Henrik Kaarstad-huset: Nytt tak på 96-åringen

Nøkkelpersonar i arbeidet: Arbeidsleiar Olav Rangseter i Dalsfjord Bygg og Driftsleiar Frank Lande ved Statsbygg i Volda.

Taket på Kaarstad-huset blir no reparert. Det er derfor huset har vore ikledd stillas på alle kantar dei siste månadene. Men i september skal arbeidet vere ferdig og stillasa blir fjerna. Og då blir det vonleg fleire tiår før det blir nødvendig med nytt takarbeid av særleg omfang. Førre gongen taket vart reparert var tilbake i 1982, men diverre var det no nødvendig å ta att ein god del av arbeidet frå 1982 – det var ikkje godt nok.

– Eg har sett det i fleire år at taket må takast, seier Statsbyggs mann i Volda, Frank Lande. Og i 2018 var pengane på plass så arbeidet kunne gjerast.

I tillegg til taksteinen har det også blitt reparasjonar i klokketårnet, takrenner og beslag og måling av vinduskarmar og ymse anna. Så det blir ein verkeleg rehabilitert og skinande 96-åring som viser seg fram når stillasa blir tekne bort.

Eitt artig historisk poeng er at nokre av takhellene var gåen, men det var ikkje nødvendig å dra veldig langt for å finne nye: Ei gammal løe på Engeset i Volda hadde Altaskifer av akkurat same kvalitet og alder som på Kaarstad-huset.

Då Kaarstad-huset skulle byggast for nesten 100 år sidan kom også vesentlege bidrag i form av steingardar og steinrøyser frå nabobruka. Steinen vart brukt til fundament – så lærarskulen er bokstavleg talt bygd på fast grunn av stein og sveitte frå vestlandske småbrukarar. Så då kan det etter hundre år også vere passande at også delar av taksteinen blir levert frå eit nærliggande småbruk.

Mesteparten av arbeidet med taket har vorte utført av Dalsfjord bygg og andre lokale leverandørar. Den samla verdien av kontraktane er nærare 7,5 mill og kjem frå ulike budsjettpostar i Statsbygg.

Så kan ein håpe på at det i 2019 kanskje vil det også kome på plass utvendig lys for å syne fram Kaarstad-huset nattestid – det fortener det! Det er alt grave ned trekkerør i parkeringsplassen framfor huset, så første steget er gjort i dette arbeidet.

Henrik Kaarstad-huset og parken framfor huset er verna i det som heiter verneklasse II.

Les Statsbygg Midt-Noregs omtale av Kaarstad-huset.

Kaarstad-parken er også verna.
Bra utsikt frå taket av Kaarstad-huset.
Frank Lande, Statsbygg (til venstre) og rektor Johann Roppen.
Henrik Kaarstad-huset august 2018: Stillasa skal bort i løpet av september.

 

Klokka «Mors minne»: Den ringer vanlegvis kvar morgon kl 08.15 for å hjelpe mor til å sende borna til skulen.
Altaskifer – den kan halde i hundrevis av år.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar