Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Status pr 2021: INNLEGGET ER UTDATERT!

Mykje av det som står i dette innlegget er ikkje lenger rett, og mykje har skjedd sidan det vart skrive, så ikkje stol på at alle fakta her lenger er rette. Les heller det nye innlegget frå 2021 der status for prosjekta i dette innlegget er oppdatert – og nye prosjekt er tilføya!

Høgskuleområdet*) ved Høgskulen i Volda har starta på ei enorm vidareutvikling som i løpet av fire-fem år vil gi eit kraftig løft både av høgskulen, Volda sentrum og heile regionen. Dei samla investeringane i Studiebygda kan kome opp i heile 3/4 3 milliardar kroner.
 Talet må takast med nokre klyper salt, for ein god del av dette er planar – som kan bli endra, utsette eller stoppa. Og ein veit ikkje heilt sikkert kva ting kostar før siste rekning er betalt. Men mykje pengar blir det. Om ein også reknar med Voldatunnelen til dei samla utbyggingane så kan vi faktisk doble beløpet – då kan det ein gong etter 2021 ha blitt bygd for til saman 1,5 3 milliardar i gangavstand frå kantina i Berte Kanutte-huset.
 
Utvikling er nødvendig og bra og eg er heilt sikkert på at både tilsette, studentar, tilreisande og folk flest er glade for at det skjer nybygging og utvikling av den største høgskulen i Møre og Romsdal.
 
Alternativet til ny- og utbygging er ikkje så lysteleg.
Alle byggefasar vil by på sine vanskar og overgangsproblem, men då er det viktig å tenkje på at resultatet er at ting skal bli betre etterpå.
 
Det er kanskje sjølvsagt, men Volda kommune er ein viktig samarbeidsaktør for Høgskulen i Volda i dei mange utbyggingane. Leiinga ved Høgskulen har tett og god kontakt med Volda kommune – først og fremst ordførar og rådmann – og vi har alt å vinne på det. Skulane til Volda kommune og høgskuleområdet er naboar og blir meir og meir infiltrert i kvarandre på mange vis, så vi har alt å tene på å samordne oss så godt vi kan. Sambruk av idretts- og symjehall, kultursal i Sivert Aarflot-huset og muleg samarbeid inn mot Volda Campus Arena er berre nokre stikkord.
 
Kva prosjekt er det så snakk om som gjer at det i åra 2016-20212026 kan bli bygd for rundt 3/4 2,5 milliardar i Volda sentrum?

1) Rehabilitering av Henrik Kaarstad-huset (2015-2016)

 
Henrik Kaarstad-huset, bygd 1922
Statsbygg har i samarbeid med ei rekkje hovudsakleg lokale og regionale firma løfta Henrik Kaarstad-huset inn i framtida. Prosjektet gjekk i 2015-2016 og prosjektslutt vart markert under opninga av høgskuleåret 2016-2017 i august 2016. Samla sett har prosjektet kosta godt over 60 millionar kroner men har då også gitt det eldste huset på Høgskulen i Volda heilt nye undervisningsrom og ikkje minst luftkjøling. Framleis står det att arbeid som må gjerast. Det viktigaste er kanskje nye vindauge – dei er skikkelig dyre fordi fasaden er verna! – og så håper eg vi kan få på plass flomlys som kan syne fram dette smykket av eit høgskulehus.

2) Øyra skule (2015-2017)

Volda kommune har bygt ny barneskule for Volda sentrum. Den heiter Øyra skule, og har dette namnet sitt fordi skulen tidlegare låg ved utløpet av Øyraelva i Volda sentrum. Den nye skulen er næraste nabo til Berte Kanutte-huset og kostar ca 250 millionar kroner. Ein barneskule vegg i vegg med ein høgskule som utdannar lærarar er ein bra ting – og Øyraskulen er aktuell som partnarskule for Høgskulen i Volda.
 
Øyra barneskule. Foto: Voldaskulen.no
 

3) Volda Campus Arena (2017-2019)

Volda Campus Arena – ideskisse
Volda handball og KFUM Volda (volleyball) samarbeider om prosjektet Volda Campus Arena som no arbeider med detaljplanlegging av ein ny, stor idrettshall på Joplassen, midt i høgskuleområdet. Prosjektet vil koste 80-100 millionar kroner og vert planlagt som ein dobbel idrettshall med plass til framtidig symjehall. Idrettshallen skal byggjast slik at den kan vere arena for internasjonale kampar i handball og volleyball, og sikkert andre idrettar. God tilrettelegging for medieformidling frå slike og andre arrangement gir ein vinn-vinn situasjon med høgskulen.

4) 120 nye studentbustader på Heltne (2017-2019)

Studentsamskipnaden i Volda fekk for kort tid sidan klarsignal frå Kunnskapsdepartementet til å byggje 120 nye studentbustader på Heltne, like ved dei tre bustadblokkene frå 1970-talet. Der er også plass til framtidig utviding om det trengst. Dette vil gje eit løft i kvalitet på studentbustadene i Volda. Husbanken stiller detaljerte krav for bygging av studentbustader. Blant anna er maksimal kostnad pr hybel sett til kr 700.000. Prosjektet vil etter dette kunne ligge på ca 80-90 millionar kroner. Dette blir den første større utbygginga av studentbustader i Volda på ca 20 år.

5) Oppgradering av studentbustadene på Heltne og Porse (2019-2020)

Studenbustadene på Porse
Når dei 120 nye studentbustadene står ferdige er det planen å oppgradere dei to studentblokkene på Porse og dei tre andre blokkene på Heltne. Dei fem blokkene vart bygde på 1970-talet og må naturlegvis haldast ved like og oppgraderast for å vere attraktive for studentar også i framtida. Studentsamskipnaden er ikkje ferdig med å rekna på kva dei ønskjer å få gjort og kva det vil koste.

6) Oppgradering av Idrettsbygget, og eventuelt symjehallen (2019-2020)

Idrettsbygget ved Høgskulen i Volda, bygd 1961
Høgskulen vil om kort tid gjere greie for status når det gjeld symjebassenget i Idrettsbygget og invitere Volda kommune inn i eit spleiselag for å forlenge levetida til symjehallen fram til ca 2030. Det vil truleg koste over 20 millionar kroner og høgskulen kan ikkje betale dette aleine. Alternativet kan vere at symjehallen blir riven, men resten av Idrettsbygget vil truleg ha mange års levetid, sjølv om huset vart bygd så langt tilbake som i 1961. Om symjehallen skal rivast så vil det truleg koste ca 10 millionar kroner å rive og byggje ny yttervegg. Dette må skje  innan 2020 så det hadde vore greitt å fått avklara saka tidlegast råd. I 2017 har det vorte klart at Høgskulen og Volda kommune ikkje ønskjer å oppgradere symjehallen. Volda kommune har kravd at det vert teke høgde for symjehall i Volda Campus Arena, og kommunen har også sett av pengar til symjehall i langtidsbudsjettet.
Symjehallen i Idrettsbygget

7) «Sivert Aarflot-huset» (arbeidsnamn) og kultursal (2020)

Nytt mediehus på Høgskulen i Volda (Ideskisse 2015)
Høgskulen i Volda har gjennom eit Campusutviklingsprosjekt peika ut eit nybygg som blant anna kan samle mediefaga som det viktigaste store prosjektet på høgskulen. Statsbygg var partnar i campusutviklingsprosjektet og vil også stå som utbyggjar av det nye huset som eg har gitt arbeidsnamnet «Sivert Aarflot-huset». Huset skal ikkje bli berre eit mediehus men også ein arena for eksperimentering og utvikling for alle høgskulens studietilbod. Snart kjem det nye teikningar av huset – vi har noko å gle oss til! Huset vil koste over kr 150 mill.
 
Volda kommune ønskjer å delta i dette byggeprosjektet ved å byggje ein fleirbrukssal, ein kultursal, der ambisjonane er at det skal bli 500 sitjeplassar og dermed bli Voldas storstove med plass til blant anna ungdomsskulens Grand prix, Volda vidaregåande skules årlege musikal, heimebane for Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og heilt sikkert andre musikk og kulturarrangement. Det vil også bli bygd ein visningssal som kan fungere som kino.

8) Oppgradering av Ivar Aasen-huset og Volda Kunnskapspark (2020-2021)

Slik det ser ut i dag vil Ivar Aasen-huset, landets første DH-hus, mest truleg bli oppgradert etter at Sivert Aarflot-huset står ferdig, kanskje i 2020-2021.  I 2017 var oppgradering og råbygg til ein tredje etasje kostnadsrekna til ca kr 40 mill.
 
Sunnmøre Kulturnæringshage har i fleire år arbeidd med planar for Volda kunnskapspark. Høgskulen i Volda er den einaste i landet som ikkje har ein kunnskapspark, og samfunnet har dermed ikkje fått så god tilgang til kompetanse og potensiale som finst i møtepunktet mellom studentar, tilsette og arbeidsliv. Om alt går som det skal ville kunnskapsparken kunne bli etablert og flytte inn i Ivar Aasen-huset etter at det er oppgradert.

Andre prosjekt

Og som det heiter: Og som ikkje det var nok! I tillegg er det fleire prosjekt som vi i dag ikkje veit så mykje om når dei kan kome, men som vil tvinge seg fram ein dag.
 
  • Volda kommune vedtek reguleringsplan for Voldatunnelen våren 2017. Tunnelen får innslag like under Sjukehusvegen 6A (gamle hjelpepleieskulen), og vil kome ut like ved den store rundkøyringa i Furene og bli ny E39 og dermed hovudveg mellom Volda og Ørsta. I skrivande stund har ikkje Voldatunnelen vorte nemnt i lekkasjane frå Nasjonal transportplan, så det er usikkert når tunnelen blir bygd. Tunnelen vil føre til store endringar i vegane rundt høgskulen i sjukehuset, og det vert truleg bygt gangbruer for gåande og syklande over dagens rundkøyring ved Kiwi. Eg håper tunnelen også kan gjere det lettare å byggje betre busstilbod for reisande til og frå sjukehuset og høgskulen. Tunnelen vil aleine koste ca 3/4 to milliard . Les meir om prosjektet på Statens Vegvesen sine nettsider.
  • Voldahallen frå 1978 har også fått tekniske vurderingar som tilseier at huset burde vore oppgradert – eller rive. Det er uklart kva som blir framtida til dette huset. Men det trengst nok  fleire flater for hallidrett i Volda sentrum.
  • Volda ungdomsskule har vore moden for oppgradering i mange år – men har førebels måtta vente på ei rekkje andre skuleutbyggingar.
  • Volda sjukehus stod ferdig i 1986. I 2018 har det vorte lagt fram planar om å utvide sjukehuset – men kanskje ikkje før rundt 2030.

Samla oversyn over byggjeprosjekta på og ved Høgskulen i Volda 2015-2021

 
Prosjekt
Eigar
Prosjektperiode
Kostnad(/overslag)
1) Rehabilitering Henrik Kaarstad-huset
Statsbygg
2015-2016
65 mill
2) Øyra Skule
Volda kommune
2015-2017
250 mill
3) Volda Campus Arena
Volda handball / KFUM Volda
2017-2019
80-100 mill
 
4) Nye studentbustader Heltne
Studentsamskipnaden i Volda
2017-2019
80-90 mill
 
5) Rehabilitering studentbustadene Heltne og Porse
Studentsamskipnaden i Volda
2019-2020
(Uavklara)
 
6)  Idrettsbygget / evt symjehall
Statsbygg
2019-2020
10-20 mill
 
7) Sivert Aarflot-huset
Statsbygg
2017-2020
Over 150 mill
 
8) Oppgradering av Ivar Aasen-huset, Kunnskapspark
Volda kommune
2020-2021
(uavklara)
 

Er dette berre bra?

 
Har så desse utbyggingane ingen ulemper for den vesle høgskulen ved den djupe fjorden?
 
Det kan bli endå vanskelegare å finne parkeringsplass på høgskulen, og sjølv håper eg vi kan unngå betalingsparkering før vi har fått betre busstilbod til studentar og tilsette.
 
Når det skal byggjast tunnell mellom Volda og Ørsta så må rekne med at Sjukehusvegen 6A – den tidlegare hjelpepleieskulen kanskje går med i tunnellbygginga. Det er gode undervisningslokale som då eventuelt blir borte.
 
Dei opne areala på, ved og rundt høgskuleområdet vil no verkeleg bli bygde ned. Blir det då knapt med areal til framtidige utbyggingar? Det vil vonleg kome fleire runder med utviding eller oppgradering av høgskuleområdet og husa som står der. Kanskje er brakkebyen bakom Ivar Aasen-huset og Hans Strøm huset nærliggande areal å ty til. Der har fleire enn 60 tilsette sine kontorplassar. Andre tilgjengelege område kan vere mellom Henrik Kaarstad-huset og Berte Kanutte-huset. Men det minkar på öppna landskap.
 
Sommarsol ved HVO, juni 2016. Foto: Johann Roppen.

Eit betre høgskuleområde

 
Eg håper at alle utbyggingar i høgskuleområdet skal gjere oss og høgskuleområdet betre, og med «betre» meiner eg følgjande:
 
  • Meir samanhengande høgskuleområde: Nybygging må ikkje gjere det vanskelegare å gå rundt på eller å finne fram på høgskuleområdet – og det må bli lettare å samarbeide på tvers av fag. Om vi klarer å binde saman fleire av husa våre med bruer eller takoverbygg så skaper vi også eit meir samanhengande høgskuleområde.
  • Meir tilgjengeleg høgskuleområde: Vi må ikkje kome dit at vi ikkje har nok parkeringsplassar eller gode kollektivtilbod til Høgskulen i Volda.
  • Ta vare på dei estetiske kvalitetane: Henrik Kaarstad-huset frå 1922 er eit stasbygg og vår urbygning. Den må få plass til å skine. Vonleg kan våre etterkomarar tenkje det same om andre av husa på høgskuleområdet om 100 år.
  • Hugs utdanningskvalitet: Studiebarometeret og kvardagserfaringane fortel at studentane kjem til Volda for å få ei god utdanning. Det er ikkje nok å ha fine og nye hus – undervisninga må også vere god og nå fram til studentane. Og det handlar minst like mykje om studentane si oppleving av høgskulen utanfor undervisningslokala, som i biblioteket, grupperom, kantina og andre uformelle møteplassar. Vi må i alle fall ikkje gløyme det, og eg håper  vi kan bli betre i åra som kjem.

God campusutvikling

Djupegrova september 2016
Campusutviklingsprosjektet var spennande og fortalde oss ting om oss sjølve som vi kanskje ikkje hadd tenkt på. Blant anna vart elva Djupegrova som renn gjennom høgskuleområdet rekna som ein estetisk kvalitet i seg sjølv. Andre stader vert det brukt millionbeløp på å byggje tiltak av ein slik type, men hos oss var dette naturleg. Ein annan kvalitet ved høgskuleområdet er at det er ope for gjennomgang i alle retningar og er integrert i bygda. Det er i alle fall ikkje geografi eller arkitektur om Høgskulen i Volda skulle bli oppfatta som ein lukka institusjon.
 
Så eg håper dei mange utbyggingane kan ta vare på og vidareutvikle kvalitetane ved det utvida høgskuleområdet og ikkje minst at det kan bli oppfatta som ein viktig og verdifull del av Volda sentrum. Eg trur vi kan få det til!
 
PS: Dei språkmedvitne har vonleg lagt merke til at eg så langt råd har prøvd å unngå bruke ordet Campus. Det er sjølvsagt heilt med vilje. Ordet campus kan tyde høgskuleområde, men slett ikkje berre det. Så campus er diverre eit nokså upresist omgrep som vi bør forklare særskilt nøye om vi absolutt ønskjer å skrive det. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar