora.

La meg ta eitt døme frå historiefaget: Kunnskapar om spanskesjuka frå hundre år tilbake har vorte svært så aktuell kunnskap. På grunn av korona.

Men korleis skal ein gå fram for å lære for livet, korleis får ein kunnskapar for framtida? Det får du gjennom samskaping med medstudentar og lærarar. Så ha forventningar til deg sjølv om at du skal bidra til di eiga og andres kunnskapsbygging ved å vere aktiv, nyfiken, spørjande, kritisk – og delande.

Tenke globalt. Handle lokalt blir det ofte sagt. Og gjeld også for deg som student på høgskule. Ta vare på deg sjølv. Og ta vare på deg sjølv ved ta vare på andre.

Og spesielt i år: Ta vare på deg sjølv og andre ved å følgje reglane som til dømes ein meters avstand. Kor mange som har lov til å vere i eit klasserom samtidig. Hald avstand i kantina og på biblioteket. Og så vil det heilt sikkert kome andre råd, reglar og påbod. Hjelp og støtt kvarandre med å følgje med på, dele og følgje reglane og dele kunnskapen. Det kan vere livsviktig.

Sunnmøre har fleire reisemål i verdsklasse. Du har no lett tilgang til skarpe tindar, ville vindar og reint vatn i store mengder. Men fjella på Sunnmøre krev liv kvart einaste år. Så ta vare på deg sjølv og andre. Også på dette området: Skaff deg kunnskapen som trengst både for å ferdast trygt – men også for å få best muleg opplevingar av eit stykke Noreg som vil gi deg minne for livet. 

Lukke til med studieåret 2020-2021!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.