Orientering til høgskulestyret, 4. mars 2021.

 På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.

Den første disputasen

Det er veldig kjekt å melde at 19. februar 2021 gjennomførte vi vår første eigne disputas. Det var høgskulelektor Stein Conradsen, AHL, som disputere på ph.d.-programmet i helse- og sosial. Avdeling for samfunnsfag og historie stod for den faglege gjennomføringa. Conradsen er tilsett på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Og han har sin bakgrunn også frå Helse Møre og Romsdal. Så det er både mange som kan føle at dei eig ein bit av disputasen – og det var mange som bidrog undervegs og eit hundretals som følgde disputasen frå salen eller på nett.

Disputasen til Stein Conradsen vart også markert med utstilling i biblioteket.

Koronakrisa: Litt meir grå kvardag, takk!

Blogginnlegget er ein litt oppdatert versjon av ein e-post som eg sende til alle tilsette på høgskulen 18.3.2020.

Vi står alle opp i ein kjempestor, vanskeleg og viktig jobb med å handtere kvardagen no når koronaviruset er over oss. Ein stor takk til alle tilsette på Høgskulen i Volda: De har verkeleg krumma nakken og står på for å løyse eit hav av uventa oppgåver som brått har vorte kasta på oss for å få kvardagen til å gå rundt. De gjer ein kjempejobb!

Det er uverkeleg kor fort vi gjekk frå kvardag til krise: Det skjedde frå tysdag til onsdag i førre veke. Måndag 9. mars hadde vi eit nokså fullt BK Vesle auditorium – kven tenkte då på at vi sat litt tett? Frå heile landet kom det PPU-fagfolk til nasjonal konferanse. Våre lokale arrangørar skal ha ros for eit godt arrangement!

Onsdag 11. mars vart sjølve korona-dagen. Då gjekk vi frå tenke på korona-virus som noko dei var plaga med i Kina, Iran eller Italia … og kanskje nokre få nordmenn som hadde vore i desse landa.

Men så var det over oss: Viruset er laust også i Noreg. Onsdag 11. mars trykte høgskuledirektøren trykte på alarmknappen og sette krisestab saman med resten av høgskule-Noreg.