100 millionar nynorske ord – og fleire skal det bli!

Opningshelsing i høve Zoom-seminar om Nynorskkorpuset, Høgskulen i Volda / Universitetet i Bergen, 3. februar 2021.

Deltakarane på korpusseminaret – første skjermbilde i zoom-møtet.

Det er ei stor glede for meg som rektor på Høgskulen i Volda å få ønske Dykk alle velkomne til dette seminaret om korpusutvikling. Eg har forstått det slik at dette må vere eitt av dei største seminara om korpusutvikling som vi har hatt i Noreg. Det er veldig kjekt for ein liten å høgskule også å vere størst på noko.

Når vi snakkar om storleik så er nynorskkorpuset, altså samlinga av nynorske ord, på over 100 millionar ord. Orda er samla inn heilt tilbake frå ca. 1875 og omfattar mange ulike tekstar: Romanar og noveller, lover og stortingsmeldingar, aviser og lærebøker. Og frå det nynorske leksikonet Allkunne. Og korpuset veks heile tida, og litt av føremålet med dette seminaret er faktisk korleis nynorskkorpuset skal bli utvida. Det er ei spennande understreking av at nynorsk er eit språk som framleis er i vekst og utvikling og kort sagt er eit levande språk.

I strategiplanen for Høgskulen i Volda står det at nynorsk språk er ein viktig del av vår identitet. Slik har det vore svært lenge. Volda vart i si tid rekna som ein nynorsk hovudstad i Noreg og Volda lærarskule leverte ein jamn straum av landsmålskunnige lærarar.

I dag ser vi at med Høgskulen i Volda, Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa så er det eit breidt og livskraftig fagmiljø på nynorsk med mellom 30 og 40 fagfolk. Vi driv med forsking, utdanning og formidling av nynorsk språk og kultur. Og det ønskjer vi å halde fram med.

I 2021 skal høgskulen til på ein ny strategiprosess – vi skal planlegge for dei neste 5 åra – og eg er trygg på at vår nynorske profil og identitet blir teken vare på også framover.

Men eg må vel vedgå at mitt framlegg til formulering av dette oppdraget ikkje nådde heilt fram:

«Høgskulen i Volda skal varveitsle Noreg som ein folkedaningsheim.»

Men vi kan no praktisere det sjølv om vi ordlegg oss litt annleis i 2021 enn i 1921.

Men strategiplanar skal også konkretisast og følgjast opp. Og vi er nok høgskulen i landet som brukar mest nynorsk rekna i prosent av bruksmålet til tilsette, publisering på nettsidene våre og i andre kanalar og sikkert også i del nynorskbrukarar blant studentane. I mange år har vi hatt ein mastergrad i nynorsk skriftkultur, og det kjem vi til å halde fram med.

I alle fall har eg i mine fem år som rektor kjent på at samarbeidet med Universitetet i Bergen om språksamlingane har vore givande, spennande og viktig.  Vi er glade for at språksamlingane fekk ein tryggare heim i Bergen enn i Oslo og har vore med på å og vil vere med på den vidare utviklinga av dette arbeidet.

På forskingssida er nok samarbeidet med Universitetet i Bergen og andre om Språksamlingane den mest tydelege satsinga.

Ei felles forskingsgruppe om Nynorsk skriftkultur leia frå Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen viser at det er interesse for feltet hos forskarar på fleire institusjonar. 

Vidare arbeid med nynorskkorpuset er ein viktig del av dette samarbeidet og kanskje området der vi Volda vil kunne bidra mest, og eg håper på vidare utvikling på området.

Det må vel vere lov å kalle alle dykk som sit her ikkje berre ordhage, men kanskje også ordstyrar? Sidan de styrer med ord?

Eg tek sjansen og seier til alle ordstyrarar her i dag: Lukke til med seminaret!

Seminarleiarar: Førsteamanuensis Stig Jarle Helset og professor em. Johan Myking, UiB

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar