Orientering til høgskulestyret, 4. mars 2021.

Disputasen fekk god dekning på nettsidene våre, og du kan også lese helsing til doktorand Conradsen på rektorbloggen.
 

KORONA-situasjonen

Etter at koronaen blussa opp etter jul har vi vore varsame på Høgskulen i Volda. Dei to første vekene hadde vi berre digital undervisning. Etterpå har vi letta litt på tiltaka, men framleis har ca. halvparten av dei tilsette heimekontor og studentane har kanskje like mykje digital som fysisk undervisning.

Det har vore svært få smittetilfelle i vår region, og for dei fleste har helsetenesta hatt god kontroll. 

Kriseleiinga bestemte alt i fjor at våren 2021 skulle det ikkje haldast skriftlege skuleeksamenar ved Høgskulen i Volda.

For å gjere studiekvardagen lettare for studentane har vi i januar og februar gjeve studentar gratis frukost: Graut, kaffi/te og frukt. Dette har vorte svært godt mottatt og på det meste har studentane sett til livs nærare 40 kg graut på ein god morgontime. Kunnskapsministeren droppa også innom ein frukost – naturlegvis via video.

Regjeringa har i februar varsla fleire tiltak retta mot studentar. Vi har fått signal om at vi vil få tilsette studentar som seminargruppeleiarar og samskipnaden vil få midlar til å arbeide for studentanes psykososiale helse.

Onsdag 3. mars kom det pressemelding frå regjeringa der det vart klart korleis beløpa blir fordelt på institusjonar. Høgskulen i Volda fekk ca. 2,4 millionar kroner som skal brukast til å lønne studentassistentar. Det er eit vilkår at pengane skal brukast til ny og auka aktivitet og ikkje finansiere «eksisterande og finansierte» tiltak. Vidare skal vi legge til rette for at alle studentar kan søke på jobbane.

Studentsamskipnaden i Volda får til saman ca 1,3 millionar kroner som skal brukast til å lønne studentar som skal drive sosial oppfølging, til sosiale lågterskeltilbod og å styrke det psykiske helsetilbodet til studentar.

Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden og Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda har hatt eit godt samarbeid både seg i mellom i kriseleiinga og meir konkret i det vi kallar Velferdsgruppa så eg trur desse pengane vil kome godt med og bli brukte på ein god måte for studentane.

Bygging og parkering

Aktiviteten på høgskulen er klart lågare enn normalt. Dette betyr at vi ikkje har så mange som treng parkeringsplass som vanleg våren 2021. Vi har no tilgang til 100 parkeringsplassar under tak i kjellaren på idrettshallen Volda Campus Arena. Idrettshallen har no opna, men på grunn av korona er det mindre aktivitet der enn det vil bli når koronaen er over. Idrettshallen har både speleflater for innandørsidrett og klatrehall. Volda kommune arbeider med planar om symjehall som påbygging av idrettshallen.

I eit innlegg på rektorbloggen har eg prøvd å oppdatere dei mange planlagde og gjennomførte prosjekta på og ved høgskuleområdet, og i sum snakkar vi om ca. 2 milliardar kroner i gjennomførte eller vedtatte prosjekt – pluss tunnell til Ørsta som også vil koste milliardbeløp. Så det er kjekt at høgskulen ligg midt i eit spennande vekstområde både for offentleg og privat verksemd.

Her er lenke til innlegget:

Eitt av samarbeida er Kunnskapsparken som eit selskap under Volda kommune, Volda utvikling AS, nett no er i førarsetet for å utvikle som byggeprosjekt. Vi har hatt fleire møte med Volda Utvikling AS men lite er offentleg kjent om deira byggeplanar. Nett no er det viktigaste for høgskulen at vi har forlenga leigeavtalen for Ivar Aasen-huset med eitt år slik at vi kan tømme mesteparten av Hans Strøm-huset når det blir pussa opp. Skal vi bli ein leigetakar i det nye huset må det sjølvsagt skje etter ein anbudsprosess.

Når det gjeld innhaldet i Kunnskapsparken så samarbeider vi som før med Møre og Romsdal fylkeskommune, Sunnmøre kulturnæringshage (som også står for prosjektleiing), Volda kommune og private aktørar. Høgskulen er representert i styringsgruppa med dekanane på AMF og AKF og direktør.

Grunnskulelærarutdanninga:

Våren 2021 er eit slags mellomår for grunnskulelærarutdanning. Dei som starta for 4 år sidan har igjen eitt år av si femårige utdanning, så dei einaste som blir uteksaminert våren 2021 er dei som enten har hatt forsinking i utdanninga, eller som hadde starta på eit femårig tilbod før dette vart obligatorisk. For Høgskulen i Volda betyr dette at vi truleg ikkje kjem til å uteksaminere fleire enn ca. 5 kandidatar våren 2021.

Så langt er vi glade for å kunne fortelje at praksisen på grunnskulelærarutdanningane for det aller meste har gått som planlagt. Det er ingen studentar som har mista praksisplassen eller praksisskular som har måtta stenge på grunn av korona, men i kortare periodar har undervisninga vore digital på somme skular på grunn av lokal og avgrensa karantene. Men vi har grupper av studentar i praksis i heile vår, så det er framleis viktig å passe på og vi er framleis spente.

På studia i sosialfag vart praksis avslutta 1. mars, medan på mediefag har mange praksis i ca. 6 veker til.

DKL

På førre styremøte vedtok styret å flytte fagmiljøet DKL (Digital kompetanse i læring) over frå mediefag til Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Det blir arbeidd med dette gjennom eit partssamansett utval, og dei har sendt framlegg til måtar å gjere flyttinga på ut på ei intern høyring som har svarfrist 15. mars.

Forsking og høgare utdanning, våren 2021

Våren 2021 er det svært mange saker som gjeld vår sektor som skal opp til behandling i Stortinget. Både ny Universitets og høgskulelov og styring av sektoren er i kjømda. Det siste vi har høyrt om ny UH-lov er at lovframlegget truleg kjem før påske slik at saka kan bli behandla i Stortinget i vårsesjonen, som planlagt.

Men som vi har sett har handtering av korona førsteprioritet også i Storting og regjering så det er vanskeleg å ta så mykje for gitt.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar