Høgskuleområdet 2015-2025: Ein milliard er brukt. Ein milliard – eller tre – under planlegging

2) Øyra skule (2015-2017)

Volda kommune har bygt ny barneskule for Volda sentrum. Den heiter Øyra skule, og har dette namnet sitt fordi skulen tidlegare låg ved utløpet av Øyraelva i Volda sentrum. Den nye skulen er næraste nabo til Berte Kanutte-huset og kostar ca 250 millionar kroner. Ein barneskule vegg i vegg med ein høgskule som utdannar lærarar er ein bra ting – og Øyraskulen er partnarskule for Høgskulen i Volda.  

Øyra barneskule. Foto: Voldaskulen.no

3) Volda Campus Sparebank1 Arena (2020)

Volda Campus Sparebank1 Arena – klatreveggen.

Volda handball og KFUM Volda (volleyball) samarbeider om Volda Campus Sparebank1 Arena som stod ferdig før jul 2020. Dei to viktigaste leigetakarane er Volda kommune og Volda vidaregåande skule som brukar anlegget til undervisning i kroppsøving. Arenaen er ein idrettshall med 2 speleflater og i tillegg klatrevegg, garderober og mange andre rom. Hallen kan vere arena for internasjonale kampar i handball og volleyball, og sikkert også andre idrettar. God tilrettelegging for medieformidling frå slike og andre arrangement gir ein vinn-vinn situasjon med høgskulen. I kjellaren på hallen har Volda kommune kosta parkeringshus med 100 plassar, og dei er gratis tilgjengelege for studentar og tilsette på høgskulen. Idrettshallen kosta til saman ca kr 200 mill.

Førebels god plass i parkeringskjellaren under Campus Arena.

4) Nye studentbustader på Heltne (2017-2020)

Nye og gamle studentblokker på Heltne.

Studentsamskipnaden i Volda fekk februar 2017 løyve frå Kunnskapsdepartementet til å starte første byggetrinn med nye studentbustader på Heltne, like ved dei tre bustadblokkene frå 1970-talet. Andre byggesteg vart godkjent i 2019 og heile prosjektet var ferdig hausten 2020. Dette har gitt eit løft i kvalitet på studentbustadene i Volda. I alt har prosjektet ein verdi på ca. 200 millionar kroner. Dette er den første større utbygginga av studentbustader i Volda på ca 20 år.

Sjå video frå bygginga av dei to nyaste blokkene på Heltne.

5) Oppgradering av studentbustadene på Heltne og Porse (?)

Studenbustadene på Porse

Med to nye blokker på Heltne har Sivolda planar om å oppgradere dei to studentblokkene på Porse og dei tre andre blokkene på Heltne. Dei fem blokkene vart bygde på 1970-talet og må naturlegvis haldast ved like og oppgraderast for å vere attraktive for studentar også i framtida. Studentsamskipnaden vurderer i 2021 framleis kva dei ønskjer å få gjort og kva det vil koste.

6) Vidareføring av Idrettsbygget, men riving av symjehallen (2021?)

Idrettsbygget ved Høgskulen i Volda, bygd 1961

Idrettsbygget og symjehallen har vore eit landemerke i Volda sidan tidleg på 1960-talet. Symjebassenget var det første 25 meters bassenget mellom Bergen og Trondheim og det har vorte sett både norske og nordiske rekordar der. I 2017-2018 kom det fleire tekniske rapportar som gjorde framtida til bassenget usikker. Det lukkast ikkje å finne gode modellar for samarbeid med Volda kommune for vidareføring av bassenget. Etter ei ny teknisk vurdering vart bassenget stengt på dagen i mai 2019 og har sidan stått tomt. Studentane har sidan fått symjeopplæring i Sunnmørsbadet i Herøy. Statsbygg kjem til å rive bassengdelen av Idrettsbygget, men idrettshall-delen vil bli vidareført. Idrettshallen har vorte godt utstyrt med straum og nettkapasitet og har difor også i 2020-2021 kunna vorte nytta til undervisningslokale med koronavstand mellom studentane.

7) Sivert Aarflot-huset (nytt mediehus) (2021)

Skisse av Sivert Aarflot-huset frå då det var ein deltakar i ein konkurranse med namnet «Expo»

Høgskulen i Volda peika i Campusutviklingsprosjektet i 2015 ut eit nybygg for mediefaga som det viktigaste store prosjektet på høgskulen. Statsbygg var partnar i campusutviklingsprosjektet og har også stått som utbyggjar av det nye huset. Høgskulestyret gav i 2019 huset namnet «Sivert Aarflot-huset». Huset blir ikkje berre eit mediehus men også ein arena for eksperimentering og utvikling for alle høgskulens studietilbod. Det var på eit tidleg tidspunkt aktuelt å bygge ein kultursal i huset i samarbeid med Volda kommune, men kommunen trekte seg frå prosjektet då prislappen kom på bordet.

Ein del av prosjektet var at Statsbygg kjøpte tomta som huset står på. Den vart kjøpt i september 2019 frå private grunneigarar i Volda til ein pris av ca. kr 15 mill.

Huset er eit såkalla kurantprosjekt. Det betyr at høgskulen dekker husleiga over sitt vanlege budsjett og ikkje gjennom auka løyving frå Kunnskapsdepartementet. Statsbygg reduserte husleiga på resten av husa på høgskuleområdet ut frå ei vurdering av marknaden i Volda, og det gjorde det muleg for høgskulen å realisere Sivert Aarflot-huset. I budsjettet for 2021 sette høgskulestyret av kr 29 mill til inventar og medieteknisk utstyr til huset. Dei samla kostnadene på Sivert Aarflot-huset kjem dermed opp i ca 250 millionar kroner.

Sivert Aarflot-huset i april 2022.

8) Ivar Aasen-huset og Volda Kunnskapspark (2021-2023)

Ivar Aasen-huset var det første huset i landet som vart bygd for å hyse ein DH-skule. I 2017 var oppgradering og råbygg til ein tredje etasje kostnadsrekna til ca kr 40 mill.  Seinare viste det seg at det ikkje var råd å gjennomføre prosjektet som planlagt. Det enda med usemje mellom huseigar Volda kommune og entreprenøren som skulle utføre arbeidet. Volda kommune vann fram med at dei hadde rett til å avlyse prosjektet.

Sunnmøre Kulturnæringshage har i fleire år stått sentralt i arbeidet med planar for Volda kunnskapspark. Høgskulen i Volda er den einaste i landet som ikkje har ein kunnskapspark, og samfunnet har dermed ikkje fått så god tilgang til kompetanse og potensiale som finst i møtepunktet mellom studentar, tilsette og arbeidsliv.

Seinare har Volda kommune etablert selskapet Volda Utvikling AS som skal stå for utbygging på tomta der Ivar Aasen-huset står. Kunnskapsparken skal bli ein del av huset. Det har vorte gjennomført ein plan- og designkonkurranse for å få ei samla utbygging av området – det er planlagt å bygge ut 30.000 m2 i tre byggesteg, truleg i ein tiårsperiode. Les meir om prosjektet på denne nettsida til Volda kunnskapspark.

Foto: Ratio Arkitekter AS

9) Ny campusutviklingsplan 2020

Høgskulen i Volda fekk sin første campusutviklingsplan i 2015. Den andre planen kom så tidleg som i 2020 og Høgskulen i Volda var blant dei aller første høgskular eller universitet som fekk ein plan nummer 2. Ein grunn til det var nettopp det dette blogginnlegget handlar om: Store endringar både på og ved høgskulen.

Campusutviklingsplanen: Kantine og bibliotekområdet smeltar saman?

Eit poeng som kom fram i planen og som ikkje har vore mykje omtala tidlegare er at dei såkalla paviljongane «bak» Hans Strøm-huset og Ivar Aasen-huset burde vurderast for framtida. Kanskje er det betre og billegare å flytte dei nærare 70 arbeidsplassane inn i meir permanente lokale? Litt tankevekkande er det at «Lettbygget» der dei fleste stipendiatane held til vart sett opp som eit enkelt og lett bygg som ikkje skulle vere permanent. Og det har vel stått i ca. 20 år! Volda kommune eig grunnen i området, med unntak av den tidlegare Møreforsking-paviljongen som Studentsamskipnaden har kjøpt.

Paviljongane på høgskuleområdet i 2014.

10) Hans Strøm-huset (nytt prosjekt sidan 2017)

Hans Strøm-huset stod ferdig i 1984. Dei fleste tilsette på Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) held til i huset og mesteparten av undervisninga for studentane på ASH skjer også i Hans Strøm-huset. Det vil seie når det ikkje er korona.

Høgskulen fekk i 2019 eit statleg tilskot på vel 3 mill til ombygging av det største auditoriet i Hans Strøm-huset. Ombygginga fekk namnet Veksel-Strøm fordi det skulle vere lett å veksle mellom plenumsundervisning og gruppearbeid. Arbeidet stod ferdig i 2020 og kosta ca. kr 8 mill.

Veksel-Strøm i bruk i august 2020. Undervisar er Trudi Henrydotter Eikrem. Stortingsrepresentant Helge Orten tar seg ein titt.

Avdeling for mediefag har nytta ca. 800 m2 i Hans Strøm-huset til undervisningsføremål. AMF- flyttar ut av Hans Strøm-huset og inn i Sivert Aarflot-huset. Hans Strøm-huset må då byggast om for nye føremål. Og i eit snart 40 år gammalt hus er det naturlegvis fleire ting som bør gjerast i tillegg til ombygginga av AMF sine tidlegare lokale. Ventilasjon er eitt tiltak, men våren 2021 samarbeider høgskulen og Statsbygg om dette arbeidet. Målet er at arbeidet skal starte så snart som råd etter at AMF har flytta ut. Truleg må ASH-tilsette flytte inn i Ivar Aasen-huset i delar av byggetida.

Når huset skal byggast om så blir det første større tiltaket som vert sett i verk på grunnlag av den nye campusutviklingsplanen.

Våren 2022 vart det kjent at firmaet HS Bygg i Stryn skal utføre byggarbeidet, I tillegg skal Statsbygg og andre konsulentar bidra i planlegging og oppfølging av prosjektet. Ombygginga og utbetringa av Hans Strøm-huset er kostnadsrekna til over 100 millionar kroner og vert dekt av høgskulens avsetningar og av Statsbygg.

11) Ny ungdomsskule (vedtatt etter 2017)

Ungdomsskulen i Volda ligg like ved høgskuleområdet og studentar på høgskulen har praksis på ungdomsskulen. No skal det byggast ny skule etter at dette har vore på tale i mange år. I januar 2021 presenterte Volda kommune dei aktuelle utbyggarar sine framlegg til bygging av ny ungdomsskule. Det er lagt inn ca kr 175 millionar kroner til ny ungdomsskule i langtidsbudsjettet for Volda kommune.

Dei fem framlegga til ny Volda ungdomsskule.

12) Ny symjehall (nytt prosjekt sidan 2017)

I 2017 såg vi ikkje føre oss at symjehallen i Idrettsbygget måtte stengast. Volda kommune var ein stor brukar av hallen og i dei fleste kommunar er det kommunen sjølv som syter for symjehallar. I Volda kommune er det elles mindre opplæringsbasseng på Grodås, Bjørke, Austefjord, Folkestad og på Lauvstad. I tillegg er det mindre basseng på Mork senter og varmtbadet på Volda sjukehus. Men kommunen har altså ikkje lenger eit 25 meters basseng etter at høgskulen stengte sitt basseng. Diskusjonen om symjehall og kor stor og velutstyrt den skal bli har gått – og går – friskt i Volda kommune. Volda kommune arbeider vidare med planar for ny symjehall i tilknyting til Volda Campus Arena og la inn kr 185 mill til formålet i langtidsbudsjettet for 2021-2024.

Den endelege prislappen vart ca. 300 millionar kroner då Volda kommunestyre gjorde vedtak om å bygge symjehallen våren 2022.

Ideskisse til symjehall.

13) Volda sjukehus (nye prosjekt)

Volda sjukehus stod ferdig i 1986. I 2018 vart det lagt fram planar om å utvide sjukehuset – men kanskje ikkje før rundt 2030. Sidan har det kome til nye planar og tiltak. Sjukehuset har utvida parkeringsplassen sin og i 2021 er det budsjettert med tilbygg og påbygg på Volda sjukehus. Møre-Nytt kallar dette den største investeringa ved Volda sjukehus på 35 år, altså sidan sjukehuset var nytt. Investeringane er i alt på ca 50 mill.

14) Voldaportalen og Øvre Rotset handelspark (nytt)

Det var i 2017 ingen kjende planar om å utvikle den såkalla Kiwi-tomta, eller Solheim-husa som dei også har vorte kalla. Men sidan har det skjedd mykje. Prosjektet vert drive fram av Asko Eigedom AS og går ut på å bygge bustader og næringsbygg like ved rundkøyringa mellom Kiwi og Ivar Aasen-huset. Vinteren 2021 hadde planane kome så langt at dei vart lagt ut på Finn.no som bustadprosjekt med 33 bustader lagt ut for sal. Prosjektet fekk i 2021 namnet Voldaportalen etter ein namnekonkurranse.

Teikning av Voldaportalen. Henta frå Finn.no januar 2021.

I tillegg har Volda kommune også lagt til rette for ny næringsutvikling mellom rundkøyringa og innslaget på Rotsethorn-tunnelen, det såkalla Øvre Rotset-området. Firmaet AG Plan har på oppdrag frå Volda kommune laga reguleringsplan for området. Det har lenge vore kjent at Retail AS (Rema 1000) ønskjer å bygge butikk i området, men dei samarbeider også med blant andre Europris og Brændes Rørleggarforetning i Volda, går det fram av ein artikkel i Møre-Nytt 20. desember 2020. Retail AS ønsker å kalle området Øvre Rotset handelspark.

I nærleiken ligg også Volda Stadion og Årneset som har hatt ei jamn utvikling over fleire år med både nybyggingar og oppgradering og vedlikehald av fotballbaner, fotballhall, idrettshus, stadionpark, skatepark, diskgolf, volleyballbaner, naust og turvegar.

Voldahallen, Sjukehusvegen 6 og «Rotevasstomta»?

Voldahallen frå 1978 har også fått tekniske vurderingar som tilseier at huset burde vore oppgradert – eller rive. Det er uklart kva som blir framtida til dette huset. Etter at Volda Campus Sparebank1 Arena opna leigde høgskulen Voldahallen til bruk for undervisning i kroppsøving fordi Idrettsbygget til høgskulen måtte brukast til klasseromsundervisning.

Sjukehusvegen 6 har hatt mange ulike brukarar i kortare og lenger tid etter at hjelpepleieskulen vart flytta til Ørsta. Der er både ein undervisningsdel og ein internatdel. I periodar har også Høgskulen i Volda nytta lokala som avlasting når det har vore byggeprosjekt eller andre spesielle ting som har skjedd. Statsbygg eig husa og ønsker å selje dei. Det verkar klart at Høgskulen i Volda ikkje er aktuell brukar.

Parkeringsplassen på den såkalla Rotevatn-tomta løyste dei akutte parkeringsproblema på høgskulen då Sivert Aarflot-huset skulle byggast. Statsbygg har leigd tomta frå grunneigaren. I koronatida har det stort sett vore greitt å finne parkeringsplass på høgskulen, men korleis blir det når vi er ferdige med det? Kanskje alt hausten 2021? Vil vi ikkje då trenge fleire parkeringsplassar? Eit knapt fleirtal i høgskulestyret ønska seg betalingsparkering. Eit klart fleirtal i kommunestyret i Volda har gått i mot betalingsparkering.

Kva med Voldatunnelen?

Lite har skjedd med voldatunnelen sidan 2017. Volda kommune vedtok reguleringsplan for Voldatunnelen våren 2017. Tunnelen får innslag like under Sjukehusvegen 6A (gamle hjelpepleieskulen), og vil kome ut like ved den store rundkøyringa i Furene og bli ny E39 og dermed hovudveg mellom Volda og Ørsta. Tunnelen vil føre til store endringar i vegane rundt høgskulen i sjukehuset, og det vert truleg bygt gangbruer for gåande og syklande over dagens rundkøyring ved Kiwi. Les meir om prosjektet på Statens Vegvesen sine nettsider.

Sidan 2017 har vyene for ein ferjefri E39 mellom Stavanger og Trondheim vorte dempa og det har vorte ein vanskeleg diskusjon om tunnellen verkeleg må ha to løp? Det blir dobbelt så dyrt med to løp som med eitt, men kravet kjem eigentleg frå EU som krev at tunnellar med ein årsdøgntrafikk over eit visst nivå må ha ein separat rømmingsveg. Tunnelen er ikkje høgt prioritert i Nasjonalt transportplan, så det er eigentleg vanskeleg å tru at den vil kome før 2025. Prislappen blir ca. 1 milliard for eitt løp og ca. 2 milliardar for to løp.

I tillegg til desse prosjekta som er kjende i dag vil det heilt sikkert også kome nye prosjekt. Kanskje raskare enn vi trur. Det viste seg i 2017 at av og til skjer ting veldig raskt, også for prosjekt med stor prislapp. Eg trur det er slik at utbyggarar skjelar til kva andre gjer, og tenkjer som så at aktivitet avlar aktivitet, og at når andre har teke sjansen og satsa på prosjekt på høgskuleområdet i Volda, så må ha det noko føre seg.

Samla oversyn over byggjeprosjekta på og ved Høgskulen i Volda 2015-2025. Tabellen er utvida med ein kolonne for 2021-prisar på prosjekta.

ProsjektEigarProsjektperiodeKostnad/
overslag
2021-pris
1) Rehabilitering Henrik Kaarstad-husetStatsbygg2015-201665 mill80 mill
2) Øyra SkuleVolda kommune2015-2017250 mill250 mill
3) Volda Campus ArenaVolda handball / KFUM Volda2017-201980-100 mill200 mill 
4) Nye student-bustader, HeltneStudentsam-skipnaden i Volda2017-201980-90 mill200 mill 
5) Rehabilitering studentbustadene Heltne og PorseStudentsam-skipnaden i Volda2019-2020(Uavklara)(Uavklara) 
6)  Idrettsbygget / evt symjehallStatsbygg2019-202010-20 mill(Uavklara) 
7) Sivert Aarflot-husetStatsbygg2017-2020Over 150 mill250 mill 
8) Campus-utviklingsplanHøgskulen i Volda2019-2020(Uavklara)
9) KunnskapsparkVolda kommune2020-2021(uavklara)(uavklara) 
10) Hans Strøm-husetStatsbygg2020-2022110 mill
11) Volda ungdomsskuleVolda kommune2021-2023175 mill (budsjett)
12) SymjehallVolda kommune2021-2024300 mill
13) Volda sjukehusHelse Møre og Romsdal2020-202250 mill
14) Voldaportalen og Øvre Rotset handelsparkPrivate2021-2022Ukjent
Bygge- og utviklingsprosjekta i 2017 – og i 2021.

Er dette berre bra?

Har så desse utbyggingane ingen ulemper for den vesle høgskulen ved den djupe fjorden? Ingen likar å traske gjennom ein byggeplass, men det hjelper å tenke at ting blir betre. Men høgskuleområdet blir nok ein kontinuerleg byggeplass i alle åra 2015-2025, og når tunnellarbeidet startar vil det vare i fleire år. Men dette må vi leve med.

Det kan bli endå vanskelegare å finne parkeringsplass på høgskulen, og det blir berre endå viktigare med eit betre busstilbod til studentar og tilsette. Trafikken gjennom rundkøyringa og andre vegar rundt høgskulen vil bli tettare, og det er neppe bra for oss. Voldatunnelen blir berre meir og meir etterlengta med ei slik utvikling.  

Det at mange ønsker å bygge i høgskuleområdet er veldig bra med tanke på kva regional rolle vi skal ha. Vi har dei siste åra hatt eit forum med deltakarar frå dei som bygger på nabotomtene våre. Forumet har møttest nokre gonger og er først og fremst ein orienterande arena. Men med tida kan vi kanskje utvikle det meir i retning av eit strategisk råd, slik dei har gjort andre stader. Men det krev naturlegvis at alle aktørar går med på å lage ein felles, strategisk plan for heile det aktuelle området og aktørane som er med på det. Og der er vi nok ikkje i dag.

Kald vintersol 2021

Eit betre høgskuleområde

Eg håper – både i 2017 og i 2021 – at alle utbyggingar i høgskuleområdet skal gjere oss og høgskuleområdet betre, og med «betre» meiner eg følgjande:  

  • Meir samanhengande høgskuleområde: Nybygging må ikkje gjere det vanskelegare å gå rundt på eller å finne fram på høgskuleområdet – og det må bli lettare å samarbeide på tvers av fag. Om vi klarer å binde saman fleire av husa våre med bruer eller takoverbygg så skaper vi også eit meir samanhengande høgskuleområde.
  • Meir tilgjengeleg høgskuleområde: Vi må ikkje kome dit at vi ikkje har nok parkeringsplassar eller gode kollektivtilbod til Høgskulen i Volda.
  • Ta vare på dei estetiske kvalitetane: Henrik Kaarstad-huset frå 1922 er eit stasbygg og vår urbygning. Den må få plass til å skine. Vonleg kan våre etterkomarar tenkje det same om andre av husa på høgskuleområdet om 100 år.
  • Hugs utdanningskvalitet: Studiebarometeret og kvardagserfaringane fortel at studentane kjem til Volda for å få ei god utdanning. Det er ikkje nok å ha fine og nye hus – undervisninga må også vere god og nå fram til studentane. Og det handlar minst like mykje om studentane si oppleving av høgskulen utanfor undervisningslokala, som i biblioteket, grupperom, kantina og andre uformelle møteplassar. Vi må i alle fall ikkje gløyme det, og eg håper  vi kan bli betre i åra som kjem.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar