Orientering til høgskulestyret, styremøte 11. juni 2020

Høgskulen har jo forventningar på seg frå Kunnskapsdepartementet om å bli meir relevant for lokalt næringsliv, og eitt bidrag i så måte er samarbeid med Ålesund Kunnskapspark om kurstilbod til permitterte og arbeidslause på grunn av koronakrisa. Vårt bidrag er eit kurs i Personalleiing for mellomleiarar. Kurset vart fullteikna og fekk venteliste sjølv om det var nokså kort søknadsfrist.

Vi fekk ei gledeleg melding tysdag 2. juni. NOKUT konkluderte då positivt på høgskulens søknad om akkreditering av master i barnehagekunnskap. Den fulle tittelen på masteren er: «Master i barnehagekunnskap – ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø». På vegne også av høgskulestyret vil eg gratulere fagmiljøet og mange involverte tilsette med godt fagleg arbeid, og vil også takke NOKUT for ei positiv fagleg vurdering av tilbodet. Høgskulen i Volda er ein av få barnehagelærarutdannarar som ikkje har master, så eg håper og trur at vi kan få dette til å bli ei god utdanning på alle måtar. Det er stort behov for høgare kompetanse i barnehagesektoren i regionen, både blant private og offentlege barnehagar. Høgskulestyret har tidlegare vedtatt ein studieportefølje der master i barnehagelærarutdanning var med, med atterhald om akkreditering. Med 30 nye studieplassar til barnehagelærarutdanning reknar eg med at det også kan bety at finansieringa kan vere på plass.

I sektoren rundt er det akkurat denne veka stort fokus på innspela til ny UH-lov. Høgskulestyret i Volda delte seg slik at eit fleirtal på sju gjekk inn for hovudtrekka i tilrådinga til fleirtalet i Aune-utvalet, noko som betyr støtte til ein modell med ekstern styreleiar og tilsett rektor. Dei fire faglege representantane i styret, inkludert rektor, røysta i mot dette. I eit oversyn i nettavisa Khrono ser vi at det er stort sprik i sektoren på dette punktet, med ei tredeling der om lag like mange institusjonar støttar framlegget frå Aune-utvalet, går i mot Aune-utvalet og mange har valt å ikkje ha ei meining om dette. Sjølv merkar eg meg at dei største institusjonane som har valt rektor; Universiteta i Oslo, Bergen og Agder ønskjer å halde fram med ei slik ordning, og då vurderer eg det slik at resultatet vil bli at også i framtida vil vere to ordningar i sektoren. Men dette skal altså Stortinget bestemme når lova blir vedtatt, og det skjer truleg våren 2021.

Til orientering så vart Høgskulen i Voldas høyringssvar sendt inn innan fristen 5. juni, og heile svaret kan lesast her (pdf).

NB! Feil versjon av brevet vart lagt ut først – her er rett versjon.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar