«Ein høgskule opnar seg» – Campusutviklingsplan nr 2

Høgskulen fekk sin første campusutviklingsplan i 2015 og den andre i 2020. Begge planane finn du på nettsidene våre. Kva kan vi vente av den nye planen?

Høgskulestyret har førebels sagt sitt og godkjent den nye campusutviklingsplanen for Høgskulen i Volda. Campusutviklingsplanar må høgskular og universitet ha for å tenkje gjennom og vurdere korleis dei skal utvikle seg vidare i tråd med lokale behov og nasjonale føringar.

I forordet til planen var det veldig passande å ta utgangspunkt i eit dikt av Jon Fosse for å prøve å fortelje kva planen djupast sett handlar om, så her er heile forordet:

Forord:

eit andlet opnar seg
over sjøen
fjella
og bakkane eit andlet opnar seg
med skyer og vind i håret eit andlet opnar seg
(Jon Fosse, «Stein til stein»)

Bytt ut «eit andlet» med «ein høgskule» i dette utdraget frå Jon Fosses dikt, og mykje er sagt om kva Høgskulen i Volda ønskjer med denne planen:  … eit andlet opnar seg … ein høgskule opnar seg.

«Perler på ei grøn snor» er orda rådgjevarane frå Statsbygg vel for å beskrive rekketunet som husa, markane, vegane og ja heile høgskulen utgjer, der han ligg mellom elvar og bakkar, opnar seg mot sjøen og fjella, skyer og vind. 

Vi vil også opne oss mot lokalsamfunn og region, både for ferdafolk, til og frå, men også mot dei mange nye grannane våre som vi saman skal finne nye måtar å leve og vekse i lag med.

Og kvarandre: Korleis opne opp vårt eige og kvarandre sine andlet? Korleis finne både dei fysiske og … andre … rom … som opnar for tanken, for læring, for kunnskap. I lag med kvarandre. Studentar og tilsette.

Og til og med midt i pandemien har vi kvarandre. Ingen veit kva den vil gjere med våre andlet med tida, men aleine er vi ingenting. I lag er vi alt.

I arbeidet med planen har vi vore mange i lag: Takk til dei mange høgskuletilsette, samarbeidspartar, Statsbygg og deira konsulentar for godt samarbeid i arbeidet med planen!

Eg håper Jon Fosse kan hjelpe oss alle til å starte med å tenke høgt. Ord som campusutvikling og arealnorm, utnyttingsgrad og bygge- og leiesaksinstruksen står uansett og trippar på dei neste sidene – dei kjem nok også til sin rett.

God lesnad!
Johann Roppen
Rektor, Høgskulen i Volda

Styrevedtak og oppføljing

I høgskulestyret vart det ingen lang debatt om planen, men dei som tok ordet var i grunnen godt nøgde med planen.

Framlegget frå direktøren vart vedtatt utan endringar:

  1. Styret vedtar framlegget til ny campusutviklingsplan for Høgskulen i Volda, og takkar prosjektgruppa og andre bidragsytarar for eit grundig arbeid.
  2. Styret ber administrasjonen følgje opp innhaldet i campusutviklingsplanen med følgjande prioriterte oppgåver:
    a. Ombygging av Hans Strøm-huset
    b. Fleire areal for uformell sosialisering og studentaktiv læring, både inne og ute.
    c. Kartlegging av spesialrom for å sjå om det er mogleg med meir sambruk.
    d. Utarbeide arbeidsplassrettleiar for ulike stillingstypar
    e. Bidra til at Norsk innovasjonssenter blir realisert på høgskuleområdet
    f. Utvikle betre fasilitetar for syklistar og gåande.
    g. Arbeide vidare med betre parkeringsløysing.

For meg virkar det klart at punkta arbeidet med ombygging av Hans Strøm-huset både hastar mest og truleg er mest kostesamt for høgskulen. Og her er planlegginga i gang.

Dei andre punkta frå b) til g) er ikkje i prioritert rekkefølgje men vil dukke opp i åra framover i ulike samanhengar – som til dømes i den årlege budsjetthandsaminga.

Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Status pr 2021: INNLEGGET ER UTDATERT!

Mykje av det som står i dette innlegget er ikkje lenger rett, og mykje har skjedd sidan det vart skrive, så ikkje stol på at alle fakta her lenger er rette. Les heller det nye innlegget frå 2021 der status for prosjekta i dette innlegget er oppdatert – og nye prosjekt er tilføya!

Høgskuleområdet*) ved Høgskulen i Volda har starta på ei enorm vidareutvikling som i løpet av fire-fem år vil gi eit kraftig løft både av høgskulen, Volda sentrum og heile regionen. Dei samla investeringane i Studiebygda kan kome opp i heile 3/4 3 milliardar kroner.
 Talet må takast med nokre klyper salt, for ein god del av dette er planar – som kan bli endra, utsette eller stoppa. Og ein veit ikkje heilt sikkert kva ting kostar før siste rekning er betalt. Men mykje pengar blir det. Om ein også reknar med Voldatunnelen til dei samla utbyggingane så kan vi faktisk doble beløpet – då kan det ein gong etter 2021 ha blitt bygd for til saman 1,5 3 milliardar i gangavstand frå kantina i Berte Kanutte-huset.
 
Utvikling er nødvendig og bra og eg er heilt sikkert på at både tilsette, studentar, tilreisande og folk flest er glade for at det skjer nybygging og utvikling av den største høgskulen i Møre og Romsdal.
 
Alternativet til ny- og utbygging er ikkje så lysteleg.
Alle byggefasar vil by på sine vanskar og overgangsproblem, men då er det viktig å tenkje på at resultatet er at ting skal bli betre etterpå.
Fortsett å lese Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Status pr 2021: INNLEGGET ER UTDATERT!