Flyplass og studiestad, eller: «Ein student og ein gris»?

Det beste teiknet på kva gode kommunikasjonar har å seie for Høgskulen i Volda er Eiksundsambandet og Kvivsvegen. Etter at vi fekk desse to viktige sambanda auka talet på studentar ved Høgskulen i Volda med nesten 50 prosent. Frå vel 3.000 studentar i 2008 til rekordmange 4.500 studentar i 2019. Og hausten 2020 ser det ut til at vi får endå fleire studentar. Eigentleg har vi for mange studentar i høve til grunnfinansieringa vår. Eit steg i rett retning er at regjeringa styrka budsjettet vårt med eit beløp tilsvarande 100 nye studieplassar på grunn av koronakrisa, og vi håper at vi får beholde desse midlane også når krisa er over. For regionen treng større kapasitet i høgare utdanning.

Utdanningsstatistikken fortel at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ligg klart under landsgjennomsnittet målt etter andel av befolkninga som har høgare utdanning. Vi er blant dei lågaste 1/3 av fylka målt etter del av befolkninga over 16 år som har høgare utdanning. Når vår region likevel scorar godt på innovasjon, produktivitet og eksportverdi så står ikkje det i motsetning til satsing på høgare utdanning. Tvert i mot syner det at vi har eit potensiale for å få endå betre resultat i framtida gjennom utdanning, forsking og utvikling.

Henta frå Fylkesstatistikk for Møre og Romsdal 2019: Utdanningsnivå.

Men utviklinga går seint. Sjølv er eg mest uroleg for at vi i Møre og Romsdal ser ut til å sakke meir og mer akterut i høve til landsgjennomsnittet når det gjeld andel av befolkinga som har lang høgare utdanning, altså 5-årige utdanningar på masternivå. Høgskulen i Volda gjer sitt ved å utvikle stadig fleire tilbod på masternivå, men vi har diverre svak finansiering av desse utdanningane. Vi meiner likevel det er viktig å utvikle mastergrader. Både fordi vår region treng fleire med masterutdanning, men også fordi det gjer Høgskulen i Volda til ein meir fagleg spennande arbeidsplass.

Masterstudentar er eldre enn bachelorstudentar, mange av dei har stifta familie og tek kanskje masterutdanninga ved sidan av jobb. Gode kommunikasjonar blir dermed ekstra viktig, anten vi no snakkar om vegar, ferjer, buss – eller fly. Vi har masterstudentar som nyttar alle desse ferdselsmåtane.

Gode kommunikasjoanr er viktig også for at den tradisjonelle heiltidsstudenten skal få ei god studietid. Anten det no handlar om å handtere heimlengt, reise på utveksling eller å få ta seg ein luftetur i inn- eller utland. Studentar reiser ofte og gjerne, i alle fall når det ikkje er koronatilstander.

Eit par studentar eg nett snakka med var døme på den moderne, reisande studenten: Dei to var eit par, som no studerer i lag i Volda. Begge kom frå ein større by i Noreg. Kvinna tok eit heiltidsstudium i Volda. Men mannen i paret var faktisk på utveksling til eit studium i ein annan studentby. Men då studiet vart koronstengt og digitalisert så reiste han naturlegvis til kjærasten i Volda og heldt fram med å studere på nett. Nett er bra, men folk i levande live er best – og spesielt kjærasten, vil eg tru.

Men kvifor valde dei Volda? Ein viktig grunn for desse og andre voldastudentar er at her er det kort veg både til pudder-paradis på Stranda eller i Hornindal – og kort veg til surfe-strender på Stadlandet og Flø. Kvivsvegen eine retninga og Eiksundtunnelen i den andre retninga.

Så igjen: Gode regionale kommunikasjonar gjer det meir attraktivt å studere i Volda og i Møre og Romsdal. Det kviler eit tungt ansvar på oss alle for å sikre at det blir slik også i framtida.  

Studentane og lærarhøgskulen var viktig for voldinganes privatøkonomi – også i 1924. Bilde henta frå «Hilsen fra Volden», band I.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar