Flyplass og studiestad, eller: «Ein student og ein gris»?

Høgskulen i Volda: Ikkje langt til surfing på Flø.

Det vart tidlegare sagt at «Ein volding overlever fint på ein student og ein gris». Men slik er det ikkje lenger. Grisen er borte, og studentane deler no Volda med alle andre kommunar i regionen. Stadig fleire høgskuletilsette og studentar dagpendlar til Høgskulen i Volda. Det er fordi dei kan, på grunn av betre vegar. Dette er viktig fordi dei som tek kortreist utdanning også blir verande i regionen etterpå, i langt større grad enn dei som flyttar bort for å ta utdanning. Professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda har levert overtydande dokumentasjon på dette i fleire forskingsarbeid.  Møre og Romsdal er prega av fråflytting, og styrking av kommunikasjonar og styrking av høgare utdanning er to sider av same sak for å prøve å snu denne utviklinga.

På samferdselspråk betyr dette at gode studiestader er avhengige av gode vegar, eit godt kollektivtilbod, men også gode flysamband for å vere interessante for studentar og tilsette.

Så vi bør nok vri litt på ordtaket: «Volda overlever fint på studentar og ein Dash frå Widerøe.» Men no er Dashen i fare gjennom rutekutta vi har sett dei siste åra.

Høgskulen i Volda har gjennom 50 år hatt stor glede av at Hovden flyplass ligg 10 minutt unna inngangsdøra vår. Særleg dei åra vi hadde 5-6 daglege turar til Oslo var det lett å hente inn og sende ut flinke fagfolk. Også professorarar vil gjerne reise til og frå på dagen, så sant dei kan. Våre interne teljingar tyder på at på dei fleste flyavgangar frå Hovden så sit det ein eller fleire høgskuletilsette. Ca 80 prosent av flyreisene våre tilsette tek går over Hovden. Studentane har også vore flittige brukarar av flyplassen, både når dei skal flytte inn på hybelen i Volda, men også for å reise på studieturar, utveksling, eller heim til mor. Rundt 1/3 av våre studentar kjem ikkje frå Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane, og særleg for dei er gode flyruter viktig. Det er difor alvorleg for Høgskulen i Volda når rutetilbodet på Hovden blir dårlegare. Det ville vere svært ille om det ikkje blir bygd opp att etter koronaen.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar