Mellombels tilsette: Er Volda ein versting?

Nybø i Khrono, 25. mars 2019.
Khrono, 25. mars 2019.

Det var vel som venta at Khrono-overskrifta var at rektorar må inn på Kunnskapsministerens teppe for å svare for utviklinga i talet på mellombels tilsette i sektoren.

Det kunne fort bli trangt på teppet med 8-10 rektorar på plass. Høgskulen i Volda var også innkalla, men når Widerøe ikkje kunne fly så gjekk den reisa fløyten. 

Men kva er status? Er Volda ein versting? Kva kan gjerast? 

Studiebarometeret: Tid til å studere? (oppdatert)

I Studiebarometeret oppgir studentane kor mykje tid dei brukar på å studere i løpet av ei veke. Er dette tal vi kan stole på? Og kva fortel dei eigentleg?

Voldastudentane har dei siste åra oppgitt dei studerer knapt 30 timar pr veke. Dette er gjennomsnittstal for alle studentar, og naturlegvis med variasjon mellom studieprogramma.

Gjennomsnittleg tidsbruk for alle bachelorstudentar er 33 timar i veka for bachelorstudentar, går det fram av eit oversyn frå Studenttorget.no. Men det er store skilnader mellom ulike typer av utdanningar. Kunnskapsminister Iselin Nybø meiner institusjonane bør ha høgre forventningar til studentane – at studentane bør få høgare krav og studere fleire timar i veka. Noko liknande har også tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sagt – blant anna tilbake i 2016.

Dette er altså viktige tal for Kunnskapsdepartementet: «Fagleg tidsbruk (timar pr veke)» er eitt av såkalla Nasjonale styringsparameter som alle UH-institusjonar blir målte på.

Orientering til høgskulestyret, 7. mars 2019

Styremøtet 7. mars 2019 i opptak.

Styremøtet ved Høgskulen i Volda vart også omtala på førehand i fleire nettaviser:

Khrono (7.mars 2019): Roppen: Selvstendighet et tydelig førstevalg for Volda
Forskerforum (6.mars 2019): Skal Høgskulen i Volda fortsatt stå alene? Styremedlemmer er uenige med rektor

Nei til campus: Ja til høgskuleområde

Språkrådet har vorte spurt av Møre-Nytt om namnet på Campus Volda Sparebank1 Arena. Og Språkrådsdirektør Åse Wetås likar ikkje det ho høyrer. – Dette er eit namn som er alt for langt til at nokon klarer å huske det, spår Wetås.

Arenaen med det lange namnet: «Volda Campus Sparebank1 Arena»:
Ideskisse frå 2016.

I artikkelen peikar også Wetås på at Høgskulen i Volda bruker ordet campus om høgskuleområdet. Det har ho rett at vi har gjort, men det bør vi slutte med: Når vi snakkar om høgskuleområdet så bør vi seie akkurat det og ikkje campus.

Vi bør seie høgskuleområdet i staden for campus.

Vi har no starta med å luke ut «Campus» frå nettsidene våre, altså frå overskrifter, lenkjer, kart og bilde. Og det viser seg at også på høgskulen har campus vorte teke i bruk i mange samanhengar.

Språkrådet har omtala opphavet til ordet campus og fortel at det kjem frå latin og kan kanskje omsettast til slette, eller ein stad der ein slår leir. Det er altså i slekt med camping. Høgskuleområde kan nok av og til likne på ein campingplass, men det er vel ikkje noko mål å trå etter. Universitetsområde som låg for seg sjølv utanfor ein by tok i bruk same omgrepet. Seinare har det vorte teke i bruk om universitetsområde meir generelt, fjernt frå den opphavlege tydinga, slik det ofte er. Store Norske Leksikon omtalar Campus som «Universitetsområde» – og det same gjer Wikipedia (bokmål) – så det er støtte for det alternativet på norsk.

Etter mi meining er «Campus» eit engelsk ord som ikkje seier noko meir enn det norske ordet høgskuleområde eller universitetsområde og då er det ikkje noko stort poeng å bruke det engelske ordet – tvert i mot skaper det avstand og uvisse.

Studiebarometeret 2018: Betre, men bra?

NOKUTs nasjonale undersøking Studiebarometeret har vorte lagt fram med resultat for 2018

Så har resultata for Studiebarometeret for 2018 kome – og i år er det fjerde året på rad at vi har høg svarprosent i Studiebarometeret og dermed bør ta tala på alvor. Og det har vi gjort – spesielt etter i fjor då vi hadde ein klar nedgang i studentane si vurdering av Høgskulen i Volda. Det verste med dette var eigentleg at vi fekk få eller ingen forvarsel – det var lite i kvalitetssystemet som tyda på at studentane brått hadde gått frå å vere nokså nøgde til i grunnen misnøgde med mykje.

NOKUT genererer ei rekkje rapportar for Studiebarometeret. Fagmiljøa har fått tilgang til alle rapportar på avdelings- og programnivå for Høgskulen i Volda.

Her er to rapportar med resultat frå Studiebarometeret for heile HVO.

For 2018 ser vi framgang – men vi er ikkje tilbake på tala for 2015 og 2016 – enno?

www.hivolda.no la vi ut eit første oversyn over resultata i Studiebarometeret same dag som dei nasjonale resultata blei kjende.

Strukturkonferanse: Større, sterkare, betre?

Ei lita gåte: Det blir færre institusjonar – men kvifor blir det då stadig fleire deltakar på seminar i sektoren?

NTNU har invitert til seminar om fusjonar, 11.2.2019. Her er den første omfattande løypemeldinga frå strukturprosessen. Kva fekk vi vite? Korleis tenkjer dei store aktørane?

(Dette blogginnlegget er skrive frå ein strategisk diskret posisjon på bakerste benk – fusjonsprosessane sett utanfor. Og så er dette nok meir av eit kommentert referat enn eit tradisjonelt siterende referat. Så er det sagt. )

Nettavisa Khrono følgjer naturlegvis debatten.

På veg inn til møtet fekk eg spørsmål på om Kåre Heggen var med på møtet? Bakgrunnen for spørsmålet er at Kåre Heggen har skrive ein kronikk i Klassekampen, som også har blitt publisert i Forskerforum. Kåre Heggen er no – som i 2015 kritisk til tankegangen bak fusjonsiveren og ikkje minst kunnskapsgrunnlaget bak.

Fusjonskronikk av Kåre Heggen.

(Ordstyraren på seminaret sa det ville bli råd å stille spørsmål frå salen, og kanskje var det til og med rom for kommentarar.

Undervegs tok han ein kjapp kommentar: «Vi har ein samstemt sektor»)

Gunnar Bovim opna møtet: Det er for tidleg å kome med ei endeleg vurdering av strukturreformen no. Det ville vere som å gi stilkarakterer når hopperen forlot hoppkanten, sa Bovim. Så dette er eit seminar for å gjere institusjonane betre, var beskjed frå Bovim.

Steinar Stjernø presenterte dei lange linjene i strukturprosessen. Sett på spissen sa han at Gudmund Hernes hadde suksess med å redusere talet på institusjonar. Men bomma ved at det blei fleire universitet og at det ikkje blei ei tydeleg arbeidsdeling mellom universitet og meir praktisk retta høgskular.

Studentrevyen 2019 – X3MT moro!

Helsing til Studentrevyen 2019

Kjære revysjef, skodespelarar, musikarar, scenearbeidarar og alle andre som det siste året, siste månaden, siste vekene – og ikkje minst det siste døgnet – har hatt revyen som hobby, sideaktivitet, deltidsjobb – og etterkvart heiltidsjobb: 

Eit stort GRATULERER! Til dykk alle!  De har laga ein revy som verkeleg fortener fulle hus på alle framsyningane!

Overselling av studentheimane på Heltne – eit innslag som godt kan framførast på nytt når dei nye studentheimane står ferdige i 2020!

Somme på Høgskulen i Volda kallar studentanes revyarbeid for utanomfagleg aktivitet. Det er veldig feil ordval. 

Tvert i mot bør vi omtale revyen som tverrfagleg arbeid av beste sort: På tvers av fag, program og avdelingar. 

Med revyen viser studentane veg – at det går an å få det til med framifrå resultat av tverrfagleg arbeid. Her har vi lærarene og veldig mange andre mykje å lære av studentane!

Ein god revy skal treffe på så mange plan, og årets revy skuffar ikkje i så måte. Dei som var på revyen veit kva eg meiner med å seie at Dovregubbens hall er endra for alltid. Skodespelarane er ein uredd gjeng som byr på seg sjølv, og meir til. Dei må ha hatt det veldig kjekt på øvingane – og det fekk vi som var blant publikum merke til fulle på premieren!

Min favoritt var nok innslaget med Senkveld – ein feministisk inspirert mediekommentar som passa fantastisk bra i ein revy!

Musikarane og musikken må særskilt nemnast. Profesjonell framføring, også med uventa instrument som trekkspel og blekkfløyte. Eg veit musikarane har øva så det har dryppa av veggane i dei nye øvingsromma på Kaarstad! Det er bra dei vert brukt – og så får vi skru på meir ventilasjon neste år.

Dette er altså fullstendig studentanes revy, og revygjengens revy. Vi som sat i salen er takksame for at vi fekk ta del i energien, engasjementet og dykkar revyblikk på … verda.

Og eg håper at det blir tre utselde framsyningar dei komande dagane. Det fortener revyen verkeleg! 

Revyen er eit høgdepunkt for studentmiljøet i Volda, og det seier ikkje lite. Vi er alle utruleg stolte over det de har fått til – de kan verkeleg vere nøgde med årets revy. 

Lukke til også med dei neste framsyningane!
Eg har alt begynt å gle meg til revyen 2020!

Revysjef Ingrid Alice Mortensen og regissør Beate Haugsdal i fri dressur etter vel gjennomført premiere!

Helseføretaket bør lære av Nordøyvegen

Helse-Midt Noreg, Stjørdal

Budsjettmodellen til Helse Midt-Noreg bør vurderast av eksterne fagmiljø. Drakampen om Nordøyvegen viste verdien av å la ulike fagmiljø kome med alternative vurderingar.

Helse Møre og Romsdal hadde dialogmøte i Ålesund fredag 1. februar. Den ikkje så fengande tittelen på møtet var: «Orientering og dialog kring HMR sin omstillingsprosess knytt til oppfølging styresak for budsjett og operasjonalisering av utviklingsplan.».

Diskuterte helseproblema (Sunnmørsposten 1. februar 2019)
Sterk auke i overtid og vikarløn i Helse Møre og Romsdal (Sunnmørsposten 1. februar 2019)

Alle som deltok på møtet visste godt at dette handla om å spare. Og spare. Og spare. Og no forventar Helse Møre og Romsdal at kommunane skal hjelpe Helse Møre og Romsdal med å spare. Ingen bør vere overraska over at kommunane er skeptiske til det. Ballen kom raskt tilbake til helseføretakets banehalvdel frå godt over hundre ordførarar, rådmenn, kommunalsjefar, legar, tillitsvalde og andre helseleiarar som deltok på møtet. Kva kan helseføretaket gjere sjølv?

Administrerande direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg tok den pedagogisk oppgåve med å forklare korleis finansierings- og fordelingsmodellen i Helse Midt-Noreg fungerer. Det er naturlegvis ikkje lett å gjere på dei få minutta han hadde til rådvelde, og det var heilt sikkert rett alt han formidla. Kort sagt handlar desse modellane om korleis pengane frå staten vert fordelt internt i Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal ut frå eit komplisert reknestykke som handlar om folketal, aldring, avstandar – og mange andre ting. Dei store tala i budsjetta til Helse Møre og Romsdal er altså vedtatt av Helse Midt-Noreg ut frå ein overordna modell. Det er rammevilkår som styre og leiing i Helse Møre og Romsdal i liten grad kan gjere noko med – og difor eit sparemøte.

Er det pasientane eller modellane som er problemet?

Slørdahl forsikra forsamlinga om at helseføretaket alltid var viljug til å diskutere fordelingsmodellen og at målet er å unngå skeivfordeling internt i regionen. Det er eit godt utgangspunkt for ein grunnleggande og fordomsfri debatt. Den er alt for viktig og komplisert til å bli teken av legar, økonomar og modellar aleine. Eller som Astrid Eidsvik sa på møtet: Modellane har så mange fasettar at det er vanskeleg å sjå heilskapen i dei. Eller kanskje også konsekvensane?
Det er få personar som har god innsikt i modellane – og dermed er det også ein skeiv maktbalanse.

Ein bør stille spørsmål ved om finansieringsmodellen gjennom dei siste 8-10 åra faktisk kan vere ei forklaring på problema ein opplever. Har modellane innebygd eigenskapar eller utilsikta konsekvensar som premierer stor pasienttransport ut av fylket? Er det sider ved modellen og praktiseringa som gjer at 16 prosent av pasientane får behandling i Trondheim? Og at sjukefråveret i hundrevis av einingar i Helse Midt-Noreg ligg over 10 prosent?

Eller sagt på ein annan måte: Gjev modellen eit berekraftig resultat for pasientar, for tilsette i Helse Møre og Romsdal og dermed for regionen?

Einskilde sider ved modellen har vore framme i debatten. Blant anna har professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda i ein kommentar i Dag og Tid teke opp ideen om å skilje mellom drift og investeringar i sjukehusbygg. Ordførar Jørgen Amdam har lang erfaring frå høgskulesektoren og han har peika på at pengar til forsking vert teke av det som blir kalla basisløyvinga i modellen.

Anders Riise og Kommunanes sentralforbund meiner at dei økonomiske modellane til helseføretaket bør vurderast kritisk av fagmiljøa i regionen.

Men kven bør vurdere modellane? Her har vi både eit bukken og havresekken og eit svingdør-problem: Det aller meste av forsking i Helse Midt-Noreg vert utført i Trondheim – i nært partnarskap med NTNU og då særleg ved fakultet for medisin og helsefag. Der arbeider også professor Jon Magnussen som har gjeve namn til fordelingsmodellen som helseføretaket brukar. Det er svært tette samarbeid og personutveksling på toppnivå mellom Helse Midt-Noreg og NTNU. Gunnar Bovim var direktør i Helse Midt-Noreg då dagens modell vart tatt i bruk. Han kom frå NTNU og gjekk tilbake til NTNU som rektor etter nokre år i helseføretaket. Stig Slørdahl er midt i same løype og har permisjon frå stillinga som professor på NTNU medan han er direktør i Helse-Midt Noreg.

Eg er heilt sikker på at fagfolk og leiarar på NTNU og Helse Midt-Noreg har etikk og integritet på stell. Men kvar ein står og går bestemmer også kva ein ser.

Det kan hentast fersk erfaring frå drakampen om Nordøyvegen. Det er vel kjent at i arbeidet med Nordøyvegen kom ulike økonomiske fagmiljø kom med alternative reknemåtar som gav vidt forskjellige resultat. Det kom av at ulike økonomiske modellar legg vekt på ulike ting. Det finst ikkje rette eller feil modellar i seg sjølv. Det kjem an på kva spørsmål som blir stilt og kva ein legg vekt på – altså kva som er mål og føresetnader for modellane. Og dermed blir det ei politisk eller skjønsmessig vurdering som til slutt må gjerast. Det veit alle som arbeider med modellar.

Det er valår i 2019 og mange politikarar kjem til å meine mykje om helseføretaka, men styra bestemmer. Det vil vere fornuftig av styret i Helse Midt-Noreg å hente inn uavhengige vurderingar av dei økonomiske modellane som legg til grunn for fordeling av 20 milliardar skattekroner. Det er tre-fire Nordøyvegar – kvart år.

Video av styremøtet ved Høgskulen i Volda, 7.12.2017

Frå venstre: Janne Heggvoll (AKF), Nikolai Hannvik Nordlid (student, ASH), Marie Havnsund (student, AHL) og Kjell Einar Dagfinrud (adm, ASH).

Årets siste styremøte vart gjennomført torsdag 7. desember 2017. Du kan sjå styremøtet i opptak på våre nettsider. 

Representantar, møteplan og styrepapir til dette og tidlegare møte i Høgskulestyret. 

 

Studiebarometeret: Gode tal for Høgskulen i Volda

Det årlege studiebarometeret vart offentleggjort 6. februar 2017 og syner korleis studentane ved landets høgskular og universitet vurderte sine utdanningar hausten 2016. Tala for Høgskulen i Volda er gode – men vi skal sjølvsagt prøve å bli endå betre. Og så er det til dels veldig små skilnader mellom institusjonane.

Samanliknar vi oss med dei andre institusjonane eller studiestadene i Møre og Romsdal så kjem Volda også bra ut – med dei fleste studium på eller over det nasjonale gjennomsnittet.

Studiebarometeret 2016 – Møre og Romsdal

Fagbladet Forskarforum har laga ein presentasjon over resultata for alle landets høgre utdanningsinstitusjonar.

Fortsett å lese Studiebarometeret: Gode tal for Høgskulen i Volda