Orientering til høgskulestyret, 10.12.2020

Kriseleiinga har hatt ein gjennomgang av sitt arbeid med eit eksternt konsulentfirma som vurderte det slik at Høgskulen i Volda var langt framme i krisehandteringa  – både ved at vi faktisk hadde ein pandemiplan, at vi hadde trena og at vi no arbeider med evaluering og vidare planlegging av beredskapsarbeidet.

Studieadministrasjonen har fått inn førebelse tal for eksamenane i vår. For våren 2020 er det vanskeleg å sjå ein sterk koronaffekt i form av auka fråfall og stryk. Dei førebelse tala og vurderingane frå Studieadministrasjonen tyder på at både oppmøteprosent og strykprosent er innanfor normale variasjonar, altså ikkje så ulikt tal vi har sett for dei siste åra. Det var 4.135 studentar som melde seg opp i ein eller fleire eksamenar på Høgskulen i Volda våren 2020. Det er fleire enn nokon gong tidlegare. I alt gjennomførte dei 6.196 eksamenar og strykprosenten var på ca 5,1%. Det var ca 8,4 prosent som trekte seg frå eksamen.

Tabell med oversyn over eksamenstal står nedst på denne sida.

Parkering

Kommunestyret i Volda  nei til den første avtalen med Statsbygg om bruk av parkeringsplassar i kjellaren på idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena. Statsbygg og Volda kommune forhandla vidare om ein ny avtale for at høgskulen skulle få rekne desse parkeringsplassane som oppfylling av parkeringskrav knytt til Sivert Aarflot-huset. For Statsbygg gjekk prisen opp til 4,75 mill. Parkeringskostnaden er innbakt i husleiga for Sivert Aarflot-huset.*) Det er viktig å presisere at Høgskulen ikkje har kjøpt desse plassane. Dei er tilgjengelege for tilsette og studentar når der er ledig, og på kvelds- og helgetid kan til dømes brukarar av Volda Campus Sparebank1 Arena bruke plassane gratis.

*) Då innlegget vart publisert stod det diverre ein uferdig redigeringskommentar på dette punktet. Retta opp ca 1 time etter publisering.

Grunnskulelærarutdanninga:

I koronasamanheng kan det nemnast at i haust har praksisen for våre studentar gått bra og vorte gjennomført. Einskilde studentar har hatt korte periodar med karantene, men det har løyst seg.

I budsjettavtalen mellom regjeringa og Framstegspartiet vart det eit kutt i budsjettet til Kunnskapsdepartementet og det kom heller inga styrking av finansieringa av det 5. året i Grunnskulelærarutdanninga. Dei første studentane startar på 5. året hausten 2021 så vi kan vel alt no starte å håpe på at 2022-budsjettet blir betre. Men uansett: Fagmiljøet seier at dei skal klare dette.

Tal studentar, eksamensoppmeldingar, prosentdel ikkje-møtt og prosentdel stryk for Høgskulen i Volda, vårsemesteret 2008-2020.

År
(vår)
StudentarEksamenar
(oppmeldingar)
Ikkje møttStryk
2008              2 721              4 6365,7 %5,9 %
2009              2 859              4 9378,4 %3,7 %
2010              2 977              5 0927,9 %4,4 %
2011              3 156              5 6178,2 %5,1 %
2012              3 291              6 0668,3 %4,5 %
2013              3 471              5 9617,0 %3,5 %
2014              3 514              6 0446,4 %3,7 %
2015              3 439              6 1955,8 %3,4 %
2016              3 545              6 1895,9 %4,3 %
2017              3 703              6 1666,3 %5,0 %
2018              3 838              6 7456,3 %4,3 %
2019              3 708              6 4706,9 %3,8 %
2020              4 136              6 7678,4 %5,1 %
Førebelse tal for studentar, eksamensoppmeldingar og prosent studentar ikkje møtt til eksamen og strykprosent. Høgskulen i Volda, vårsemesteret 2008-2020.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar