Nettundervisning: Det starta med historie

I studieåret 2001-2002 hadde heile grunnfaget i historie vorte bygd om til modular på 5 vekttals-emne (15 studiepoeng) og med internettstøtte til alle modulane. Året etter vart også mellomfaget og storfaget bygd om på same måten, og mappeevaluering og arbeidskrav vart innført på alle emne i tråd med kvalitetsreformen i 2003. Seinare kom filma førelesingar, slektsgransking på nett som betalingsstudium og i 2015 vart det nye systemet Canvas teke i bruk på ein MOOC i slektsgransking.

Så skulle ein tru at historikarar som lever av å granske kjelder har teke godt vare på dei første stega inn i nettundervisning. Men der er den gode Kjelland litt usikker på kva som finst. Kanskje bør vi tenke meir aktivt i retning av å etablere internett-arkeologi som fag på høgskulen?

Tal på uteksaminerte historiestudentar 1973-2018 (omrekna til heiltidsstudentar).

Talet på uteksaminerte studentar på historie var frå starten i 1973 og fram til 2000 nokså lågt. Som regel var det mellom 20 og 40 studentar kvart år. Rett nok også med nokre voldsomme toppår i 1996-1999 og nokre magre år innimellom. Men i åra etter 2000 har talet på studentar vore mellom 80 og 100 dei fleste år. Overgangen til nettundervisning er nok ein del av forklaringa på denne auken.

Tilsette på Historisk institutt 2020.

Kva så med det faglege nivået og ambisjonane til studentar som tek historie på nett? Dei fleste nettstudentane har nok teke historie som eit sidefag. Men eit nettstudium i historie kan også vere eit bidrag i karrierebygging fram mot rolla som profesjonell historikar. I 2016 tilsette høgskulen Dag Hundstad som førsteamanuensis. Hundstad hadde tidlegare vore nettstudent i historie på HVO og arbeider i dag som leiar for Norsk Lokalhistorisk institutt.

Men nettstudium hadde ikkje vore råd å få til å fungere utan bidrag frå IT-avdelinga på høgskulen. Og Arnfinn Kjelland er full av ros over samarbeidet med og bidraga frå IT gjennom alle desse åra. 

Høgskulen i Volda har snudd seg raskt rundt og flytta all undervisning over på nett på kort varsel då koronaen traff. Det har kravd stor innsats – er framleis krevande i kvardagen – og eksamen vil også bli krevande.

Men samtidig har vi kome langt på kort tid i dette arbeidet – og ei delforklaring på kvifor det ser ut til å ha gått så bra er nok at mykje av undervisninga alt var på nett. Og då har arbeidet på historie vore viktig – fordi var tidleg ute og har fått mykje samanhengande erfaring med nettundervisning gjennom 20 år.

Det same kan vi antakelig seie om digitale eksamenar der 200 av 400 eksamenar no i vår har vorte endra, og for dei fleste har det betydd at dei har vorte flytta over på nett. Men vi kan vel kanskje også seie det slik at vi alt var 50 prosent digitalisert også når det gjeld eksamenar. Så vi hadde eit godt utgangspunkt.

Nokre sluttord om framtida kan vere verd å merke seg frå Zoom-økta: Professor Hans Jacob Orning (UiO) sa at det ikkje var tvil om at Historisk institutt på Høgskulen i Volda var leiande på nettundervisning innanfor historie som fag. Men han sa også at det nok ville bli hardare konkurranse om nettstudium i åra som kjem. Ikkje minst på grunn av korona-krisa som har gjort at alle måtte kome på nett.

Eit lite teikn som kan tyde på at dette er rett er at Høgskulen på Vestlandet kopierer Volda og i 2020 har starta bachelorstudium i historie.

Omtale av nettbacheloren i historie, klipp frå Khrono, 3.9.2019

Sjå også oppslag om nettundervisninga på historie i Khrono 3.9.2019: Tilbyr bachelorgrad som reint nettstudium.

Økta med Kjelland synte for meg at Cafe Zoom også kan fungere som ein fagleg møteplass. I tillegg til HVO tilsette var også fleire tidlegare tilsette på Institutt for historie inviterte inn på Cafe Zoom, og eg trur det både fungerte godt og var givande også for eksterne.

Dekan Unni Hagen, AKF, tok initiativet til Cafe Zoom tidleg i koronakrisa. Først på AKF og deretter nokre gonger for heile HVO. Stor takk til Unni for eit godt initiativ!

Send innspel på om dette er noko vi bør halde fram med vidare – til Unni eller til meg, så kan det hende det blir fleire slike økter framover.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar