2021: Det var ikkje slik det skulle bli (oppdatert 13.1.2021)


Blogginnlegget vart oppdatert 13. januar med sitat frå HVL-rektor Gunnar Yttris helsingstale – sjå nedst.

Først og fremst: Godt nytt år til alle tilsette og studentar!

Men: Det er forvirrande og tilslørande stille i husa på Høgskulen i Volda om dagen. Forvirrande fordi: Det var ikkje sånn det skulle bli ved semesterstart! Vi skulle ha fullt køyr frå første dag. Stilla er også tilslørande, for alle fagtilsette har dei siste dagane kava med å bygge om undervisninga dei to første vekene av vårsemesteret 2021. Denne hektiske og kanskje frustrerande aktiviteten er ikkje synleg i ei tom kantine. Aktiviteten er synleg på Zoom i møte mellom fagfolk som nok ein gong ser dei fleste kollegene som frimerke på dataskjermen. Nei, det var ikkje sånn det skulle bli, no igjen.

Det er eit «himla styr» å få til dette, som eg sa til Khrono 3. januar. Beskjeden kom laurdag kveld, den 2. februar januar kl 22.30, berre få timar før semesteret skulle starte. Men det ser ut til at vi igjen står opp i ein alvorleg situasjon der smitten spreier seg svært raskt, så vi må nok tru på at meldinga kom så raskt det var råd.

Eg har full tillit til alle tilsette som på nytt har zooma seg inn på dei tusen omstillingane kvardagen krev har fått dei to første vekene under kontroll og at resultatet blir best muleg både for studentar og tilsette. Vi fekk det til i mars i fjor for eit heilt semester, så eg er sikker på at får det til minst like bra for denne og den komande veka. Eg er trygg på at alle tilsette gjer det dei kan for at studentane skal få best muleg undervisning og reknar med at også studentane ser at vi står i ein alvorleg og vanskeleg situasjon.

Ei stille kantine er trist – men syner at studentane er klar over alvoret.

Opp i dette skal vi ikkje gløyme at trass alt var vi heldige i Volda som fekk ein nesten 100 % smittefri haust. Det er berre å krysse fingrane for at vi er like heldige – og varsame! – i vårsemesteret 2021, og at det verkeleg berre unntakstilstand dei to første vekene av semesteret.

Vi har ting å gle oss til. Nytt i 2021 er at våre nye naboar i Volda Campus Sparebank1 Arena har flytta inn og vil gi meir god aktivitet på høgskuleområdet i åra framover. Til sommaren opnar Sivert Aarflot-huset dørene for nye generasjonar av mediestudentar. Og vi skal også pusse om Strøm-huset, få kunnskapspark og kanskje også symjehall. Vi gjer kanskje det same som nordmenn flest har gjort i koronatida: Vi bygger og pussar opp!

Nytt er det også at Høgskulen på Vestlandet (HVL) har fått ny rektor: Historikaren Gunnar Yttri tok til 1. januar. I sin innsettingstale 7. januar deklamerte han Bob Dylan-songen «Forever young» i ein mjuk nynorskversjon: «Må du alltid vera ung». Og det er oppløftande ord som er vel verd å dele i disse tider:

Må du alltid vera ung – sitat frå Gunnar Yttris helsing:

I all institusjonell historie og solid akademisk tradisjon; eg verdset det at Høgskulen på Vestlandet er ein ung institusjon. I våre tankar, ord og gjerningar kan det ungdommelege vera ei god kraft. Mange av våre studentar har med seg nett dette, ein vilje til å læra, ein vilje til å vera på veg, ein vilje å skapa noko nytt og betre, ein vilje til å dela, og ein ungdommeleg hang til å møta dagen, arbeidet og medmenneske med eit ope sinn, og å til å ringa inn det heile med leik og glede.
Musikaren, songskrivaren og Nobelprisvinnaren i litteratur, Bob Dylan, har i songen «Forever Young» skrive vers som rører ved dette. Eg vil gjerne at desse linjene er mi helsing til studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, og til våre mange gode samarbeidspartar og tilhøyrarar her i dag

Må du aldri gå i fare
Må livet gå din veg
Må du gjera godt for andre
Og la andre hjelpa deg
Må du sikta høgt og dristig
Og gjera alt med svung
Og må du alltid vera ung

Må du veksa og vera ærleg
Må du veksa og vera fri
Må du alltid vera trygg
Og sjå lyset på din sti
Må du alltid vera modig
Og sterk om dagen er tung
Og må du alltid vera ung

Må du alltid vera flittig
Må du vera lett på fot
Må du ha eit ankerfeste
Når vinden bles imot
Må du alltid kjenna glede
og høyra song i kvar ei stund
Og må du alltid vera ung

(Til norsk ved Olav Hamran og Gunnar Yttri)

Du kan høyre Yttri/Dylan 25 minutt inn i Youtube-filmen frå innsettingsseremonien til HVL, og både talen og resten av innsettingsseremonen er vel verd å få med seg.

Bilde frå Youtube-videoen frå innsetting av HVL-rektor Gunnar Yttri.

Med ønske om eit best muleg 2021!

Her er

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *