Kunnskapsdepartementet inviterer til dialogmøte om struktur

Bilde av statssekretær Bjørn Haugstad.
Møteleiar er statssekretær Bjørn Haugstad.

Kunnskapsdepartementet har invitert høgskulane på Vestlandet til møte om framtidig struktur i høgare utdanning. Eller for å vere korrekt – her er tittelen på invitasjonen:

Kunnskapsdepartementet inviterer til møte om strukturen i universitets- og høyskolesektoren på Vestlandet 7.-8. september 2015

Kva er så rekna som Vestlandet i denne samanhengen? Her er dei inviterte institusjonane:

Høgskulen i Sogn og Fjordane skriv namnet sitt annleis enn Kunnskapsdepartementet. Eg reknar med at Høgskulen i Sogn og Fjordane kjenner best seg sjølv – og håper at dette ikkje er eit generelt uttrykk for at departementet framleis har dårlege kunnskapar om høgskulane på Vestlandet. I så fall er det nok verkeleg på tide med eit dialogmøte.

Universitetet i Stavanger er ikkje invitert med på møtet – og heller ikkje Høgskolen i Molde. Vi får nok vite på møtet kvifor dei ikkje er rekna med til Vestlandet, når Haugesund og Volda er det. Men igjen: Vestlandet er stort og langt. Og så har antakelig departementet ein agenda på kva høgskular dei ser føre seg i fusjonsbølgja. For det er nok det Kunnskapsdepartementet og Bjørn Haugstad helst vil snakke om.

Frå Høgskulen i Volda si side ser vi fram til dialog med departementet og er nok heilt på linje med Kunnskapsdepartementet i at å styrke kvaliteten er ein prosess som eigentleg aldri blir ferdig. Kunnskapsdepartementet har lagt fram ni kvalitetsmål som skal gjelde fram til 2017 då kvalitetsbegrepet i høgare utdanning skal vere ferdig utgreidd. Etter mi meining står Høgskulen i Volda seg godt på desse kvalitetsmåla – og det vil vi naturlegvis framføre i møtet med departementet.

Det er altså ikkje slik at stort nødvendigvis er best, eller at små høgskular er svake. Andre høgskular på storleik med Volda har også lagt fram dokumentasjon på dette.

Særleg gjennom UH Nett Vest har høgskulane på Vestlandet samarbeidd godt om faglege spørsmål i mange år. Samarbeidet går mange tiår tilbake, og handlar både om identitet og kvar fagfolk har teke utdanning og seinare flytta på seg. Uansett kva som blir framtidig høgskule- og universitetsstruktur så klarer eg ikkje å forestille meg at faglege nettverk som UH Nett Vest eller andre regionale, nasjonale og internasjonale nettverk vil la seg binde av institusjonsgrenser. Det vil i alle fall ikkje fremje kvalitet.

Er det eigentleg så mange mindre høgskular igjen? Kva plass har dei i eit framtidig landskap med mange store fleircampus-universitet? Det kan vere verd å minne om at i tillegg til høgskulane på Vestlandet så er det også ei rekkje statlege høgskular på Østlandet som framleis er frittståande – antakelig av gode grunnar. Desse er:

  • Høgskolen på Lillehammer
  • Høgskolen i Hedmark
  • Høgskolen i Østfold
  • Høgskolen i Oslo og Akershus

Det samla talet på studentar i dei fem høgskulane på Vestlandet og dei fire på Østlandet er faktisk på over 60.000 – om ein inkluderer Høgskolen i Molde i reknestykket. Med fusjonsbriller framstår dette sikkert som hår i suppa, hump i vegen eller noko anna irriterande. Eit anna perspektiv er at dette er høgskular der det faktisk ikkje er opplagte fusjonspartnarar – at fusjon kan koste meir enn det smakar.

På eit førebuande møte før dialogmøtet vart det i alle fall klart for meg at verdiar som sjølvstende, utdanning der folk bur og regionalt partnarskap heng i hop og er levande og viktige for dei mange sjølvstendige høgskulane. Det framstår ikkje som direkte opplagt at fusjonar ville styrke slike verdiar.

Det verkar også som at dei andre sjølvstendige høgskulane er nyfikne på ideen som høgskulane i Molde, Lillehammer og Volda utgreiar: Ein høgskuleallianse. 

Ideen med ein allianse er å beholde dei sterke sidene ved sjølvstendige høgskular, men å oppnå stordriftsfordelar gjennom alliansesamarbeid.

For eigen del ser eg fram til å fortelje meir om kva allianseideen går ut på – og trur at på 5 år vil det kunne leggjast fram klare gevinstar gjennom alliansesamarbeid. Når det gjeld fusjonane må vi visst vente i 10 år før vi vil sjå store og gode resultat.

Helsing til nye studentar hausten 2015

Helsing i høve opninga av studieåret 2015-2016 på Høgskulen i Volda.
Johann Roppen,  18. august 2015.

Roppen_apning_620

 

Her er presentasjon av helsinga på nettsidene til Høgskulen i Volda. 

Kjære alle saman. Og spesielt du som er ny som student i Volda – og kanskje for første gong skal ta til å studere!

  • Velkomen til lokalsamfunnet Volda – Studiebygd A. Norges beste studiebygd.
  • Velkomen til regionen Sunnmøre og fylket Møre og Romsdal – med verdsleiande industri.
  • Og velkomen til den globale Høgskulen i Volda – møt verda i Volda.

I Volda møtest det lokale, regionale og internasjonale, og du får ein bit av det – om du vil!

Lokalsamfunnet Volda har teke i mot studentar og andre skuleelevar i godt over hundre år. Volda har i desse åra både teke farge av dei mange studentane og lærarane deira som har kome til denne vesle bygda ved fjorden. Og eg er også heilt sikker på at studentane har teke farge av bygda Volda.

Som vi seier til våre utanlandske studentar: Volda is a place You will never forget.

Når de no skal utforske, leve og oppleve lokalsamfunnet Volda så vil de finne ut at Volda først og fremst handlar om menneske, om relasjonar, om venner for livet. Og at Volda er Studiebygda der du sjølv kan påverke ditt eige og andres liv i større grad enn du kanskje trudde var muleg. Festivalar, kroa, konsertar, friviljug arbeid – du finn det i Volda. Fadderane kjem til å syne dykk bygda og studentmiljøet på alle mulege måtar på ein meir spennande måte enn ein snart 50-åring som meg er i stand til. Så eg vil berre seie: Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk!

* * *

De har også kome til ein svært spesiell region og eit spesielt fylke: Sunnmøre og Møre og Romsdal. Og her vil de møte erkesunnmøringen. Det mest kjente kulturprodukt frå vår region dei siste åra er utan tvil Fest-countrybandet Vassendgutane. Dei held til i nabokommunen Ørsta. Ein av deira mest kjende tekstar handlar etter mi meining litt om erkesunnmøringen. Omkvedet går slik:

For ej e ungkar med dobbelseng og eigen sjark.
Og ej he mykje penge.
Naust og båt og ei hytte på fjellet.
Og så vidare.

Dette er sunnmøringen slik han blir sett på i andre delar av landet, og kanskje slik han vel å framstille seg sjølv. Direkte og rett på sak og ikkje redd for å by på seg sjølv og å bragle med litt rikdom.

Sunnmøre er rikt. Verdsleiande maritim industri bygg båtar og skipsutstyr, her er mange store reiarlag som driv med oljeservice og fiske, og så finn vi store selskap som driv med fiskeoppdrett og tilgrensande aktivitetar. Desse aktiviteten blir gjerne samla under omgrepet den maritime og marine næringsklynga. Nett no er det kanskje ein bølgjedal – men det er dei vane med i desse bransjane, og dei kjem alltid tilbake.

Ei bok om ishavsfangst med utgangspunkt frå Sunnmøre hadde følgjande tittel: «Skuter av tre, mannskap av jarn.» Skuter av tre, mannskap av jarn. Det er menneske det handlar om.

Skal Sunnmøre vere ein god stad å bu og leve både no og i framtida er regionen avhengig av menneske som kan andre ting enn å lage verdas beste båtar eller verdas beste laks. Samfunnet treng gode lærarar og andre i velferdsyrke.

Men dette veit du antakelig. Du som har valt å bli lærar. Du som skal bli sosionom. Du som skal bli barnevernspedagog. Du som skal arbeide med media. Du som skal bli kulturarbeidar.

Du skal arbeide mest det kostesame, dyraste og vanskelegaste som finst. Du skal arbeide med menneske. Du skal kanskje arbeide med unge menneske. Med sårbare menneske. Og ofte med vanskelege menneske. Du skal få menneske til å arbeide og fungere i lag – og du skal sjølv fungere og arbeide i lag med andre menneske.

Det vi veit er at det i åra som kjem vil vere eit stort behov for folk som er utdanna ved høgskulen i Volda i vår region. For dei fleste av dokke som tek utdanning ved Høgskulen i Volda er dette godt nytt: De kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga.

For samfunnet er det avgjerande viktig å rekruttere dykk. I slutten av januar inviterer høgskulen og Studenttinget dykk studentar til å møte framtidige arbeidsgivarar på dagskonferansen «Kompetanse Sunnmøre». Nytt høvet til å møte framtidige arbeidsgivarar!

 

* * *

Eg har då snakka litt om lokalsamfunnet Volda – og om regionen Sunnmøre og Møre og Romsdal. Men det er altså Høgskulen i Volda du har vorte teken opp som student. Den globale høgskulen var eg så dristig å kalle oss. Og eg har sagt: Møt verda i Volda. Eg kunne like godt sag: Frå Volda kan du sjå verda. Kva betyr det?

Høgskulen i Volda har svær mange internasjonale studentar i høve til det samla studenttalet. I år har vi fleire studentar frå utlandet enn nokon gong før. Det er faktisk over 100 internasjonale studentar som tek til ved Høgskulen i Volda hausten 2015. Vi har over 100 avtalar med utanlandske universitet som er tilgjengelege for deg som student – om du ønskjer å reise ut delar av studietida di. Og dei fleste utdanningane våre har lagt opp til at det er både muleg å ønskjeleg. Som Gudmund Hernes sa det i si tid: «Gjer Noreg ei teneste: Ha deg ut!» . Men eg må vel legge til: Men kom tilbake!

Høgskulen i Volda er ein akademisk institusjon, og ein del av eit globalt kunnskapsfellesskap. Vår strategiplan seier at vi skal byggje på det fremste av internasjonal forsking. I doktorgradsprosjekta og forskingsprosjekt frå dei siste åra har forskarar frå Høgskulen hatt forskingsopphald eller samarbeid med forskarar frå USA, Storbritannia, Portugal, Spania, Kambodsja, Austerrike, Kina, Tyskland, Sverige og Danmark. Berre for å nemne nokre.

Vi startar i haust vårt første doktorgradsstudium innan helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Dette er eit spennande tverrfagleg arbeid som sameinar så ulike fag som psykologi, sosiologi, filosofi, sjukepleievitskap og profesjonsteori for å kunne gripe og forstå dei samanhengane, dilemma og utfordringar som ein pasient og ein helse- og sosialarbeidar står oppe i. Dette første doktorgradsstudiet er ein viktig milepål for høgskulen i Volda høve til nasjonal og internasjonal anerkjenning som forskingsinstitusjon.

Vi samarbeider med Høgskolen i Molde om dette studiet, og har lært mykje av dei sidan Molde har hatt doktorgradsstudium i logistikk i mange år.

Eit anna fagleg samarbeid som kan nemnast er offentleg innovasjon der vi samarbeider med Høgskolen i Lillehammer. Blant anna om kursing av kommunalt tilsette på oppdrag frå Sunnmøre regionråd.

Nettopp desse to høgskulane har vi starta samarbeid med om innanfor ramma av ein høgskuleallianse. Dette er eit alternativ til å slå seg saman til heilt nye høgskuleeiningar. Men vi trur at eit friviljug samarbeid mellom institusjonar som har mykje til felles kan gi betre, billegare og raskare resultat enn å danne store tunge einingar som kanskje treng 10 år på å oppnå fusjonsgevinstar. Det er opp til oss sjølve å finne ut av korleis dette skal gjerast, og eg ser med stor forventning fram til samarbeidet. Vi har starta med å utforske mulegheitene for samarbeid når det gjeld forsking, marknadsføring og internasjonalisering. I løpet av dykkar år i Volda vil dette føre til spennande nye tilbod som både vil gjere våre noverande utdanningar betre og utvide studietilbodet vårt.

* * *

No er eigentleg helsingstalen min slutt. Men i denne bli-kjent med Volda og bli-kjent med deg sjølv tida er det to ting som ligg meg sterkt på hjarta å få fram:

Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret. Å flytte til ein ny stad og finne seg sjølv på ein ny stad er kanskje lettare i Volda enn mange andre stader. Men likevel: Ta vare på kvarandre. Anten det er på Rokken, på høgskulen eller på nettet.

Det var det eine.

Det andre er dette:

Fjord- og kystbygdene på Sunnmøre er berre ei smal trygg stripe mellom eit av verdas villaste og vakraste hav på den eine sida og farleg fine tindar på den andre sida.

Så bruk naturen. Bruk havet. Nyt snøen. Men ta vare på deg sjølv og andre og skaff deg kunnskapen som trengst for å ferdast trygt og å vite kva du gjer.

Vi har mange studentar, men ingen å miste!

***

Eg hadde i går den store gleda av å møte studentfadderane som skal vere med på å ta dykk gjennom den første veka her i Volda. Det er ein positiv og konstruktiv gjeng som eg veit gler seg til å bli kjent med dykk.

Så til dykk nye studentar: Volda ser fram til å bli kjent med dykk! Gled deg!

Fjordkonferansen: Viktig regional møteplass – men kva med framtida?

Fjordkonferansen er ein forskingskonferanse for forskarar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 18.-19. juni 2015 vart konferansen arrangert for tredje gong. Det har vorte lagt fram heile 60 paper og deltakarane er nøgde med det faglege innhaldet. At konferansen er ved Hotell Alexandra i Loen er heller ikkje eit minus.

Sunnmørsposten har gjeve Fjordkonferansen 2015 brei omtale:
Trenger hverandre mer enn før (19.06.2015)
Forskerpris til Møreforsking (19.06.2015)
Over 100 samlet til forskerkonferanse i Loen (18.06.2015)

Men vil det bli  arrangert ein Fjordkonferanse i 2016 – og kva med seinare år?

Kva plass har Fjordkonferansen når høgskulane på nordvestlandet er i ferd med å gå inn i samarbeid med aktørar utanfor regionen?

fjordkonferansen

Årets konferanse har samla ca 100 forskarar frå Møre og Romsdal og Sogn og fjordane – og nokre frå andre stader. Og det bør leggast vekt på at det er FORSKARAR som har møttes. Deltakarane på konferansen la i 2015 fram i alt ca 50-60 forskingsarbeid (paper) for diskusjon og kritikk blant kolleger. Som forskingskonferanse kan ein slå fast at konferansen fungerer. Viktige premissar for konferansen er mobilisering og låg terskel. Mange forskarar har framført innlegg på vitskapleg konferanse for første gong på Fjordkonferansen.

Det utlyste temaet for årets konferanse var:

Innovasjon i velferdssamfunnet

Valet av tema er godt og innlegga på konferansen har i stor grad funne sin plass under denne overskrifta – i alle fall når ein ser på tittelen på innlegga. Dei fleste innlegga på konferansen samlast under overskrifta velferd og helse – det varierer nok kor framtredande innovasjonsperspektivet har vore.

Samtidig har denne tittelen på konferansen muligens ført til at sentrale fagmiljø i regionen ikkje har prioritert konferansen høgt. Logistikkmiljøet i Molde, maritim forsking i Ålesund, mediefag i Volda og sentrale forskingsmiljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var i liten eller ingen grad representert på konferansen. Eventuelt ser dei mest spissa miljøa seg ikkje tent med å prioritere ein konferanse med lågterskel og regionalt fokus. Det kjenner eg ikkje svaret på.

Det er svært få aktørar utanom forskingsmiljøa på konferansen – blant anna var ikkje Møre og Romsdal Fylkeskommune representert – og heller ikkje aktørar frå offentleg forvaltning som helseføretaka, NAV eller andre. Spørsmålet er om det er eit problem for forskingsmiljøa  – eller for dei som ikkje orienterer seg inn mot aktiviteten i dei regionale forskingsmiljøa. Antakelig taper alle på dette.

Lite samarbeid mellom forskingsintitusjonane

Har Fjordkonferansen ført til auka samarbeid mellom institusjonane? I seg sjølv er konferansen eit fellestiltak som institusjonane nødvendigvis må samarbeid om å arrangere. Forskarar møtast på tvers av institusjonane for presentere og kommentere innlegg. Og ser ein på innlegga så har fleirtalet fleire forfattarar – det er vanleg å skrive i lag – to eller fleire. Men skriv forskarane i lag med forskarar på andre institusjonar på nordvestlandet? Svaret på det er at det skjer i for liten grad – det burde vore meir.

Lista over innlegg syner at forskarane på konferansen helst har skrive i lag med andre forskarar ved same institusjon. Og når det er samforfattarskap med utanforståande så var det få innlegg som var skrivne i lag med forskarar ved andre høgskular på nordvestlandet. Det same mønsteret ser ein for deltakarar frå forskingsinstitutta og helseføretaka.

Det finst definitivt fagområde der forskarane ved høgskulane kunne ha samarbeidd, så spørsmålet blir då om auka samarbeid og sampublisering er ønskjeleg og nødvendig. Og kvifor det skjer i så liten grad.

Etter mi meining handlar dette først og fremst om tid. Tid til at Fjordkonferansen skal bli etablert i medvitet hos aktørane – tid til å bli kjent med fagfolk og fagmiljø på andre institusjonar og tid til å forske. Eit doktorgradsprosjekt krev minst tre år på fulltid. Dei færraste deltakarane på Fjordkonferansen er inne i doktorgradsprosjekt, men skriv sine forskingsbidrag ved sidan av vanleg arbeid som høgskulelektorar, oppdragsforskarar eller i andre fagstillingar.

Så Fjordkonferansen bør halde fram – og så bør forskarar og forskingsmiljø vurdere om det finst middel til å stimulere til meir forsking på tvers av fag og institusjonar.

Den nye alliansen som er på trappene: Molde, Volda og Lillehammer vil ha behov for denne typen av møteplassar – og gjerne med deltakarar frå andre interesserte institusjonar. Men med endå sterkare innslag frå Høgskolen på Lillehammer ligg det då an til at konferansen då bør få eit nytt namn:

Fjord- og fjellkonferansen 2016

Kanskje.

FAKTA OM FJORDKONFERANSEN

Henta frå nettsida: www.fjordkonferansen.no

«Fjordkonferansen er eit fellestiltak for forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Høgskolen i Molde, Høgskolen i Ålesund, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Møreforsking har saman teke initiativet til Fjordkonferansen. Fjordkonferansen skal vere ein møteplass for fagmiljøa der formidling, læring og fagleg utvikling skal stå i fokus.

Fjordkonferansen har fått finansiering frå m.a. Sparebanken Møre, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen.»

Styringsgruppe for 2015:

Fjordantologiane: 

Kommentarane på konferansen hjelpe forskarane med å skrive betre innlegg, og eit utval av innlegga på tidlegare Fjordkonferansar har kome ut i bokform –  i utvida og utvikla utgåve. Den første antologien kom i 2014 og hadde bidrag utvikla frå konferansen i 2013 – og no i 2015 kom bidraga frå konferansen året før.

I 2016-utgåva av Fjordantologien vil ca 1/4 av dei ca 60 innlegga i 2015 få plass, og det er ein respektabel avvisningsprosent – om det høver å bruke eit slikt omgrep i denne samanhengen. Det er altså reell konkurranse om å få plass i antologien.

Fjordantologien 2013: Det mangfoldige kvalitetsomgrepet. Redaktørar: Jørgen Amdam, Øyvind Helgesen og Knut-Willy Sæther. Boka kan blant anna kjøpast frå HaugenBok. Boka er også tilgjengeleg som e-bok.

 

fjordantologien2013

Fjordantologien 2014: Fragmentering eller mobilisering? Regional utvikling i nordvest. Redaktørar: Øyvind Strand, Erik Nesset og Harald Yndestad.

IMG20150618162853

 

 

 

 

 

 

 

 

Blir det ein Fjordkonferanse i 2016?

Eg har snakka med fleire deltakarar på Fjordkonferansen – og flest frå Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Dei er positive både til innhaldet på konferansen – og gjev tommelen opp for å halde fram med Fjordkonferansen.

Fjordkonferansens opphav kan antakelig knyttast til Mørealliansen – eller ambisjonanen om å byggje ein høgskule for Nordvestlandet – eller Møre og Romsdal. Det toget er vel gått sidan NTNU tek over Høgskolen i Ålesund. Men har Fjordkonferansen gjennom tre år synt seg levefør av eiga kraft?

Institusjonar representerte på Fjordkonferansen 2015:

  • Høgskolen i Molde
  • Høgskolen i Ålesund
  • Høgskulen i Volda
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Høgskolen på Lillehammer
  • Møreforsking
  • Vestlandsforsking
  • Helse Møre og Romsdal
  • Helse Førde
  • NOVA
  • Høgskolen i Oslo og Akershus
  • Sogn og Fjordane Fylkeskommune
  • Ålesund kommune

Stortinget oppmodar Isaksen til å akseptere høgskulealliansar

Stortinget debatterer Konsentrasjon for kvalitet 11. juni. (Foto: www.stortinget.no)

Kyrkje, undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget la torsdag 4. juni fram si tilråding i behandlinga av stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet.

Komiteen oppmodar regjeringa til å la alliansar få sjansen til å prøve seg som ein alternativ veg til å oppnå høgare kvalitet.

Her er lenkje til Stortinget si behandlinga av saka. 

Hovudinntrykket av komitèbehandlinga er at det meste er avklara før behandlinga i samla storting 11. juni.

Opning for allianse?

Det mange i Volda var mest spent på var antakelig om fleirtalet i komiteen ville insistere på at høgskular som vart rekna som for små til å halde fram aleine måtte fusjonere med andre – eller om det blir opning for alternative samarbeid. Fleirtalet i komiteen sa følgjande om alternativ til fusjon:

Under avsnittet 2.4 Fremtidens universitets- og høgskolesektor sluttar fleirtalet i komiteen seg til at det er nødvendig med sterkare konsentrasjon i sektoren og er samde i at dette skal Kunnskapsdepartementet avgjere til sist. Men så skriv ein samla komite:

«Komiteen viser videre til at enkelte andre institusjoner fremdeles utreder alternativene for sammenslåinger og andre typer faglig samarbeid, og at regjeringen vil føre dialog med disse i tiden fremover basert på de omtalte kvalitetskriteriene.

I denne sammenheng har komiteen merket seg at det fra enkelte institusjoner har kommet et ønske om å vurdere andre mulige samarbeidsformer for å høyne kvaliteten etter kriterier skissert i meldingen.

Komiteen ber regjeringen ikke utelukke muligheten til at institusjonene kan legge opp til å øke kvaliteten gjennom forpliktende samarbeid.

Det vil være opp til departementet, i samarbeid med NOKUT, å vurdere hvorvidt økt kvalitet oppnås på denne måten i hvert enkelt tilfelle. Ansvaret for den samlede strukturen i sektoren ligger hos regjeringen, menkomiteen forventer at vurderingene skjer i nær kontakt og dialog med den enkelte institusjon.»

Det er altså Kunnskapsdepartementet som avgjer framtidig struktur i høgare utdanning, men KUF-komiteen har kome med ei svært sterk oppmoding til departementet om å la institusjonar få prøve ut «forpliktande samarbeid».

Finansieringa skal gjennomgåast

Komiteen var også svært klar i spørsmålet om finansiering av høgare utdanning. Dei gamle universiteta ville helst at finansieringsordninga ikkje skulle bli endra, dei nye universiteta såg sterkt behov for ein gjennomgang. Høgskulane har vore delte i spørsmålet.  Høgskulen i Volda har svært låg grunnløyving og dermed alt å vinne og lite å tape på at finansieringsordningane blir gjennomgått.

Sjølv er eg heilt samd i at det er på sin plass å ta ein gjennomgang av finansieringa av høgare utdanning. Det ville også vere nokså ulogisk å gjennomføre store strukturendringar og så la finansieringssystemet halde fram som om ingenting hadde skjedd.

Stortinget avgjer 11. juni

Stortinget avgjer heile saka 11. juni etter at komiteen no har halde sin frist som var å levere saka 4. juni. Med såpass klare fleiretal i komitebehandlinga er det vanskeleg å tenkje seg at partia skal ombestemme seg på den komande veka.

 

Høgskulealliansen: Volda, Molde og Lillehammer. Ein tredje veg?

Kunnskapsminister Isaksen gjekk kjapt frå å snakke om SAK til å snakke om at det kanskje kunne bli aktuelkt med SAK(S) – til å slå fast at SAKS var heilt nødvendig: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og Samanslåing.

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer har ikkje villa diskutere SAKS – dei vil heller diskutere SAKA: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og allianse.

Dei tre høgskulane har dei siste månadene hatt fleire møte for å diskutere eit muleg samarbeid – ein alianse. Dette har ført til eit felles innspel til Stortingets Kyrkje, undervisnings- og forskingskomitè.

Les innspelet frå dei tre høgskulane (pdf).

Komiteen arbeider i desse dagar arbeider med si vurdering av Stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Komitèen har frist til 4. juni med å kome med si innstilling og så skal eit samla Storting drøfte meldinga 11. juni – det er i alle fall planen.

Meir om meldinga på Stortingets nettsider.

Fram til no kan det virke som at det berre har vore to alternativ for høgskulane:

  • Å halde fram som i dag – som sjølvstendige institusjonar. Dette er det berre dei største høgskulane som får lov til.
  • Å bli ein del av langt større institusjonar. Denne vegen er open for alle.

Dei tre høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer er alle skeptiske til tanken på å bli underlagt institusjonar i dei største byane, og er også skeptiske til å gå for full samanslåing med andre høgskular.

Gjennom samtalar mellom institusjonane og i diskusjonar i fagmiljøet har ideen om ein tredje veg vokse fram:

  • Å inngå i allianse med andre sjølvstendige institusjonar – etter mønster frå Sparebankane. Høgskulane samarbeider då om fellestenester som gjer at dei kan ta ut stordriftsfordelar – utan å påføre seg fusjonskostnader.

Professor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer var ein av dei første som  la fram ideen. Les også Teigens artikkel: «Frå høgskule til filial: Kven kan utvikle eller avvikle høgre utdanning i framtida?»

Dette er eit framlegg om ei gradvis utvikling av eit samarbeid nedanfrå, i kontrast til toppstyrte prosessar med stort hastverk.

Område som har vorte omtala som aktuelle for samarbeid er:

  • EU-finansiert forsking.
  • Studentutveksling (nasjonalt og internasjonalt).
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ph.d.-utdanning.

Dei tre høgskulane har til saman fem doktorgradsprogram og i tillegg to andre utdanningstilbod på tilsvarande nivå. Høgskulane kan dermed i fellesskap vere i posisjon til å få universitetsstatus ein gong i framtida – om det er ønskjeleg.

Doktorgradsprogram i Volda/Molde: 

Doktorgradsprogram eller tilsvarande ved Høgskolen i Lillehammer: 

Mange felles fagområde

Dei tre høgskulane har fagleg sett meir til felles med kvarandre enn dei fleste andre høgskular i Noreg ved at dei har fagmiljø innanfor pedagogikk/lærarutdanning,  humanistiske og samfunnsvitskaplege fag – og få eller ingen fagmiljø innanfor teknologi og naturvitskaplege fag.

Fagportefølje ved statlege høgskular - studentar tatt opp 2014
Fagportefølje ved statlege høgskular – studentar tatt opp 2014

Dette har eg skrive litt om i eit tidlegare innlegg på denne bloggen.

Leiarar frå dei tre høgskulane møttest på nytt 1. juni 2015 i Volda for å diskutere planane vidare.

Informasjon om 1. junimøtet i Volda (på www.hivolda.no).

 

 

Tilsett eller vald rektor: Er det eigentleg spørsmålet?

I stortingsmeldinga om struktur i høgare utdanning Konsentrasjon for kvalitet står følgjande lese under Tiltak i punkt 6.3. at regjeringa vil:

«gå inn for å endre universitets- og høyskoleloven slik at ekstern styreleder og ansatt rektor blir hovedmodell for styring og ledelse av institusjonene»

Det ser ut til at Arbeidarpartiet støttar dette framlegget – så då er det nok fleirtal i Stortinget for at tilsett rektor vert normalordninga. Men det er framleis slik at det er opp til institusjonane sjølve – altså høgskulestyra – å bestemme om dei vil ha tilsett eller vald rektor. Inntil vidare kan det vel seiast.

Framlegget om å gå klart i retning av at tilsett rektor er det normale har vekt debatt i universitets- og høgskulesektoren. Universitetsrektorane på dei «gamle» universiteta i Oslo og Bergen var raskt ute med å ta avstand frå framlegget og argumenterte for at rektorar framleis bør veljast: «Vi er valgte og vi leder», var deira bodskap.

På nettsida Opprop har det no i sluttan av mai 2015 kome inn godt over tusen underskrifter på kampanjen: «Ja til valgte ledere ved universiteter og høgskoler». På den andre sida står nytilsett HIOA-rektor Curt Rice, som kallar heile debatten for storm i et vannglass. Betyr det ikkje så mykje om rektor er tilsett eller vald?

På NOKUTs store konferanse om studiekvalitet kom det fram at tidlegare rektor ved Syddansk universitet Jens Oddershede meinte at i Danmark hadde det var uråd å gjennomføre fusjonar med valde rektorar.

Dette ser i alle fall ikkje ut til å stemme i Noreg. Blant institusjonane som har eller er i ferd med å slå seg saman med andre har valde rektorar. Blant høgskulane på Vestlandet er det vald rektor over nesten heile linja:

  • Høgskulen i Volda: Vald rektor.
  • Høgskolen i Ålesund: Vald rektor.
  • Høgskolen i Molde: Vald rektor.
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tilsett rektor.
  • Høgskolen i Bergen: Vald rektor.
  • Høgskolen Stord Haugesund: Vald rektor.

Ser vi over fjellet så ser vi at både Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Hedmark i 2015 skiftar frå vald til tilsett rektor. Også på nasjonalt plan går utviklinga klart i retning av det blir fleire tilsette og færre valde rektorar på høgskulane.

Eg tiltrer som rektor ved Høgskulen i Volda frå 1. august 2015 i lag med prorektor Jens Standal Groven. Vi vart valde med 82 prosent av røystene. Diverre var det berre 190 som deltok i valet – av nærare 4.000 røysteføre studentar og tilsette. Men meir tankevekkande er det at vi ikkje hadde motkandidatar. For fire år sidan var det heller ikkje motkandidatar til noverande rektor Per Halse og prorektor Marie Nedregotten Sørbø.

For kvart val som går utan to kandidatar å velgje mellom – til større grunn er det til å spørje seg om tida er ute for valgt rektorat.

Eller sagt på ein annan måte: Den største uvissa omkring ordninga med vald rektor skapar vi som arbeider på høgskulen sjølve: Ved at det er få som stiller opp i rektorvalet.

Ønskjer vi å beholde ordninga med vald rektor så må vi syte for at det blir reelle val med fleire kandidatar å velgje mellom.

Kva betyr det så om rektor er vald eller tilsett? Dette er regulert i Universitets- og høgskulelova. Den prinsipielt viktigaste endringa meiner eg ikkje handlar om tilsettingsforholdet til rektor – men derimot samansettinga av styret. Med vald rektor er rektor også styreleiar. Med tilsett rektor skal styreleiar velgjast blant dei eksterne styrerepresentantane. Og dei eksterne styrerepresentantane skal etter framlegget i Konsentrasjon for kvalitet peikast ut av Kunnskapsdepartementet.  Og det er altså styret som tilset rektor.

I sum betyr overgang frå vald til tilsett rektor at tilsette misser makt – eller potensiell makt. Kven som i staden får meir makt kan ein lure på – men det ser for meg ut til at departementet potensielt sett får sterkare innverknad på aktiviteten på høgskulane ved tilsett rektor enn ved vald rektor. Eitt anna framlegg i Konsentrasjon for kvalitet går også  i denne retninga: Det blir gjort framlegg om at fylka skal misse retten til å peike ut to av dei eksterne styrerepresentantane – og at departementet skal peike ut alle fire.

Så spørsmålet handlar ikkje berre om tilsett eller vald rektor – men kor sterk styring departementet skal ha over høgskular og universitet.

Høgskulen i Volda og nynorsken. Eller: Korleis kan målrørsla hjelpe nynorsk som akademisk språk

Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset
Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset

Sunnmøre mållag hadde årsmøte på Thon Hotell i Fosnavåg 28. februar – 1. mars, og eg var invitert for å snakke om Høgskulen i Volda og nynorsk. Eigentleg skulle denne delen av møtet handle om kommunereform og nynorsk, men det var ikkje møtelyden så veldig opptatt av, så då blei det meir Høgskulen i Volda og nynorsk.

Det eg BURDE sagt til møtelyden var: Kjære Sunnmøre mållag. Det beste de kan gjere for nynorsk er å påverke Venstre til å bidra til at Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram som sjølvstendige høgskular.

Partiet Venstre ser ut til å vere på bikken i Stortinget når det gjeld høgskulesamanslåing. Vil Venstre med sine nynorsktradisjonar verkeleg vere tunga på vektskåla, og vippe nynorsk ut av akademia? Kanskje kan målrørsla hjelpe Venstre med å leite fram att sjela si? Fortsett å lese Høgskulen i Volda og nynorsken. Eller: Korleis kan målrørsla hjelpe nynorsk som akademisk språk

Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

Notat i samband med møte i Sunnmøre mållag, Thon Hotell Fosnavåg, 28. februar 2015.

Hører jeg ordet maritim klynge en gang til, så spyr jeg. (Anonym kollega ved Høgskulen i Volda.)

Sitatet ovanfor er ikkje ei nedvurdering av den maritime klynga  – men må forståast som ein overdose av klyngebegrepet. Eigentleg er det fantastisk at eit såpass akademisk basert – og diskutabelt! – omgrep har fått ei så sterk utbreiing i kvardagstale og sjølvforståing på Sunnmøre. Det kan ikkje vere berre tilfeldig. Fortsett å lese Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

HVO-styremedlem Terje Heggem: Ære vere Høgskolen i Ålesund.

Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no
Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no

HVO-styremedlem Terje Heggem beklagar i eit intervju med høgskuleavisa i Molde at det ikkje blei noko av Høgskulen i Møre og Romsdal. Men han rosar Høgskolen i Ålesund for at dei nytta høve til å bli overtatt av NTNU:

Terje Heggem: – Den historiske sjansen [til å etablere Høgskolen i Møre og Romsdal] forsvant når Høgskolen i Molde ikke slo til da Høgskolen i Ålesund var positiv til en slik løsning. Ære være Ålesund som tok et dynamisk grep og knyttet seg opp mot NTNU.

Etter mi meining heng Heggems tankar om dette ikkje heilt i hop. Om ein først meiner at ein fylkeshøgskule er best for Møre og Romsdal, så burde jo Høgskolen i Ålesund få kritikk og ikkje ros sidan dei valde å bli overtatt av NTNU, i staden for å halde fram arbeidet for Høgskulen i Møre og Romsdal.

I høgskulestyret var det Heggem som lanserte ideen om at Høgskulen i Volda burde ta ein titt på samarbeidsmulegheitene med Molde og Lillehammer, og som leiinga ved Høgskulen har følgt opp med eit fellesmøte.

Les heile intervjuet med Heggem her (panorama.himolde.no).