Koronakrisa (2) Når heime blir jobb

Vi jobbar heimanfrå – men vi kan faktisk jobbe.

Kjære alle tilsette på Høgskulen i Volda:

Først av alt må eg på vegne av kriseleiinga få takke alle tilsette for at dei så hugheilt deltek i dugnaden mot korona og dermed for framtida: Det at HVO-tilsette er så påkopla frå heimekontor og gjer ein kjempejobb i ein kvardag heilt utanom det vanlege – det står det stor respekt av!

Vi som er med i kriseleiinga har i utgangspunktet høve til å arbeide også frå våre vanlege arbeidsplassar på høgskulen. På dei daglege krisemøta på Zoom er det ca 15 deltakarar. Dei fleste deltek heimanfrå: Der partnar, barn – og kanskje ein og annan katt av og til dukkar opp i (lyd)bildet.

Det er også oppmuntrande å høyre og sjå at folk er kreative og brukar Zoom til fagleg/sosial aktivitet, anten det no er Kafe Zoom på Avdeling for kulturfag, 10-kaffi på IPAS på ASH, eller kveldsmøte-etter-leggetid-for-småbarn for andre. Det er både godt og nødvendig å snakke i lag om anna enn vanskelege ting som hastar og som må avgjerast raskt.

Det kom nettopp statistikk for bruk av Zoom, og det viser at Høgskulen i Volda står for knapt 3 prosent av all bruk av Zoom i UH-sektoren. Det kan høyrest lite ut, men vi har ca 1 prosent av budsjettet for sektoren og knapt 2 prosent av alle UH-studentar. Så akkurat når det gjeld bruk av Zoom så har vi langt større bruk enn størrelsen skulle tilseie. Men vi må vel også ta høgde for at også andre digitale verktøy er i bruk for å gjennomføre undervisning: Skype, Teams og Adobe Connect for å nemne nokre.

Koronakrisa: Litt meir grå kvardag, takk!

Blogginnlegget er ein litt oppdatert versjon av ein e-post som eg sende til alle tilsette på høgskulen 18.3.2020.

Vi står alle opp i ein kjempestor, vanskeleg og viktig jobb med å handtere kvardagen no når koronaviruset er over oss. Ein stor takk til alle tilsette på Høgskulen i Volda: De har verkeleg krumma nakken og står på for å løyse eit hav av uventa oppgåver som brått har vorte kasta på oss for å få kvardagen til å gå rundt. De gjer ein kjempejobb!

Det er uverkeleg kor fort vi gjekk frå kvardag til krise: Det skjedde frå tysdag til onsdag i førre veke. Måndag 9. mars hadde vi eit nokså fullt BK Vesle auditorium – kven tenkte då på at vi sat litt tett? Frå heile landet kom det PPU-fagfolk til nasjonal konferanse. Våre lokale arrangørar skal ha ros for eit godt arrangement!

Onsdag 11. mars vart sjølve korona-dagen. Då gjekk vi frå tenke på korona-virus som noko dei var plaga med i Kina, Iran eller Italia … og kanskje nokre få nordmenn som hadde vore i desse landa.

Men så var det over oss: Viruset er laust også i Noreg. Onsdag 11. mars trykte høgskuledirektøren trykte på alarmknappen og sette krisestab saman med resten av høgskule-Noreg.

Nasjonal PPU konferanse i Volda, 9.-10. mars 2020

Nasjonal konferanse i auditorium Vesle BK.

Kjære møtelyd!

Velkomne til Sunnmøre og Høgskulen i Volda til Nasjonal PPU-konferanse 2020: «Lærarkvalifisering for framtida»

Omtale av konferansen på våre nettsider.

Video frå konferansen (måndag 9. mars), del 1
Video frå konferansen (måndag 9. mars), del 2
Video frå konferansen (tysdag 10. mars), del 1
Video frå konferansen (tysdag 10. mars), del 2

Høgskulen i Voldas strategiske mål er: Kunnskap for framtida, så temaet for denne konferansen er viktig også for høgskulen i Volda som i 2020 skal legge strategiar for dei komande åra.

Det passar veldig bra å ha denne konferansen akkurat i år – vi kan faktisk no feire at vi har drive med praktisk pedagogisk utdanning i regi av Høgskulen i Volda i 30-år. Undervisninga vart først gjennomført i Molde, frå hausten 1989, og seinare også i Kristiansund, Ålesund og Volda. Studiet vart eittårig og basert i Volda frå 1993.

Først nokre ord om institusjonen som de no har kome til og som står som arrangør av denne nasjonale konferansen. Kvar har de kome no?

De har kome til ein stad sterkt prega av høgare utdanning. I Volda kommune bur det ca 9.000 innbyggarar. Men vi har registrert 4.500 studentar. Så studentane pregar bygda, og har gjort det lenge. Den første lærarutdanninga vart starta i Volda i 1861 som eit regionalt tiltak og var privatfinansiert. Frå Volda var det om lag like langt til dei statlege lærarseminar på Stord og Klæbu. Slike geografiske omsyn er viktige også i dagens strukturreformerte landskap.

Orientering til høgskulestyret, 5.3.2020

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på våre nettsider.

Koronavirus
Vi følgjer nøye med på utviklinga og vil forholde oss til og formidle internt nasjonale retningsliner der det er aktuelt. Eg viser her til våre nettsider der det er informasjon på norsk og engelsk. Vi har hatt ein viss beredskap på dette i fleire veker og har blant anna mint om at Høgskulen har ein pandemiplan som også er tilgjengeleg på våre nettsider i lag med andre styringsdokument.

Nybygget og campusutvikling – sak 41/19

Husbygginga på høgskuleområdet viser no godt igjen, også på bygginga av det nye mediehuset. Vi har ikkje noko nytt å melde når det gjeld tilskot på nasjonalt nivå til mediehuset. Det har vore regjeringsskifte og kome ein ny statsråd og ny politisk leiing for Kunnskapsdepartementet. Vi skal ha møte med Mørebenken om ei veke, torsdag 12.mars og set vår lit til at regionale politikarar ser verdien av dette prosjektet.

Struktursaka

Som sagt i førre orientering til høgskulestyret ser eg på struktursaka som noko som det er naturleg at høgskulestyret, tilsette og studentar arbeider med både som ein del av strategiplanen og som vidare oppfølging etterpå. Styret ved Høgskolen i Molde har bestemt seg for å lage eit notat om samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Universitetet i Bergen skal ta opp spørsmålet om samarbeidsavtale med Høgskulen i Volda på sitt styremøte i april.

Mange nasjonale og regionale konferansar

Høgskulens fagmiljø inngår i svært mange og mangslungne faglege nettverk – og vi ønsker ein aktiv aktør.  No i mars og april er det stor aktivitet med 7 nasjonale eller regionale konferansar som blir arrangert i volda, Ålesund, Molde og Bergen – dei fleste med høgskulen som med-arrangør. Tema og målgruppe er PPU, matematikk, nyutdanna lærarar, digital skaparkraft og dømmekraft;  Seanse har ein tverrfagleg kunstverkstad i Bergen, skuleleiarar i Møre og Romsdal skal ha konferanse med tema meistring og så skal vi i samarbeid med Sjustjerna-kommunane på Søre Sunnmøre ha ein fagdag om traume og stressrelaterte lidingar hos barn og unge. 

Retting av statistikken for masterutdanningar

Eg har ei gledeleg nyheit som gjeld våre masterstudentar. Vi har hatt låg gjennomstrøyming på våre masterutdanningar. Det har vore nokså få studentar som har fullført masterutdanningar på 2 år. Tala har vore litt rare og gått mykje opp og ned i åra 2015 til 2019. No har DBH – Database for statistikk om høgre utdanning retta våre tal for 2015 til 2019. Dei retta tala syner at høgskulen har hatt ei positiv utvikling for alle desse åra. I 2015 var det 12 prosent av masterstudentane som fullført på to år. I 2019 har dette talet kome opp i 28 prosent. Dette er tal også må oppdatert i vår årsrapport og er blant våre styringsparameter.  

Framlegg til nye språkpolitiske retningsliner: Høgskulen tek større ansvar for nynorsk

Det siste halvåret har ei arbeidsgruppe på høgskulen arbeidd med nye språkpolitiske retningsliner, og no er framlegget deira på høyring.

Høyringsbrev, framlegget til arbeidsgruppa og dei gjeldande retningslinene frå 2014 er samla i denne mappa.

Alle som vil kan kome med innspel og høyringsfristen er 1. april 2020. Det er styret som til slutt skal vedta nye språkpolitiske retningsliner. 

Arbeidsgruppa har lagt vekt på å formulere seg kort: Framlegget til retningsliner er berre på to sider. Forbilledleg!

På eit høyringsmøte tysdag 24. februar møtte arbeidsgruppa andre språkinteresserte på høgskulen og eg reknar med mange av poenga frå diskusjonen både vil og bør bli diskutert i den formelle høyringa.

I dette blogginnlegget har eg drive litt sjølvplukk i argumenta som vart framført av flinke og engasjerte kolleger på høyringsmøtet. Så dette er ikkje eit møtereferat men meir ein status av kva spørsmål som vekker diskusjon og mi eiga vurdering av dei språkpolitiske retningslinene pr i dag.

På overordna nivå seier framlegget til retningsliner følgjande om kva som er målet for høgskulens språkpolitikk:

Den språklege kvaliteten skal vere god i all kommunikasjon som høgskulen har ansvaret for. Prinsippet om klarspråk;  eit korrekt, klart og mottakartilpassa språk, skal leggjast til grunn for all skriftleg kommunikasjon frå og ved Høgskulen i Volda.

Nynorsk som hovudspråk

Punktet som eg meiner alle på HVO bør vere mest klar over handlar om nynorsk. Høgskulen i Volda har vore viktig for nynorsk, og omvendt. Kanskje hadde vi ikkje hatt nokon høgskule i Volda hadde det ikkje vore for at nynorsk er ein så sterk del av vår historie, kultur og identitet?

I den gjeldande strategiplanen for høgskulen er nynorsk nemnt i fleire samanhengar – blant anna står det at «Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av identiteten vår», og at vi skal «ta eit særleg ansvar for forsking på nynorsk språk og litteratur og sikre nynorsk som fagspråk.» Strategiplanen vil bli revidert eller nyskriven i 2020, og korleis vi skal forholde oss til nynorsk i den nye planen har vi nok i praksis fått eit innspel på gjennom framlegget til nye språkpolitiske retningsliner.

Helsing til doktorand Anne Randi Fagerlid Festøy

Helsing til Anne Randi Fagerlid Festøy i høve doktordisputasen, framført på doktorgradsmiddagen – her i uavkorta versjon – litt lenger enn dei tilmålte 5 minutt.

Først av alt: På vegne av alle tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda:
Gratulerer igjen med eit gjennomført doktorgradsprosjekt og ein svært vellukka disputas! Det var utruleg kjekt å få vere med på dette, og eg håper du kjende at alle vi som sat i salen heia på deg, både rettleiar, kolleger, familie og venner.

Omtale av disputasen på nettsidene til Høgskulen i Volda.
Omtale av disputasen på nettsidene til Høgskolen i Innlandet.

Eg vil også takke Høgskulen i Innlandet, rettleiarane og kommisjonen.

Hovudpersonane på disputasen. Frå venstre kommisjonsmedlem/førsteopponent Eirik Sørnes Jenssen (HVL), rettleiar Ann-Cathrin Faldet (HINN), doktorand Anne Randi Fagerlid Festøy, hovudrettleiar Peder Haug (HVO), kommisjonsmedlem/andre opponent Kerstin Göransson (Karlstad univ.) og kommisjonsmedlem Hege Merete Somby (HINN).

For Høgskulen i Volda er det avgjerande viktig at stadig fleire av våre tilsette disputerer. Det handlar kort og godt om at for at vi også i framtida skal drive med god, høgre utdanning i Volda, så må vi heile tida sikte høgare. Forske meir og betre – på område som er viktig for våre utdanningar. Og i så måte er dagens disputas midt i blinken. Fleire doktorandar, og særleg fleire med doktorgrad i pedagogikk og andre skulefag, det er vi svært glade for.

Frå 1994 og fram til i dag har vi auka talet på tilsette med ca 100 årsverk på Høgskulen i Volda. Og i desse ca 25 åra har vi også auka andelen av tilsette med doktorgrad eller tilsvarande frå ca 25 prosent til ca 50 prosent. Det håper eg held fram, og gjerne endå raskare enn det har gjort til no. Og eg håper det blir slik også vart tematisert i disputasen: At også du Anne Randi om ikkje så lenge vert rettleiar for nye doktorandar.

Campusutviklingsplanen har kome (eller: var det Rekketunplanen?)

10. februar 2020 fekk høgskulen tilsendt Statsbygg sitt framlegg til Campusutviklingsplan for Høgskulen i Volda. Arbeidet har halde på ca i eitt år og planen skal no på høyring internt og eksternt på Høgskulen i Volda. Eg håper at mange studentar og tilsette og andre finn noko interessant i planen – gjerne noko dei er usamde i – og aller helst at det kjem framlegg til korleis ein kan gjere planen betre, meir spennande eller viktig.

Her er planen med vedlegg.

I planen vert heile høgskuleområdet presentert og diskutert, og for meg var det eit nyttig, gammalt nyord å hente: Høgskuleområdet i Volda er som vi veit langstrekt, men samanhengande. Statsbygg seier det kan minne om eit «rekketun». Eit rekketun med spektakulært utsyn mot fjord og fjell.

Vi har jo frå før Nedretun, men no altså: Rekketun? Det er i alle fall eit mykje meir spennande ord enn campusutviklingsplan. Kanskje planen kan kallast «Utvikling av det akademiske rekketunet» i staden for «Campusutviklingsplan» 

Statsbyggs «masterplan» for Rekketunet – høgskuleområdet i Volda.

I lokalhistoriewiki.no står det at i eit rekketun var husa på ein eller fleire gardar plasserte i rekke etter kvarandre. Og på husmannsplassar var det gjerne berre ei rekke – på større gardar fleire rekker. Så dette er jo ein heldig parallell for ein høgskule som i si tid hadde sitt eige småbruk og som bokstavleg tala har vokse ut av den skrinne vestlandsjorda her i Volda. No er vi som ein liten høgskule i lag med store universitet litt som ein husmannsplass å rekne. Men som vi veit har sunnmøringar og andre vestlendingar klart seg med lite og overlevd gjennom mangsysleri, kreativitet, hardt arbeid og inkluderande samfunn.

EU har forstått det: Næringslivet treng (også) kreativitet

Skisse av forskingsprogrammet Horisont Europa (2021-2027): Sjå nøye på «Klynge 2».

Høgskulen i Volda har i sin utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet lagt inn eit spennande – og litt ope tema: Framtidsferdigheiter – på engelsk: Future skills.

Kva som ligg i omgrepet framtidsferdigheiter står det meir om i Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til Høgskulen i Volda for 2020 og teksten er også sitert nedst i dette blogginnlegget. Dette var resultatet av ein intern prosess i 2019. Det er målet at vi i åra 2020-2023 skal utvikle Framtidsferdigheiter gjennom: Teoretisk avklaring av omgrepet, integrering i dei etablerte studia våre, og å bygge regionale og internasjonale nettverk. Og vi vil ta tak i framtida på vår HVO-måte, ved å ta utgangspunkt i våre fagmiljø, gjennom tverrfagleg arbeid og å iverksette blant anna kultur- og mediefaga utover dei vanlege faglege rammene. Dette er slett ikkje enkelt.

No har kanskje EU – av alle – kome med eit bidrag og kanskje dermed hjelp? – til korleis framtidsferdigheiter skal forståast – og kvifor det er viktig.

I EU sitt forskingsprogram Horisont Europa (2021-2027) så ønskjer EU seg forskingsprosjekt innanfor tematikken: «Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn». Og kvifor det? Jo fordi EU tenkjer at prosjekt på dette området skal kunne bidra til å løyse dei globale samfunnsutfordringane og bidra til å skape eit konkurransedyktig næringsliv.

HVO: Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn

For meg er dette nesten nok til å gjere meg til EU-tilhengar: «Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn» kan faktisk vore ei overskrift som beskriver kva Høgskulen i Volda ønskjer å stå for, som eit motto som kan binde saman det aller meste av den faglege aktiviteten vår: Kultur og mediefag fell jo fint inn i det som handlar om «Kultur og kreativtet», og er ikkje inkluderande samfunn på eit overordna plan eit sentralt mål for lærarutdanningane, for sosialfagutdanningane, for planlegging og leiing og også mediefaga?

Høgskulen i Volda: Kva skjedde i 2019. Og kva vil skje i 2020?

Julekortet lever framleis! Men dei fleste julekorta som kom til oss i 2019 fekk vi på e-post. Her er nokre av dei: Øverst frå venstre: Norsk Studentorganisajon, stortingsrepresentant Marianne Synnes, UiB, Kunnskapsminister Iselin Nybø, Universitetet i Tromsø, Høgskulen i Volda, Høgskulen på Vestlandet, Eid kommune og NTNU.

Nettavisa Khronos jule- og nyttårshelsingar frå rektorane på høgskular og universitet har vorte ein tradisjon. Her er helsingane for 2019.

Mitt bidrag var slik:

Takk til studentar, tilsette og partnarar i UH-sektoren og regionen for samarbeid, samtalar og samkomer i 2019. For høgskulen vart 2019 eit startår med mykje spennande og viktig. I 2020 bør vi spørje oss sjølve: Kva er «Kunnskap for framtida» – i 2030? For oss? Stikkord: Ny strategiplan.

Ramma frå Khrono var at helsinga kunne ha inntil 280 teikn og det er jo litt knapt. Så eg vil gjerne nytte bloggen for å seie litt meir om kva har skjedd i 2019 – og kva som skal skje i 2020 – som vi veit om i dag. Som dei siste åra har vist oss er det jo ikkje alt som er råd å vite på førehand.

Kva har skjedd på Høgskulen i Volda i 2019?

Årsmeldinga for 2019 blir vedtatt i høgskulestyret i mars og er den offisielle forteljinga om kva som har skjedd ved høgskulen. Årsmeldinga blir først og fremst skriven for Kunnskapsdepartementet, og innhaldet i den blir viktig i det som vert kalla «Etatstyringsmøtet» som vi skal ha i 2020. I år skal møtet haldast ved Høgskulen i Volda.

Årsrapporten og tildelingsbrevet finn du i lag med dei andre styringsdokumenta på våre nettsider.

Men i mine nyhendebrev for 2019 har ca 500 store og små hendingar på høgskulen vorte omtala, og eg har kikka litt tilbake på nyhendebreva i 2019 og plukka ut nokre notisar frå kvar månad i 2019.

Alle nyhendebreva er å finne på nettsidene våre.

Januar 2019

  • Studiebarometeret: Høgskulen har klar framgang frå det begredelege resultatet i 2018, men framleis er resultatet for dårleg.
  • 25 tilsette som hadde fått faglege opprykk i løpet av dei siste tre åra vart feira med middag på Rekkedal gjestehus
  • Høgskulen tek initiativ til Forum for utvikling av det utvida høgskuleområdet der høgskulen og naboinstitusjonane og kommunane møter kvarandre for å informere om planar og å samarbeide for å utvikle kvarandre.
  • Det er no 32 forskargrupper ved Høgskulen i Volda

Februar

  • Voldastudetane er framleis best i landet på gjennomføring av bachelor-utdanning på normert studietid (3 år).
  • Internasjonal dag vert arrangert 6. februar – med bidrag blant andre frå Gry Beate Molvær og Kristoffer Hivju.

Mars

  • Bachelor i historie vert høgskulens første studium 100% på nett.
  • Tre dekanar vert tilsette av Høgskulestyret i fire års åremål og tek til i stillingane 1. august: Randi Bergem (ASH), Unni Hagen (AKF) og Arne Myklebust held fram som dekan på AHL.

April

  • Statsråd Iselin Nybø besøker Høgskulen i Volda for å diskutere internasjonal studentmobilitet – der Høgskulen i Volda er langt framme
  • Tal frå Samordna opptak syner at søkjartala til Høgskulen i Volda aukar meir enn landsgjennomsnittet og at høgskulen har hatt auke i søkjartala tre år på rad.
  • Høgskulen har dårlege tal for publisering i 2018 – og 25 prosent av eksamensresultata vart forsinka.

Mai

  • Kunnskapsdepartementet løyver 3 millionar kroner til ombygging av Strøm-auditoriet (prosjekt «Vekselstrøm»)
  • Symjehallen blir stengt på dagen på grunn av åtvaringar i ein konsulentrapport om at liv og helse kan stå på spel om hallen held fram med å bli brukt. Høgskulen leiger seg seinare inn i Sunnmørsbadet i Fosnavåg for å gje tilbod om symjeopplæring til lærarstudentar og studentar på idrett/friluftsliv.

Juni

  • På sommaravslutninga blir det marker at det er 50 år sidan Stortinget vedtok å opprette DH-skular, blant anna i Volda. Det er i år også 25 år sidan Høgskulen i Volda vart etablert gjennom samanslåing av Volda lærarhøgskule og DH-skulen i Volda. Tidlegare Gudmund Hernes heldt helsinga for dagen.

August

  • Studiestart med 100 % oppmøte for GlU-studentane og opningstale ved kunnskapsminister Iselin Nybø
  • Nytt høgskulestyre tek til frå 1. august
  • Ny fireårig rektoratperiode tek til 1. august der Johann Roppen held fram som rektor og Odd Helge Mjellem Tonheim er ny prorektor.
  • Volda får landets første studenthumanist i Lone Ellingvåg Knudsen
  • Odd Ragnar Hunnes vert mellombels tilsett som dekan på Avdeling for mediefag
  • Høgskulen får studentombod i lag med Høgskulen på Vestlandet

September

  • FoU-prisen til professor Jan Inge Sørbø vert overrekt i samband med opning av Forskingsdagane 2019

Oktober

  • Psykisk helse-månad og førstehjelp i eksamenstida i regi av SiVolda
  • Høgskulen teiknar samarbeidsavtale med Nye Ålesund kommune

November

  • Det er rekordmange studentar ved Høgskulen i Volda: Høgskulen har heile 4.500 registrerte studentar.
  • Det er også rekordmange tilsette ved høgskulen, i alt 350 årsverk. No er det kvinnefleirtal også blant førsteamanuensane.
  • Første spadetak på det nye mediehuset vert teke. Statsråd Iselin Nybø hadde med seg melding om godkjenninga under semesteropninga, og i statsbudsjettet for 2020 vart prosjektet sett opp med ei ramme på 212 millionar kroner.
  • Statsbygg har kjøpt tomta som Strøm-huset står på og som delvis også omfatta arealet der det nye mediehuset kjem. Prisen var 15,5 millionar kroner.
  • Lågast strykprosent i landet på bachelorstudentane ved Høgskulen i Volda

Desember:

  • Voldastudentar er internasjonale med praksis eller studieopphald i Silicon Valley (California), Portugal, Tanzania, India – og mange andre stader.

Kva kan vi seie om 2019, sånn overordna sett? Vi står midt oppe i store utbyggingar av høgskuleområdet, og det skal vi også gjere dei komande åra. Særleg Avdeling for mediefag men også Avdeling for samfunnsfag og historie og dei som sit i Lettbygget får bygginga nært inn på livet – og når Strøm-huset skal renoverast i 2021-2022 så vil det også merkast. Vonleg vil det daglege arbeidet med forsking og utdanning ikkje lide for mykje under desse forbigåande byggeria. Vi må håpe og tru at når dei er ferdige så skal vi ha ein endå betre høgskule – i mange år framover. Signala frå regjeringa tyder ikkje på at vi kan rekne med særleg satsingar og investeringar i dei neste åra. Det virkar som at det er ei nokså samstemmig oppfatning av Noreg må belage seg på nedskjeringar enn vekst i åra som kjem – også i vår sektor.

Kva skal skje i 2020?

Ein del datofesta hendingar blir nemnde i nyhendebrevet og mange av dei er også å finne i kalenderen på nettsidene våre. Her skal eg berre nemne nokre av dei – helst dei som kanskje veit mest om:

  • Resultata for Studiebarometeret for 2019 vert offentleggjort i slutten av januar 2020. Vi veit at vi har hatt like høg svarprosent som for dei siste fem åra, så også i 2020 blir Studiebarometeret eit viktig verktøy i kvalitetsutviklilnga.
  • Arbeidet med bygging av mediehuset går sin gang og det skal stå ferdig 2022. Men i 2021 vil vi arbeide hardt for å få gjennomslag i regjering og Storting for ei eingongsløyving til inventar og medieteknisk utstyr til huset.
  • Våren 2020 skal Strøm-auditoriet byggast om – prosjekt «Vekselstrøm» vil gi oss eit løft!
  • Betalingsparkering planlegg vi å starte med i løpet av 2020
  • Dei nye studentheimane på Heltne (Heltne II) skal stå ferdig i løpet av året.
  • På slutten av 2020 vil venteleg idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena også stå ferdig.
  • Statsbygg vil levere Campusutviklingsplan 2.0 til høgskulen.
  • NOKUT skal evaluere høgskulens kvalitetssystem.
  • Vi står midt oppe i innføring av pedagogisk basiskompetanse for fagleg tilsette – korleis blir det i praksis?

Og det er heilt sikkert også andre hendingar som kunne vore nemnde. Men det er eitt komande arbeid som det kan vere særleg grunn til å løfte fram i 2020:

Våren 2019: Start på arbeid med ny strategiplan

Høgskulens gjeldande strategiplan for 2017-2020 er å finne på nettsida i lag med andre styringsdokument, men har også sine eigne teigar på nettsidene.

Det nye høgskulestyret skal ha styreseminar om arbeidet den 24. april. Høgskuleleiinga (rektoratet og dekanane) vil også ha eit eige strategiseminar i januar.

Nokre opplagte tema for arbeidet er naturlegvis å vurdere i kva grad vi har oppnådd våre mål i gjeldande strategiplan – og kva måte vi skal legge opp arbeidet med ny plan.

Kva tema vil vere aktuelle i strategiplanen? Eg skal vere varsam med å seie korleis strategiplanen blir sjåande ut til slutt, men eg blir overraska om ikkje desse spørsmåla kjem opp på ein eller annan måte:

  • Strukturspørsmålet: Skal vi halde fram som sjølvstendig høgskule?
  • Doktorgradsutdanning: Bør vi etablere ei ny, sjølvstendig doktorgrad
  • Studentrekord: Har vi teke opp for mange studentar? Må vi tenkje på nye måtar å vekse på rett måte på?
  • Eksterne inntekter: Vi har låge inntekter frå oppdrag og bidrag (BOA) samanlikna med dei fleste andre institusjonar. Kva gjer vi med det?

Nok og for mange planar?

Det kan vere greitt å minne oss sjølve om at vi har styringsdokument på svært mange nivå og med litt ulike omsyn og rammer:

  • Nasjonale føringar for UH-sektoren (sektormål og styringsparameter)
  • Det årlege tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet
  • Den fireårige utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet for 2019-2022 – som er ein del av tildelingsbrevet.
  • Høgskulens eigen fireårige strategiplan – som til vanleg vert revidert fleire gonger i fireårsperioden.
  • Avdelingane har også sine handlingsplanar som er kopla til strategiplanen.
  • «Mål og planar» på overordna nivå, der blant anna årsrapport inngår som ein del av rapporteringa.
  • Prioriteringar i dei årlege budsjetta til høgskulen.
  • Prioriteringar i kvardagen på fellesnivå og i avdelingar. Eitt døme på dette er bruk av avsetningane som har vore på eit for høgt nivå i høve forventningane frå Kunnskapsdepartementet.
  • Handlingsplanar for særlege område: Til dømes internasjonalisering, likestilling, inkluderande læringsmiljø, likestilling og mangfald, campusutviklingsplan, kvalitet i utdanningene

Så ein kan vel seie at det ikkje er mangel på planar – og i og for seg har kvar av desse planane gode intensjonar og er i stor grad konkretiseringar av meir overordna føringar og planar. Men ein må likevel heile tida spørje seg om det er for mange planar slik at oversikta kan kome i fare. Kanskje kan det også vere ein del av vårt strategiarbeid?

Det er kanskje slike tema som også vil bli diskutert når Kunnskapsministeren legg fram si melding til Stortinget om heile UH-sektoren – kanskje i 2020.

… det beste med HVO …? Helsingar i høve julebordet i 2019

Marit Ulvund: Programansvarleg for julebordet 2019.

På julebordet i 2019 heldt programleiar Marit Ulvund ein juletale der ho blant anna formidla svar frå kolleger på to spørsmål som handla om HVO. Både spørsmål og svar var både tankevekkande, gode og eggande og eg er glad for at både Marit Ulvund og dei anonyme bidragsytarane har sagt ja til at tankane kan delast med andre:

1) Hva er det beste for deg ved å arbeide ved HVO?

  • Inspirerande og kjekke kollegaer + muligheten til å hjelpe folk å finne sin veg i livet.
  • Ein open og inkluderande arbeidsplass med utruleg mange mulegheiter. Som homofil har eg vorte utruleg godt mottatt på HVO, og det set eg uendeleg stor pris på.
  • Det beste handlar for meg om å glede seg til kvar dag, trivsel, latter, kaffekoppen, de fagleg vanskelege og djupe diskursane, dei monotone timane men også det gode fellesskapet vi har på heile HVO.
  • Det beste de mulighetene en forholdsvis liten institusjon kan gi den som ønsker satse på noe.
  • Alle dei kjekke kollegane på HVO.
  • Det beste ved å jobbe ved HVO er at vi arbeidar innanfor eit veldig spennande samfunnsområde saman med kolleger av mange ulike slag (meir enn sju slag).
  • Det beste for meg ved å jobbe på HVO er de dyktige og kunnskapsrike kollegaene mine! Vi heier godt på hverandre.

2) Hva kan være er det mest modige, innovative og spennende HVO kunne finne på å satse på?

(Helt fritt tenkt… tatt rett utav hodet akkurat nå i dag (som forskingen viser; det første du tenker på er oftest riktig – kilde Ill. vitenskap!) Nå er ikke jeg ute etter «rette» svar, men likevel kan det jo hende at noe lurt bare faller deg inn fort… 😊)
  • La studentar og framtidas studentar ta mykje større del i å forme skulen, tilboda og måten vi jobbar på! ❤️ Ny organisering: Mulighet til å shoppe fag på tvers av alle studieretningar. Byrje med å dele og vise fram kva vi gjer til kvarandre, både tilsette og studentar – til inspirasjon og for å bygge stoltheit!
  • Noko spennande ville vere ein ny, breitt samansett doktorgrad, t.d. under ein paraply som tekst, kultur og læring, gjerne på tvers av avdelingane.
  • HVO framover: Vi må verte flinkare til å sjå utover vår eigen del av Høgskulen, og sjå heile HVO. Ha forståing for at alle på alle nivå, både faglege og administrative, saman må dra lasset.
  • Fyrste tanken er «må vi vere modig, innovativt og spennende? Kanskje… Modig: Satse på å styrkje HVO som institusjon der vi framleis er åleine, med kvalitet for studentar, godt samarbeid med praksisfeltet og i konstant utvikling og endring i eit kompleks og utfordrande UH-landskap.
  • At ein i tillegg til å støtte utviklinga av Voldabadet på Campus. Laga om den gamle symjehallen til eit spektakulært turn og motorikkeldorado til glede både for studentane, vi som jobbar her og alle som bur i Volda!
  • Det mest modige ville vere om HVO tok styringa og bygde eit moderne kulturbygg, som kunne huse kulturfaga, kulturnæringshage, kor, orkester, ballett, musikalar, kino m.m. Nokon som tør etter kommunen sin kulturhussuksess?
  • Et stort felles prosjekt med lang horisont innen de utøvende kunstformene vi tilbyr, med bidrag fra alle avdelinger og deres respektive spesialfelt!
  • Det mest modige og spenstige ville være å opprette HVO Campus Oslo, og deretter Campus Nanjing eller Campus Mumbai! Ikke for å bli store (selv om det ville bety mange flere studenter), men for å berike oss og verden i et internasjonalt fellesskap.
Klart Lucia-dagen må markerast med Lucia-drakter – også på julebord!