Opprykkseminar 2021: Planlegg godt – og gå i lag med andre

Derfor er eit seminar som dette viktig. Vi blir klar over kven andre som tenker seg i same retning, vi kan dele erfaringar og på seminaret skal ein erfaren professor gi gode råd.

**

I 2013 hadde Høgskulen si første runde med utlysing av professorstipend. Ordninga har sidan vorte utvida til å bli professor- og dosentstipend. Vi var veldig spente på kor mange som ville vere interesserte i denne heilt nye ordninga som ville gi tilsette 3 årsverk med forskingstid fordelt over 5 år og vi lyste ut 1-2 stipend.

Dei to første som fekk stipend var Knut-Willy Sæther på AHL og Wenche Torrissen på AKF. Det er kjekt å fortelje at begge to har seinare vorte professorar.

Men då tilbake i 2013 melde seg heile 11 søkarar på stipenda. Eg må seie at eg vart positivt overraska, for mi magekjensle på den tida var at det var litt nifst å seie frå om at ein faktisk tenkte i dei baner. At ein tenkte i retning av å arbeide mot professorkompetanse. Og det var i alle fall vanleg å halde stilt om at ein hadde sendt ein søknad – og i alle fall at ein hadde fått avslag!

Og no har altså verda gått framover. No sit vi her så mange i same rom og skal faktisk snakke om korleis ein bør tenke for å planlegge vegen mot toppkompetanse. Korleis ein faktisk skal planlegge den vidare akademiske karriera.

For de har nådd langt, de som sit i salen. Dei fleste har ein doktorgrad og dei aller fleste er førstekompetente. Og med førstekompetansen på plass så har det kanskje vore litt slik at det blir forventa at ein er voksen og kan ta ansvar for eiga læring.

Sjølv plukka eg opp eitt råd i ein artikkel i fagbladet Forskarforum. Det gav meg ei lita a-ha-oppleving og eg kunne faktisk bruke det til å skrive ein betre professorsøknad enn den forrige søknaden min:

Skriv søknaden slik at du gjer jobben lett for kommisjonen.

Kjenn krava, syn korleis du har oppfylt dei gjennom publiseringane dine og anna fagleg aktivitet.

Så, uansett kor langt ein har kome så er det alltid noko nytt å lære og nokon andre å lære i frå. Og dette med å arbeide med ein fagleg portefølje, dette med å skrive ein søknad om professor- eller dosentkompetanse – det er faktisk ein ny sjanger for oss alle. Det er noko nytt vi må lære oss – og det gjer ein best ved å dele erfaringar med andre, med ei systematisk tilnærming til eige fagleg arbeid, med å vere kritisk til kva ein brukar tid – og kva ein vel bort.

Og for å vende tilbake til toppturen: Du må vite kvar du vil gå, du må planlegge turen, like viktig kan det vere å vite kven du vil gå i lag med – og alle opplevingar blir betre av å bli delte undervegs. Og derfor er vi her i lag i dag. 

Lukke til med seminaret og med toppturen!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar