Studiebarometeret 2020: Blanda drops for Høgskulen i Volda

Over tid ser vi likevel at det er det ein sterk tendens at ein del institusjonar over tid legg seg på eit stabilt nivå i Studiebarometeret. Over tid skjer det berre små endringar på institusjonelt nivå. Men både Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde har dei siste åra hatt ganske store utslag – med hopp på 0,4 og 0,5 for einskilde år. Men for Volda sin del – altså ikkje store utslag i koronaåret.

Korleis står vi oss i høve til andre? Her er resultata for oss våre nabo-institusjonar på Vestlandet for 2020:

Universitetet i Bergen: 4,1
nasjonalt gjennomsnitt: 4,0
Høgskulen i Volda: 3,9
Høgskulen på Vestlandet: 3,9
Høgskolen i Molde: 3,8
Universitetet i Stavanger: 3,7

Avisa Møre-Nytt i Ørsta skreiv i sin omtale av Studiebarometeret på at Høgskulen i Volda var «misnøgde» fordi vi var blant institusjonane som låg under gjennomsnittet. Til det må vi vel seie at vi ikkje var så veldig langt under gjennomsnittet. Eg trur heller ikkje at voldastudentane generelt er misnøgde. Men som sagt: Vi ønsker å få betre resultat i framtida.

Noko anna vi ser i Studiebarometeret er at innanfor einskilde fag er studentanes vurderingar av «overordnet tilfredshet» stabilt lågare eller høgare enn nasjonale gjennomsnitt. Det gjeld blant anna lærarutdanningane som nasjonalt sett ligg stabilt lågare enn gjennomsnittet. Så institusjonar med stor del lærarstudentar vil etter dette få lågare resultat enn andre institusjonar utan lærarutdanning.

Av einskildresultat på Høgskulen i Volda for 2020 å står Avdeling for kulturfag verkeleg fram med gode resultat på alle utdanningane – og med betre resultat enn i fjor. Studentane på avdelinga gir karakteren 4,4 på karakteren «overordnet tilfredshet». Også på dei fleste einskildspørsmål er resultata betre enn i fjor – og på somme studieprogram heilt framifrå. Heile avdelinga fortener minst eitt klapp på ryggen!

Så bør vi spørje både leiing, tilsette og studentar på Avdeling for kulturfag om det har vorte gjort vesentlege endringar som kan forklare sterk framgang? På det ytre planet har det skjedd ting. Lokala til kulturfag har vorte pussa opp og betra over fleire år. Dekan Unni Hagen seier at studieprogramleiarane og emneansvarlege er lyttande overfor studentane i undervisninga – og fleire av dei har tilrettelagt for å bidra til å sikre sosial omgang innanfor smittevernreglane.

Det høyrest veldig bra ut å engasjere studentane i deira eigen kvardag, og kan aldri vere feil. Sjølv har eg også lagt merke til at det har vore fleire engasjerte studentar frå AKF i studentdemokratiet dei siste åra.

Vi bør nok også tenke litt på situasjonen der Studiebarometeret vart gjennomført: Vi hadde ein tilnærma normal studiekvardag på Høgskulen i Volda, der blant anna spesialroma var i full bruk: Teatersalen, konsertsalen, øvingsromma for musikk, verkstadene for design, kunst og handverk. Og det etter ein vår i karantene. Så kanskje sette studentane på kulturfag særleg pris på det?

Det verka i alle fall slik då teatersalen opna igjen vinteren 2021.

På dei andre avdelingane har vi varierande resultat på ulike studieprogram. Men vi har ingen studieprogram med verkeleg svake resultat, og det er bra.
Kort oppsummert er resultata på Avdeling for samfunnsfag og historie og på Avdeling for mediefag ikkje så ulike resultata i 2019. Fagmiljøa, avdelingane og leiinga vil gå nærare inn på detaljane i Studiebarometeret for å kunne seie meir presist kva som bør gjerast. Og som alltid: Studentane må involverast i arbeidet, både med tolking av resultat og med framlegg til endringar.

Gjennom åra med Studiebarometeret har vi sett at spørsmålet «overordnet tilfredshet» kan vere både forførande og forvirrande. Forførande enkelt å ty til for å få eit raskt overblikk. Men også forvirrande fordi det ikkje alltid ser ut til å vere ein sterk samanheng mellom kor nøgde studentane er på overordna nivå, og kor nøgde dei er på einskildspørsmål.

Eg meiner dette til ein viss grad er tilfelle på lærarutdanningane i 2020 der dei fleste studieprogramma har fått nokså svake resultat på «overordnet tilfredshet». Samtidig er studentane mykje godt nøgde med blant anna det faglege innhaldet. Det ser ut til at studentane har vore misnøgde med delar av fagleg/administrativ tilrettelegging og truleg også frammøteregistrering. Eg ser ikkje bort frå at om det var spesielle problem som bobla opp akkurat då studentane skulle svare på spørsmåla i studiebarometeret og at dette kan ha påverka svara ein del.

Men eg veit at fagmiljøet alt har teke tak i desse spørsmåla, både for i år og for komande studieår.

Om eit halvt års tid er det på tide med Studiebarometeret for 2021. Sjølv om Avdeling for kulturfag fekk gode resultat i 2020 så er det som kjent ikkje slik at ein må vere dårleg for å bli betre. Eg må nok også alt no seie at eg har godt håp om at det blir eit godt løft for mediestudentane som flyttar inn i det splitter nye Sivert Aarflot-huset hausten 2021 og at dei også blir satsa på med mykje nytt utstyr. Dette burde vise igjen i Studiebaromeret, men samtidig treng alle nye hus eit års tid med innkøyring. Studentar og tilsette på Avdeling for samfunnsfag og historie må bu seg på ein haust med ombygging av Hans Strøm-huset, så det kan vel slå ut andre vegen? For lærarutdanningane er utfordringa klar: Tala for 2021 må bli betre enn i 2020. Det trur eg vi skal klare.

Så tilbake til spørsmålet eg stilte innleiingsvis: Korleis er det muleg, at studentane er nesten like overornda tilfreds i 2020 som i 2019, når det har vore så enorme endringar i studiekvardagen frå mars 2020? Her trur eg det handlar om at studentane ser at både studentar og tilsette har gjort det absolutt beste ut av ein krevjande koronakvardag, og det fortenar studentane ros for.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar