Orientering til høgskulestyret, 23. april 2020

Studentrekruttering – marknadsføring av våre studietilbod har vore eit prioritert område i mange år på Høgskulen i Volda og vert samordna av kontor for kommunikasjon i tett samarbeid med avdelingane og studieadministrasjonen.

Det aller meste av aktiviteten skjer på digitale plattformer, men vi er til stades på utdanningsmesser like mykje som før og brukar også noko ressursar på trykt informasjon, men vi trykker ikkje lenger opp ein fullstendig studiekatalog. Utdanningsmessene vart gjennomført før koronakrisa slo inn.

Eit felles grep for 2020 er ein kortstokk som formidlar «52 gode grunnar til å velje Høgskulen i Volda». Kortstokken og slagordet vert brukt som gjennomgangstema på digitale plattformer, men finst også som ein fysisk kortstokk i papir og har blitt delt ut på utdanningsmesser. Sjå også filmen: «Vi spelar med opne kort».

52 grunnar til å søke Høgskulen i Volda

Eit viktig poeng med kortstokken er at dette var vår studiekatalog i år – vi droppa trykt studiekatalog, men hadde heller QR-kode på kortstokken slik at folk fekk ein snarveg direkte til studietilboda våre på nettsidene våre hivolda.no.

Den digitale marknadsføringa våren 2020 har vorte gjennomført i samarbeid med dei same lokale aktørane som tidlegare år. Som rådgjevar for utforming og reklamekjøp på digitale plattformer har vi nytta firmaet Racer. Filmar har vorte produserte av videobyrået Oclin.  Tidlegare voldastudentar er sentrale i begge desse firmaene.

Erfaringar og data frå i fjor har vorte brukt til å justere tiltak for 2020. Vi kan notere oss til dels svært stor vekst i trafikken inn til nettsidene våre og det gjeld for dei fleste studietilbod. Og det ser også ut til at framtidige søkarar brukar meir tid på å gjere seg kjent med innhaldet på nettsidene. Dette er veldig positivt.

Blant einskildstudium kan det særleg peikast på sosialfaga der både sosionom og barnevern både er blant studia med flest besøkande og har også svært sterk auke i nettrafikk. Vi snakkar om til saman nesten 8.000 besøkande og ein auke i nærleiken av dobling samanlikna med i fjor. På lista over studium med flest besøkande finn vi også PPU Allmennfag, GLU 1-7 og spes.ped deltid.

Men som sagt har dei fleste studium ein klar auke. Nettsidene til Høgskulen i Volda har samla sett ein auke i netttrafikken på nesten 8 prosent våren 2020 samanlikna med same periode i 2019. Og 2019 var også eit rekordår når det gjeld netttrafikk.

Vi er naturlegvis spente på kva som blir søkinga for 2020 – men vi trur vi har grunn til å vere optimistiske!

Byggeprosjekta på høgskuleområdet

Det er jo spesielle reglar for smittevern på grunn av korona, og vi har vore spente på korleis dette vil slå ut for byggeprosjekta våre. Eg er difor glad for å kunne melde at når det gjeld bygginga av det nye mediehuset så er det framdrift i samsvar med planen. For ombygginga av Strøm-auditoriet utsette vi oppstart til etter påske, men arbeidet skal bli ferdig til studiestart hausten 2020.

Av andre saker kan eg nemne at styringsgruppa for Kunnskapspark foreslår at Ivar Aasen-huset bør rivast for å gi plass til eit nytt hus. Det er Volda kommune som eig Aasen-huset. Når det gjeld betalingsparkering så er det avhengig av at Volda kommune vedtek skiltplan, og den skal opp i kommunestyremøte i mai.

Her er videofilm av framdrifta på mediehuset frå dag til dag fram til 1. april 2020.

Så langt hadde mediebygget kome 22. april 2020

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar