Karrierebygging og fjellklatring: Balanse er viktig

I lærarskulens historie av Peder Bergem står det at alt rundt 1920, så var kvinnene i fleirtal blant studentane. Det var tidlegare enn eg hadde trudd. Det er lenge sidan. Det er hundre år sidan at kvinner fann ut at læraryrket var noko dei kunne satse på.

Klatraren Slingsby hadde i 1920 vorte 70 år – men han klatra framleis. Og no i selskap med dottera Eleanor. Kvinnene var på veg inn også klatreveggen. Og alt i 1875 hadde Slingsby skrive artikkelen «An English Lady in Jotunheimen». Klatring var også for kvinner. Også i 1920 og før det.

Men dei kvinnelege studentane ved Volda lærarskule hadde for det meste mannlege lærarar. Både på den tradisjonsrike lærarskulen og på den meir radikale distriktshøgskulen som kom på 1970-talet så var det stort sett mannlege lærarar bak kateteret. Som ein refleks av det overordna samfunnsbildet? Kanskje?

Men utviklinga i retning av fleire kvinnelege lærarar og forskarar har nok ikkje gått raskare på Høgskulen i Volda enn på andre institusjonar.

Heldigvis har ikkje verda stått stille etter seminaret i 2017. Alt året etter, i 2018 kunne vi notere at kvinner utgjorde fleirtalet blant alle akademisk tilsette på Høgskulen i Volda. Året etter, i 2019, utgjorde kvinner også fleirtalet blant dei førstekompetente, altså førsteamanuensar og førstelektorar.

Går vi berre 20 år tilbake til år 2000 så utførte kvinner berre 16 % av årsverka på førstestillingsnivå. Så det er ei stor endring som har skjedd på desse 20 åra, frå 16 prosent til 51 prosent kvinner i førstestillingar. Samtidig har talet på førstekompetente også auka frå knapt 40 til over 80, så Høgskulen  i Voldas marsj mot akademisering gjennom kompetansebygging og forsking er svært tydeleg i dette 20 års perspektivet, og fleire kvinner er ein viktig og sjølvsagt del av denne utviklinga.

DBH: Avdelingar på HVO og årsverk førstekompetente (førsteamanuensar og førstelektorar) og prosentdel kvinner, 2000, 2017, 2018, 2019 og 2020.
(Ny tabell lagt inn 12.2.2021)

Men kva så med det neste nivået, altså professorar og dosentar? Vi veit frå mange hald at dei siste mannsbastionane gjerne er på toppnivået. Og slik ser det også ut til å vere ved Høgskulen i Volda.

Dei siste åra har det blitt fleire kvinnelege dosentar og professorar ved høgskulen, men vi ser ikkje den same klare utviklinga som for førstenivået. Ei enkel forklaring på det er at ting tek tid?

DBH: Avdelingar på HVO og årsverk toppkompetente (professorar og dosentar) og prosentdel kvinner, 2000, 2017, 2018, 2019 og 2020.

Men når ting tek tid, så er det veldig viktig at ein har tid saman med nokon.
Eller med eit lett omskrive Ivar Aasen-sitat:

Godt lag gjer klatrevegen lett.

Og for å vende blikket tilbake til klatrarbildet frå 2017: På alle klatreruter er det gjerne eitt særleg vanskeleg og avgjerande punkt – det vert kalla cruxet, krossen. Klarer ein seg forbi cruxet, klarer ein resten også. Og dette siste steget mot toppkompetanse er nok eit crux for mange. Då hjelper det å ha lag med andre som skal same vegen – eller som har gått han før.

Klatring er samarbeid frå A til Å. Misser ein balansen kan det gå gale om ein ikkje har nokon som sikrar. Og til fleire som klatrar i lag til fleire er det å dele både gleder og sorger med. Og fleire å dele historier om ruteval og ikkje minst kjensla ein får for kvar taulengde, kvart delmål og ikkje minst å nå ein topp!

Nettopp derfor er det så bra at Høgskulen i Volda har kome inn i Balanseprogrammet til forskingsrådet. Vi har eit svært godt utgangspunkt for å gjennomføre eit godt prosjekt: Vi har flinke og motiverte folk i Forskingsadministrasjonen som også stod bak søknaden. Vi har mange dyktige og interesserte førstekompetente kvinner som gjennom prosjektet enten vil få støtte for beslutninga om å sette seg toppkompetanse som neste faglege mål – eller som no får eit nettverk der ei slik beslutning kan modnast. Vi har fleire kvinnelege professorar og dosentar som har gått vegen før. Og ikkje minst har vi erfaring med opp- og nedturar som både ein klatretur og langsiktig kompetansebygging nødvendigvis må gi.

Om ei taulengde eller tre ventar vårt eige doktorgradsprogram med utgangspunkt i Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, og det bør saman med fellesgraden i helse- og sosialfag og andre spennande forskingsprosjekt og aktive forskingsgrupper gi utgangspunkt for mange gode men likevel spennande klatreturar mot nye akademiske toppar.

Eg håper at gjennom arbeidet med balanseprosjektet – både lokalt og nasjonalt – så vil både kvar einskild forskar men også forskingsgruppene, fagmiljøa og høgskulen som institusjon vekse både i kvalitet, kompetanse og relevans. Regionalt og nasjonalt.

Lukke til med arbeidet!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar