Opprykkseminar 2021: Planlegg godt – og gå i lag med andre

Opprykksseminar, 8. mars 2021

Kjære alle her i dag, og ei særskilt helsing til alle kvinnelege førstekompetente som har møtt opp her i dag. Gratulerer med kvinnedagen, og gratulerer også til oss sjølve, til HVO, med at vi har eit opprykksseminar her i dag.

Kontor for kommunikasjon har brukt eit fantastisk bilde som illustrasjon for dette arrangementet: Ein kvinneleg skiløpar som har nådd toppen og som står i sola og skodar ut over ei snøkledd tinderekke. Så sjølv om ho har nådd toppen så står det nye spennande utfordringar i kø. Eg håper dette kan vere til inspirasjon for dei som står i eit kompetansebyggings- og karriereløp – anten dei no ser toppen der framme, er midt i løpet eller berre har begynt å planlegge ruta.

Dette med fjell og klatring mot ein topp har vi også brukt som illustrasjon på bygging av toppkompetanse også i andre samanhengar, og eg har sjølv også brukt dette som metafor i eit blogginnlegg og helsing i høve starten av balansehub-prosjektet som dette arrangementet er ein del av.

Metaforar kan vere forklarande, men dei kan også fort bli forelda. Dei krev i alle fall analyse og vidareutvikling. Nett som forsking.

Er det no slik at det berre er sol og spennande tinderekker å nå når ein har klatra opp til ein akademisk topp – eller ein topp i Sunnmørsalpane? Nei det er ikkje nødvendigvis det.

Ulike toppar byr på ulike vegar vidare. Somme kan ein berre snu ned frå med det same. Andre toppar høver best til sommarbruk. Andre toppar når ein berre i lag med andre. Og andre toppar når vi ikkje opp til fordi veret eller utstyret tvingar oss til å avbryte.

Slik er det også i forsking og bygging av ein karriere som forskar. Og det einaste som hjelper er å planlegge best muleg, å lære av dei som har gått rutene før og å tenkje mange steg – og toppar – vidare. Og å unngå farar på vegen.

Karrierebygging og fjellklatring: Balanse er viktig

Helsing på avspark for Balansehub i Volda – som ein del av det nasjonale prosjektet «Nettverksstøtte til å fremme kjønnsbalanse i norsk forsking».

For nokså nøyktig fire år sidan, i februar 2017, hadde Høgskulen i Volda eit seminar om Likestilling og karrierebygging i akademia. Arrangør var Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet i fellesskap.

Tittelen på seminaret var: «Korleis kan fleire nå toppen?» og på  seminarplakaten var det eit bilde av ein kvinneleg fjellklatrar i ein nokså bratt motbakke, ein skremmande loddrett fjellvegg. Er det så vanskeleg for kvinner å nå toppen?

Korleis kan fleire nå toppen? Seminar om likestilling og karrierebygging i akademia, 15. februar 2017.

I samband med seminaret i 2017 gjorde eg opp ein status og historikk for høgskulen når det gjeld likestilling og kvinners rolle på Lærarskulen, Distriktshøgskulen og Høgskulen i Volda i eit blogginnlegg.

Status i 2017 var at kvinner var i fleirtal blant studentane, stipendiatane og høgskulelektorane på Høgskulen i Volda. Kvinner var altså framtida for høgskulen. Men blant førstekompetente og toppkompetente var menn i fleirtal.

Kva så med historia?

Høgskulen vart starta først i 1861 og fekk ein ny start i 1895. Og historia fortel at etablerarane, alle rektorane og alle som bestemte noko, det var menn. Men med lærarskulen opna også verda seg mot Volda, og Volda opna seg mot verda.

For å dra ein liten parallell til klatring, så var det nett i desse tiåra på slutten av 1800-talet at verda, eller i alle fall klatrarane, oppdaga oss og fjella på Sunnmøre: Britane William Cecil Slingsby og Charles Watson Patchell klatra på Sunnmøre og gjorde vårt alpine landskap kjent – i dei same åra som lærarskulen blei til.