Kjære alle her i dag, og ei særskilt helsing til alle kvinnelege førstekompetente som har møtt opp her i dag. Gratulerer med kvinnedagen, og gratulerer også til oss sjølve, til HVO, med at vi har eit opprykksseminar her i dag.
Kontor for kommunikasjon har brukt eit fantastisk bilde som illustrasjon for dette arrangementet: Ein kvinneleg skiløpar som har nådd toppen og som står i sola og skodar ut over ei snøkledd tinderekke. Så sjølv om ho har nådd toppen så står det nye spennande utfordringar i kø. Eg håper dette kan vere til inspirasjon for dei som står i eit kompetansebyggings- og karriereløp – anten dei no ser toppen der framme, er midt i løpet eller berre har begynt å planlegge ruta.
Metaforar kan vere forklarande, men dei kan også fort bli forelda. Dei krev i alle fall analyse og vidareutvikling. Nett som forsking.
Er det no slik at det berre er sol og spennande tinderekker å nå når ein har klatra opp til ein akademisk topp – eller ein topp i Sunnmørsalpane? Nei det er ikkje nødvendigvis det.
Ulike toppar byr på ulike vegar vidare. Somme kan ein berre snu ned frå med det same. Andre toppar høver best til sommarbruk. Andre toppar når ein berre i lag med andre. Og andre toppar når vi ikkje opp til fordi veret eller utstyret tvingar oss til å avbryte.
Slik er det også i forsking og bygging av ein karriere som forskar. Og det einaste som hjelper er å planlegge best muleg, å lære av dei som har gått rutene før og å tenkje mange steg – og toppar – vidare. Og å unngå farar på vegen.
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.
Den første disputasen
Det er veldig kjekt å melde at 19. februar 2021 gjennomførte vi vår første eigne disputas. Det var høgskulelektor Stein Conradsen, AHL, som disputere på ph.d.-programmet i helse- og sosial. Avdeling for samfunnsfag og historie stod for den faglege gjennomføringa. Conradsen er tilsett på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Og han har sin bakgrunn også frå Helse Møre og Romsdal. Så det er både mange som kan føle at dei eig ein bit av disputasen – og det var mange som bidrog undervegs og eit hundretals som følgde disputasen frå salen eller på nett.
Den akademiske prosesjon: Dekan Randi Bergem, doktorand Stein Conradsen, komiteleiar førsteamanuensis Silje Dahl, professor Tor-Johan Ekeland (representant for Doktorgradsutvalet). Diskret i bakgrunnen seniorrådgivar Geir Tangen, forskingsadministrasjonen, ein av støtteseplarane for arrangementet.
2
Doktorand Stein Conradsen før disputasen.
3
Prøveførelesing.
4
Dei to opponentane. Til venstre Henrik Vardinghus-Nielsen, Aalborg universitet og Hans Christian Høyer, Høgskolen i Innlandet.
5
Dekan Randi Bergem, Avdeling for samfunnsfag og historie, leia disputasen.
6
Digital disputas i korona-tid: Doktorand og førsteopponentens disposisjon av opposisjon.
7
Spente rettleiarar og opponent på første rad.
Andreopponent Hans Christian Høyer
Kjære doktorand, kommisjon, rettleiarar, doktorgradsutval, dekan og fagmiljøet elles:
I førehandsomtalen av denne disputasen så vart det formulert slik at Stein Conradsen skriv seg inn i høgskulen si historie. Og det er eg heilt sikker på at det stemmer. Så i dag har vi alle vore vitne til at historie har vorte skapt.
Ein historisk dag!
Høgskulen i Volda reknar sine røter attende til 1861. 1895, 1922, 1969 og 1994 er andre viktige årstal i høgskulens etterkvart lange historie. Eg trur at vi i framtida også bør hugse 2021 som eit årstal der høgskulen tok eit nytt og viktig steg gjennom at vi såg vår første doktorand gjennomføre ein doktordisputas.
Det var hausten 2015 vi tok opp våre første studentar på ph.d.-studiet i helse- og sosial: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Det kom etter fleire års godt og utviklande samarbeid med Høgskolen i Molde og der sentrale fagfolk på Høgskulen i Volda fann fram til eit godt samarbeid der gode krefter drog i lag. Eg er difor glad for at Høgskolen i Molde er representert her i dag.
For Høgskulen i Volda vil eg særleg framheve tre fagfolk som var sentrale i dette arbeidet og som eg er glad for å sjå er her i dag. Eg vil be dei om å reise seg:
Resultata frå den årlege undersøkinga Studiebarometeret har kome for 2020. Der ser vi korleis studentane seinhausten 2020 vurderte studia, den samla studiesituasjonen – og naturlegvis korona.
Eg må vedgå at Studiebarometeret for 2020 hadde eg ingen forventningar til på nokon måte. Til det har året 2020 vore for spesielt på alle måtar. Korleis kan ein vente at resultat frå 2020 skal kunne vurderast opp mot tidlegare korona-frie år?
Så kom resultata – og det viser seg at koronaåret ikkje gav så enorme utslag likevel på det vi har rekna som sentrale variablar. For å ta «overordna tilfredshet», så har studentane sine svar nasjonalt sett berre gått ned frå 4,1 til 4,0 på ein skala som går frå 1-5 med 5 som beste karakter. Korleis er det muleg, når det har vore så enorme endringar i studiekvardagen frå mars 2020?
For Høgskulen i Volda har studentane i gjennomsnitt gitt skåren 3,9. I 2019 var studentane litt meir nøgde med ein skår på 4,0. Dette skal vi naturlegvis ikkje vere nøgde med. Vi ønsker at studentane skal ha det best muleg på Høgskulen i Volda. Det er ei felles oppgåve for oss alle å finne ut kva som kan gjerast for å betre resultata.
For nokså nøyktig fire år sidan, i februar 2017, hadde Høgskulen i Volda eit seminar om Likestilling og karrierebygging i akademia. Arrangør var Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet i fellesskap.
Tittelen på seminaret var: «Korleis kan fleire nå toppen?» og på seminarplakaten var det eit bilde av ein kvinneleg fjellklatrar i ein nokså bratt motbakke, ein skremmande loddrett fjellvegg. Er det så vanskeleg for kvinner å nå toppen?
I samband med seminaret i 2017 gjorde eg opp ein status og historikk for høgskulen når det gjeld likestilling og kvinners rolle på Lærarskulen, Distriktshøgskulen og Høgskulen i Volda i eit blogginnlegg.
Status i 2017 var at kvinner var i fleirtal blant studentane, stipendiatane og høgskulelektorane på Høgskulen i Volda. Kvinner var altså framtida for høgskulen. Men blant førstekompetente og toppkompetente var menn i fleirtal.
Kva så med historia?
Høgskulen vart starta først i 1861 og fekk ein ny start i 1895. Og historia fortel at etablerarane, alle rektorane og alle som bestemte noko, det var menn. Men med lærarskulen opna også verda seg mot Volda, og Volda opna seg mot verda.
For å dra ein liten parallell til klatring, så var det nett i desse tiåra på slutten av 1800-talet at verda, eller i alle fall klatrarane, oppdaga oss og fjella på Sunnmøre: Britane William Cecil Slingsby og Charles Watson Patchell klatra på Sunnmøre og gjorde vårt alpine landskap kjent – i dei same åra som lærarskulen blei til.
I mars 2017 skreiv eg eit blogginnlegg om utbyggingsplanane på og ved høgskuleområdet. Eg oppdaterte innlegget minst ein gong, men såpass mykje har skjedd at i staden for å oppdatere vidare får det gamle innlegget berre stå med sine feil og manglar og som ei lita påminning om at planar: Dei blir endra.
Høgskuleområdet i Volda blir utvikla i stor fart. Sidan 2015 har ca. 10 større prosjekt har vorte vedtatt eller faktisk blitt gjennomført . Dei samla investeringane er på ca. 1,3 milliardar kroner. I tillegg er 5-6 større prosjekt i planleggingsfasen og slik det ser ut i dag er det snakk om investeringar i ein storleik på 2-3 milliardar kroner. Det er til å bli svimmel av!
Så i dette blogginnlegget frå februar 2021 har eg prøvd å gi eit nytt og oppdatert bilde av aktivitetane på høgskuleområdet, altså på høgskulen og hos våre grannar. Det er ikkje lite som skjer, og all byggeaktiviten speglar berre at Volda sentrum og høgskuleområdet er attraktivt for mange. Det skal vi vere glade for!
1) Rehabilitering av Henrik Kaarstad-huset (2015-2018)
Statsbygg har i samarbeid med ei rekkje hovudsakleg lokale og regionale firma løfta Henrik Kaarstad-huset inn i framtida. Prosjektet gjekk i 2015-2018 og prosjektslutt vart markert under opninga av høgskuleåret 2016-2017 i august 2016. Samla sett har Statsbygg investert ca 75 millionar kroner i Henrik Kaarstad-huset. Det eldste huset på Høgskulen i Volda har fått nytt tak, heilt nye undervisningsrom og ikkje minst luftkjøling. I tillegg har høgskulen sjølv og Avdeling for kulturfag bidrege til fleire andre prosjekt i verkstadene og musikkroma. Siste nye er nytt undervisningskjøken i 2021. Så vi er nok alt oppe i 80 millionar investerte kroner i Kaarstad-huset.
I framtida håper eg (framleis) vi kan få på plass flomlys som kan syne fram dette smykket av eit høgskulehus.
Det er ei stor glede for meg som rektor på Høgskulen i Volda å få ønske Dykk alle velkomne til dette seminaret om korpusutvikling. Eg har forstått det slik at dette må vere eitt av dei største seminara om korpusutvikling som vi har hatt i Noreg. Det er veldig kjekt for ein liten å høgskule også å vere størst på noko.
Når vi snakkar om storleik så er nynorskkorpuset, altså samlinga av nynorske ord, på over 100 millionar ord. Orda er samla inn heilt tilbake frå ca. 1875 og omfattar mange ulike tekstar: Romanar og noveller, lover og stortingsmeldingar, aviser og lærebøker. Og frå det nynorske leksikonet Allkunne. Og korpuset veks heile tida, og litt av føremålet med dette seminaret er faktisk korleis nynorskkorpuset skal bli utvida. Det er ei spennande understreking av at nynorsk er eit språk som framleis er i vekst og utvikling og kort sagt er eit levande språk.
I strategiplanen for Høgskulen i Volda står det at nynorsk språk er ein viktig del av vår identitet. Slik har det vore svært lenge. Volda vart i si tid rekna som ein nynorsk hovudstad i Noreg og Volda lærarskule leverte ein jamn straum av landsmålskunnige lærarar.
I dag ser vi at med Høgskulen i Volda, Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa så er det eit breidt og livskraftig fagmiljø på nynorsk med mellom 30 og 40 fagfolk. Vi driv med forsking, utdanning og formidling av nynorsk språk og kultur. Og det ønskjer vi å halde fram med.
I 2021 skal høgskulen til på ein ny strategiprosess – vi skal planlegge for dei neste 5 åra – og eg er trygg på at vår nynorske profil og identitet blir teken vare på også framover.
Men eg må vel vedgå at mitt framlegg til formulering av dette oppdraget ikkje nådde heilt fram:
«Høgskulen i Volda skal varveitsle Noreg som ein folkedaningsheim.»
Men vi kan no praktisere det sjølv om vi ordlegg oss litt annleis i 2021 enn i 1921.
Men strategiplanar skal også konkretisast og følgjast opp. Og vi er nok høgskulen i landet som brukar mest nynorsk rekna i prosent av bruksmålet til tilsette, publisering på nettsidene våre og i andre kanalar og sikkert også i del nynorskbrukarar blant studentane. I mange år har vi hatt ein mastergrad i nynorsk skriftkultur, og det kjem vi til å halde fram med.
I alle fall har eg i mine fem år som rektor kjent på at samarbeidet med Universitetet i Bergen om språksamlingane har vore givande, spennande og viktig. Vi er glade for at språksamlingane fekk ein tryggare heim i Bergen enn i Oslo og har vore med på å og vil vere med på den vidare utviklinga av dette arbeidet.
På forskingssida er nok samarbeidet med Universitetet i Bergen og andre om Språksamlingane den mest tydelege satsinga.
Ei felles forskingsgruppe om Nynorsk skriftkultur leia frå Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen viser at det er interesse for feltet hos forskarar på fleire institusjonar.
Vidare arbeid med nynorskkorpuset er ein viktig del av dette samarbeidet og kanskje området der vi Volda vil kunne bidra mest, og eg håper på vidare utvikling på området.
Det må vel vere lov å kalle alle dykk som sit her ikkje berre ordhage, men kanskje også ordstyrar? Sidan de styrer med ord?
Eg tek sjansen og seier til alle ordstyrarar her i dag: Lukke til med seminaret!
Eg har diverre ikkje vore klar over at den automatiske varslinga av nye blogginnlegg har vore utilgjengeleg nokså lenge. Men no er varslinga tilbake og vonleg skal du no få beskjed om nye innlegg på rektorbloggen så snart dei blir publiserte.
Blogginnlegget vart oppdatert 13. januar med sitat frå HVL-rektor Gunnar Yttris helsingstale – sjå nedst.
Først og fremst: Godt nytt år til alle tilsette og studentar!
Men: Det er forvirrande og tilslørande stille i husa på Høgskulen i Volda om dagen. Forvirrande fordi: Det var ikkje sånn det skulle bli ved semesterstart! Vi skulle ha fullt køyr frå første dag. Stilla er også tilslørande, for alle fagtilsette har dei siste dagane kava med å bygge om undervisninga dei to første vekene av vårsemesteret 2021. Denne hektiske og kanskje frustrerande aktiviteten er ikkje synleg i ei tom kantine. Aktiviteten er synleg på Zoom i møte mellom fagfolk som nok ein gong ser dei fleste kollegene som frimerke på dataskjermen. Nei, det var ikkje sånn det skulle bli, no igjen.
Det er eit «himla styr» å få til dette, som eg sa til Khrono 3. januar. Beskjeden kom laurdag kveld, den 2. februar januar kl 22.30, berre få timar før semesteret skulle starte. Men det ser ut til at vi igjen står opp i ein alvorleg situasjon der smitten spreier seg svært raskt, så vi må nok tru på at meldinga kom så raskt det var råd.
Eg har full tillit til alle tilsette som på nytt har zooma seg inn på dei tusen omstillingane kvardagen krev har fått dei to første vekene under kontroll og at resultatet blir best muleg både for studentar og tilsette. Vi fekk det til i mars i fjor for eit heilt semester, så eg er sikker på at får det til minst like bra for denne og den komande veka. Eg er trygg på at alle tilsette gjer det dei kan for at studentane skal få best muleg undervisning og reknar med at også studentane ser at vi står i ein alvorleg og vanskeleg situasjon.
Ei stille kantine er trist – men syner at studentane er klar over alvoret.
Opp i dette skal vi ikkje gløyme at trass alt var vi heldige i Volda som fekk ein nesten 100 % smittefri haust. Det er berre å krysse fingrane for at vi er like heldige – og varsame! – i vårsemesteret 2021, og at det verkeleg berre unntakstilstand dei to første vekene av semesteret.
Vi har ting å gle oss til. Nytt i 2021 er at våre nye naboar i Volda Campus Sparebank1 Arena har flytta inn og vil gi meir god aktivitet på høgskuleområdet i åra framover. Til sommaren opnar Sivert Aarflot-huset dørene for nye generasjonar av mediestudentar. Og vi skal også pusse om Strøm-huset, få kunnskapspark og kanskje også symjehall. Vi gjer kanskje det same som nordmenn flest har gjort i koronatida: Vi bygger og pussar opp!
Nytt er det også at Høgskulen på Vestlandet (HVL) har fått ny rektor: Historikaren Gunnar Yttri tok til 1. januar. I sin innsettingstale 7. januar deklamerte han Bob Dylan-songen «Forever young» i ein mjuk nynorskversjon: «Må du alltid vera ung». Og det er oppløftande ord som er vel verd å dele i disse tider:
Må du alltid vera ung – sitat frå Gunnar Yttris helsing:
I all institusjonell historie og solid akademisk tradisjon; eg verdset det at Høgskulen på Vestlandet er ein ung institusjon. I våre tankar, ord og gjerningar kan det ungdommelege vera ei god kraft. Mange av våre studentar har med seg nett dette, ein vilje til å læra, ein vilje til å vera på veg, ein vilje å skapa noko nytt og betre, ein vilje til å dela, og ein ungdommeleg hang til å møta dagen, arbeidet og medmenneske med eit ope sinn, og å til å ringa inn det heile med leik og glede. Musikaren, songskrivaren og Nobelprisvinnaren i litteratur, Bob Dylan, har i songen «Forever Young» skrive vers som rører ved dette. Eg vil gjerne at desse linjene er mi helsing til studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, og til våre mange gode samarbeidspartar og tilhøyrarar her i dag
Må du aldri gå i fare Må livet gå din veg Må du gjera godt for andre Og la andre hjelpa deg Må du sikta høgt og dristig Og gjera alt med svung Og må du alltid vera ung
Må du veksa og vera ærleg Må du veksa og vera fri Må du alltid vera trygg Og sjå lyset på din sti Må du alltid vera modig Og sterk om dagen er tung Og må du alltid vera ung
Må du alltid vera flittig Må du vera lett på fot Må du ha eit ankerfeste Når vinden bles imot Må du alltid kjenna glede og høyra song i kvar ei stund Og må du alltid vera ung
(Til norsk ved Olav Hamran og Gunnar Yttri)
Du kan høyre Yttri/Dylan 25 minutt inn i Youtube-filmen frå innsettingsseremonien til HVL, og både talen og resten av innsettingsseremonen er vel verd å få med seg.
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.
KORONA-situasjonen
Først og fremst må eg seie at vi i leiinga er svært glade for at studentar og tilsette har klart å gjennomføre eit tilnærma normalt haustsemester når det gjeld undervisning og rettleiing. For kvar dag som har gått utan smitteutbrot på høgskulen så kjennest det litt ut som vi har vunne ein liten premie. Men situasjonen er nok likevel mest slitande. Når vi no ser fram mot jul og det har blitt litt stille på høgskulen så pustar nok dei fleste letta ut over at det ekstra travle haustsemesteret er over.
Lokalt i Volda og på Sunnmøre har det vore nokre få smitta dei siste vekene. Samarbeidet med smittevernet i Volda kommune er framleis godt og det virkar som dei har god kontroll over situasjonen. Ingen studentar eller tilsette er smitta, men nokre få har vore i karantene. Høgskulen har likevel gjort nokre få førebyggande tiltak mot korona der det viktigaste kanskje er at vi avgrensa eller stoppa samlingar på slutten av 2020 og held fram med dette også i januar og februar – med nokre unntak som dekanane har mynde til å gi.
Kriseleiinga har også bestemt at våren 2021, altså neste vår, skal det heller ikkje haldast skriftlege skuleeksamenar ved Høgskulen i Volda. Dette vert no innarbeidd i studieplanane for 2021 og det er ca 50 eksamenar som vert endra i desse dagar.
Vi er veldig spente på korleis det blir å starte opp att i januar 2021 når mange studentar har vore heime hos slekt og venner – og kanskje også i utlandet. Alle håper jo at koronaen ikkje skal blusse opp hos oss. Det er uvisse knytt også til karantene og karantenehotell.