Yksnøya 40 år: Lære, leve, oppleve – og overleve

Yksnøya: Base for studiar i friluftsliv

-Yksnøya er Høgskulens finaste klasserom, erklærte dekan Aud Folkestad under lita markering av at høgskulen har drive undervisning og utvikling av kystfriluftsliv på Yksnøya i 40 år. Det var velvalde dekanord!

Kva er Yksnøya? Yksnøya er ei lita øy mellom fire-fem fjordar: Voldsfjorden, Ørstafjorden, Vartdalsfjorden og Rovdefjorden. Og øya ligg også i innløpet til det oppstykka og mangfaldige farvatnet mellom Ulstein og Herøy med sine hundrevis av holmar og båar og skjer. Og på Yksnøya ligg altså høgskulens base for kystfriluftsliv. I 40 år har Yksnøya vore ein nær, tenleg og relevant arena for studentar og fagfolk i friluftsliv. Og Yksnøya burde ha potensiale til å bli brukt også av andre fagmiljø på Høgskulen i Volda. Kanskje alle? 

Litt forenkla kan ein seie at kystfriluftsliv er eitt av tre geografiske nedslagsfelt eller øvingsarenaer for utdanningane i friluftsliv i Volda. Dei to andre områda er fjordbotnane og låglandet. Den tredje er det alpine. Volda og Sunnmøre har alt!

Basen på Yksnøya starta som eit eksperiment på lærarutdanninga i 1979. Det meste måtte improviserast. Og mykje har vokse til: Eit naust/båthus/undersvisningslokale, 6-7 trebåtar, teltplass, vasskjelde, stiar, tenlege båtplassar og kaier og meir til. Litt var der frå før – mykje har kome til desse 40 åra. 

Typisk for haldninga til dei som har arbeidd med og på Yksnøya var Ola Einangs innlegg på 40-årsmarkeringa: – Vi har no mest lyst å sjå framover heller enn å sjå bakover! 

Det er inga tvil om at det var arbeidet til svært engasjerte fagfolk på høgskulen som har gjort at kystbasen har fått utvikle seg til det den har blitt. Men kva no? Kva med framtida? Som ordførar og tidlegare HVO-rektor Jørgen Amdam sa på 40 års markeringa: – Det er ofte ein kritisk fase når eldsjeler og etablerarar overlater roret til nye folk som skal syte for vanleg drift.

Sjølv har eg godt håp om at denne overgangen skal bli vellukka. Det er både fordi det er lagt eit svært godt grunnlag dei første 40 åra, så dei nye fagfolka som skal ta meir og meir over i åra som kjem er ikkje akkurat nye på Yksnøya. 

Ein dansk student på friluftsliv fortalde om korleis ho tenkte før ho valde Volda og Yksnøya: – Kva var spesielt med tilbodet i Volda? Jau, å lære å segle med lokalt bygde trebåtar! Det var det ingen andre som tilbaud! Mange andre friluftsaktivitetar kan ein få lære og utvikle mange stader – men akkurat trebåtar: Det er spesielt. 

Det er ikkje feil at også årsrapporten til Høgskulen i Volda for 2018 har nettopp ein trebåt med spent segl på framsida.

Eit kanskje uoffisielt motto for Høgskulen i Volda er: Lære, leve, oppleve. Men når det gjeld friluftsliv så kan ein legge til: Å overleve. For tryggleik, risikovurderingar og å tilpasse seg og deltakarar til ver og vind og verktøy – som båtar – er sentrale tema i faget. 

På 40-årsmarkeringa fortalde Frode Sætre om korleis fagmiljøet hadde starta med kanoar, men av mange grunnar fann dei ut at det var sikrare og gav betre læring om studentane fekk lære seg å meistre hav og vind med sunnmørske trebåtar. Det er jo ein meir enn tusenårig tradisjon for at akkurat slike båtar høver godt på våre trakter. Og at båtane har vorte bygde i Bjørkedalen gjer ikkje den lokale tilknytninga svakare. 

Så eg vil nytte også denne bloggplassen til å ønskje alle involverte på Yksnøya lukke til med det vidare arbeidet – og eg håper eg blir invitert til 50-årsmarkeringa! 

Historikk om Yksnøya

  • Spor etter liv frå yngre steinalder
  • Frå ca 1600: Kontinuerleg gardsdrift
  • Ca 1900: 6 bruk – ca 40 personar bur på Yksnøya
  • 1910: Skulehuset blir bygd – på dugnad
  • 1938: Brevhus opnar på Yksnøya: Postnr 6117 Yksnøy
  • 1954: Skulen på Yksnøya blir lagt ned – skuleborna går på skule på Lid
  • 1957: Ferjesamband med to daglege avgangar
  • 1976: Ferjesambandet til Yksnøya blir lagt ned – øya får bygdebåtrute
  • 1979: Høgskulen i Volda startar sine aktivitetar på Yksnøya.
  • 1986: Brevhuset blir lagt ned.
  • 1999: Bygdebåtruta blir lagt ned.
  • 2004: Yksnøya får sikker grunnvasskjelde
  • 2005: Friluftsbasen blir avduka
  • 2006: Forskingsdagane held arrangement på Yksnøya
  • 2008: Høgskulen overtek skyssbåten Ina Kristin og nyttar den i ein periode som skulebåt
  • 2010: Høgskulen kjøper trerøring frå Bjørkedalen – og døyper den i kornøl
  • 2013: Friluftsbasen blir rekna som ferdig utbygd
  • 2018: Straumkabelen til Yksnøya blir øydelagd – men Tussa legg ny kabel
  • 2019: 40-årsmarkering av friluftsbasen

Les meir om Yksnøya på Wikipedia.

40-års markeringa.

Orientering til høgskulestyret, 13. juni 2019

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida: https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Idrettsanlegg på og ved høgskuleområdet

Kommunestyret i Volda kommune har vedteke å seie ja til framlegget om å bygge ein ny idrettshall ved høgskuleområdet: Volda Campus Sparebank1 Arena. Bygginga startar om kort tid og byggetida er ca 1,5 år.

Vi er spente både på byggetida og kva denne hallen får å seie for høgskulen og høgskuleområdet. Pr i dag har høgskulen ingen avtalar om bruk av den nye idrettshallen. Volda kommune eig grunnen og parkeringskjellaren under huset. Der vil det kome ca 120 parkeringsplassar og vi reknar med det vil kome på plass ein avtale mellom kommune og høgskule om bruk av desse plassane.

Høgskulen stengde symjebassenget i Idrettsbygget måndag den 13.mai. Det gjorde vi etter at vi fredag den 10. mai fekk eit brev frå Statsbygg der vurderingar i ein konsulentrapport frå selskapet Rambøll vart formidla. Det var ut frå ei vurdering av tryggleik hallen vart stengt. Rapporten frå Rambøll ligg på våre nettsider. Dette er ikkje kjekt. Korkje for studentar, tilsette og ikkje minst barn og unge i Volda og andre stader som har brukt symjehallen mykje i nesten 60 år.

Greetings for MMP-students, Volda University College, Aasentunet, June 7th, 2019

The candidates of 2019. Photo: Erling Sivertsen.

Dean.
Staff. 
And dear students.
No!
Candidates!
Masters! 

I’m really happy to see You here today. A two-year study. A masters degree in Media Practices (MMP). That’s really something to celebrate!

We have had an excellent event with music, students contributions. And the global ambitions of the Master of Media Practices has been highlighted with cases from Svalbard – and India. 

It always makes me smile returning to this museum, this cultural centre, Aasentunet. One thing is that this is the Bethlehem or Kaaba for nynorsk language, as this place was the birthplace of Ivar Aasen, the autodidact scholar who founded nynorsk language. As an internationally recognized linguist he changed Norway and Norwegian language for ever. And nynorsk has always been one of the pillars of the identity of Volda University College.

But for me personally, it also makes me smile returning here, because when i earned my doctoral degree 16-years ago, in 2003, the celebration, the party was here in this very building. 

Maybe You too after the masters examination feels like I did after my doctoral dissertation: After a strenous inquisition, I couldn’t remember much from the party. I think I laughed like a drunk most of the time. But I think people were happy to be here, joining in on a day which was once-in-a-lifetime. 

Partnarskap og berekraftig samarbeid mellom Høgskulen i Volda og kommunar og skular på Sunnmøre

Innlegg på Sunnmøre Regionråds representantskapsmøte, Høgskulen i Volda, 7. juni 2019.

Kjære representantskapsmøte, ordførarar og rådmenn!

Velkomne til Høgskulen i Volda og til vårt signalbygg frå 1922: Henrik Kaarstad-huset.  Det har dei siste åra vorte pussa opp for ca 75 millionar kroner. Eg håper de likar resultatet. Høgskulen i Volda tel sine røter heilt attende til 1861 då det vart starta lærarskule på eit lokalt initiativ. Vi nærmar oss altså snart 160 år med lærarutdanning i Volda. Og når ein er så gammal så melder det seg rikeleg med høve til å feire jubileum. 

Om eit par veker, 20.juni 2019, skal vi feire både eit femti- og eit 25-års jubileum: Då er det på dagen 50 år sidan Stortinget i 1969 vedtok å starte prøvedrift med DH-skular, og blant anna sa at at Ørsta/Volda høvde godt som skulestad for det nye skuleslaget. Det er også eit 25 års jubileum som blir feria same dag: Då er det 25 år sidan Gudmund Hernes i 1994 fekk fusjonert ærværdige Volda lærarhøgskule med nykomlingen Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda. 

Status for Høgskulen i Volda er at vi har hatt ca 4.000 studentar dei siste åra. Søkartala for hausten 2019 har ei lita auke samanlikna med i fjor. Den nasjonale trenden er nedgang i søkjartala. Det er også tredje året på rad vi aukar søkartala. Vi har også auka talet på fagleg tilsette mykje dei siste åra og har no ca 340 årsverk i alt. Av desse er ca 230 i faglege stillingar. Ca 100 årsverk er på doktorgradsnivå. Professorar og dosentar utgjer ca 25 årsverk. Alle desse tala er rekordhøge. 

Helsing på juristlunsj – Høgskulen i Volda 7. juni 2019

Kjære alle deltakarar, og særleg våre lokale arrangørar: Ellen Hovlid, Ingvild Sande Lillebø, Margrethe Homlong Øyehaug, Egil Arne Standal og Bernt Olav Øvregaard

Det er utruleg kjekt å sjå så mange «lovlege» her på høgskulen! 

Eg er veldig glad for at kolleger på høgskulen har teke initiativ til denne samlinga, og at så mange har valt å bruke tid på å møtast her. 

For ein liten og mangfoldig høgskule som Høgskulen i Volda så er det slik at vi har svært mange profesjonsutdanningar og profesjonar innanfor vår faglege portefølje. 

Vi har naturlegvis pedagogar, spesialpedagogar, økonomar, språkvitarar, teologar, historikar, samfunns- og kulturvitarar i alle variantar, som til dømes medievitarar og journalistar. 

Spesielt for såkalla små fag og profesjonar er det svært viktig å ha eller å lage møteplassar der ein kan møte andre fagfolk for nettverk og fagleg utvikling. 

Orientering til høgskulestyret, 2. mai 2019

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida: https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Dødsulukka i Loen

Denne veka har vore prega av at ein våre studentar, Astri Brandal Reynolds, døydde i luftsportulukka i Loen førre søndag. Det har vore tøffe dagar for medstudentar og vennar og for tilsette. På vegne også av styret vil eg seie at vi tenkjer på etterlatte, medstudentar, lærarar og andre som har vorte råka av hendinga. Vi har sett at studentar og lærarar har teke vare på kvarandre og det er godt å sjå opp i det ufatteleg triste som har skjedd.  

Nybygget

Entreprenøren, Statsbygg og høgskulen har no starta det praktiske arbeidet med å detaljplanlegge huset. Vi er no i ein tidleg fase i den såkalla optimaliseringsfasen og håper at det blir ein god prosess og håper på eit godt samarbeid både eksternt og internt.  

Struktursaka

Det har blitt veldig få statlege høgskular i løpet av denne styreperioden. Vi har gått frå ca 18 i 2015 til 5 i dag. Det er Vestlandet, Innlandet, Østfold, Volda og samisk.  I vår region har vi også Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskule i logistikk. 

Det har blitt færre høgskular på grunn av samanslåingar og universitetsomdanningar. Både Innlandet og Vestlandet arbeider for å bli universitet. 

Til no har det altså vorte færre institusjonar, men ikkje færre studiestader. Det kan vere i ferd med å endre seg på fleire institusjonar. 
Mest aktuelt er prosessen på Nord Universitet. Nord Universitet er resultatet av fusjonen mellom dei tre institusjonane Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna i 2016. Universitetet har ca 11.500 studentar. Ca halvparten av studentane er i Bodø, altså ca 6.000. Levanger er nest største studiestad med ca 2.000 studentar. 

Nord Universitetet hadde styremøte 30. april, og på dagsorden stod framlegg om store endringar når det gjeld studiestader. 

Etter eit langvarig utgreiingsarbeid har det vorte foreslått å konsentrere aktiviteten til Bodø og Levanger. Nesna og Sandnessjøen blir lagt ned og ca 100 tilsette vil truleg få tilbod om å jobbe i Bodø i staden. Styret vedtok å sende saka ut på høyring og vil gjere vedtak i saka i juni. 
Universitetet i Sør-Øst Norge og Høgskolen på Innlandet vurderer også å legge ned studiestader. 

I eit fylkesperspektiv kan vi notere at høgskuleaktiviteten i Kristiansund ligg klart under til dømes Nesna målt i tal studentar. Så når det blir bygd opp nye studietilbod på ein liten studiestad som Kristiansund, så er det verkeleg kjerringa mot straumen. Og viktig for Møre og Romsdal.  

I vårt interne styrearbeid på Høgskulen i Volda kjem vi tilbake til struktursaka i neste styremøte der det skal leggast fram ein SWOT-analyse av høgskulen. Det blir ei vidareføring av arbeidet som har vorte gjort tidlegare i styret og leiinga. 

Samarbeidsavtalen med Universitetet i Bergen har vi foreslått å forlenge i tre år til. Universitetet i Bergen vil drøfte dette på leiarmøte komande måndag. Vi har ikkje fått signal som tyder på at universitetet ikkje ønskjer å forlenge avtalen. 

Seinare i styremøtet skal vi få ei orientering om Samordna opptak for 2019 med særleg fokus på våre eigne studietilbod. Men her vil eg kort seie litt om korleis utviklinga i Volda plasserer seg i ein nasjonal samanheng. Det er alt kjent at Høgskulen i Volda har ein auke i søkjartalet på ca 1 prosent, medan for sektoren samla sett ser vi ein nedgang på 2,3 prosent. Så vi har klart betre utvikling enn landsgjennomsnittet. Vi har hatt auke i søkjartala i tre år på rad, og det er berre 6-7 av ca 40 private og offentlege UH-institusjonar som har hatt vekst i tre år på rad i Samordna opptak. Alle dei andre institusjonane som har hatt tre år med vekst er mindre enn høgskulen i Volda. Høgskolen i Molde er blant dei, og har ein auke på nesten 20 prosent i søkjartala. 


Ei viktig forklaring både for Molde og dei fleste andre institusjonane med vekst er at dei har fått auka midlar til å starte nye studietilbod – altså nye studieplassar. Dette gjeld også i Kristiansund der Dronning Mauds Minde har fått studieplassar for å byggje opp eit nytt studietilbod som barnehagelærar.

Volda har som kjent ikkje fått særleg med nye studieplassar i det siste, så auken for vår del må kome av andre årsaker.  NTNU Ålesund har ein nedgang i søkjartala på ca 5 prosent.

Søkjartal går opp og ned så ein bør ikkje legge for stor vekt på einskildår. Men tre år på rad med auke er bra. Så her kan vi i styret vere godt nøgd med utviklinga.

Grunnskulelærarutdanningane

I gjennomgangen av søkjartala vil vi også få orientering om søking til grunnskulelærarutdanning. Der er diverre nedgang for oss – og nasjonalt. 

Fagleg sett bør styret også merke seg at høgskulen har sendt ein ambisiøs forskingssøknad om evaluering av fagfornyinga i skulen.
Høgskulen gjennomført konferansen ITS Volda – ei samling finansiert av kvalitets- og internasjonaliseringsorganet DIKU, og der føremålet er å få til meir internasjonal utveksling av lærarstudentar. Det ligg betre til rette for det no med ei femårig utdanning enn tidlegare. 

ITS Volda 2019

Leiar for internasjonalt kontor Arne Humberset og studieleiar GLU Oddvar Aalde – sentrale aktørar bak ITS Volda-konferansen.

Opningshelsing til konferansen ITS Volda, 10.4.2019.

It’s a great pleasure for me as rector of the Volda University College to welcome you all to Volda and the conference ITS Volda. 

Being close to the sea, Norwegians have always been close to the outside world by opportunity as well as necessity. And today this might be even more necessary than ever before. 

Volda University College is among the Norwegian Universities and Colleges with the highest level of international student exchange. Of course we are proud of this, but we also think this is necessary. 

Each year, hundreds of Volda-students go to study abroad and scores of international students come to Volda University College. 

Likestilling og mangfald: Status og utvikling ved Høgskulen i Volda

Innlegg på paneldebatt på konferanse om likestilling og mangfald i universitets- og høgskulesektoren, Tromsø, 2.4.2019.

Paneldebatt i Tromsø, 2.4.2019. Frå venstre: Wenche Sæbjørnsen (UiT), Johann Roppen (HVO), Ida Munkeby (NTNU), Kathrine Skretting (Innlandet) og Heidi Holt Zachariassen (KIF-komiteen).

I Volda har rektor dei siste åra vore fast medlem av Utval for likestiling og mangfald, så likestilling og mangfald er eit prioritert område for leiinga på høgskulen. 

Handlingsplan for likestilling og mangfald ved Høgskulen i Volda.

Høgskulen i Volda har ikkje vorte fusjonert og eg ser eg er einaste mann i dette panelet, og dessutan brukar nynorsk, så no veit eg korleis det kjennest ut å bli kvotert inn! 

Nytt studium: Nettganning. [Aprilspøk]

Avisa Møre dekte opninga av HVO campus i Gannevegen

Høgskulen i Volda vil frå hausten tilby eit nytt studium i nettganning. Studietilbodet er først og fremst eit tilbod med undervisning og praktiske øvingar på nett, men dei som ønskjer å treffe lærarane kan møte dei på høgskulens nyopna campus i Gannevegen i Volda.

Dette er det første studietilbodet i ganning i verda og er ein del av strategien for å gjere Høgskulen i Volda endå meir spissa og profilert. Det er ein føresetnad for at studiet skal starte at det vert godkjent for lån i lånekassa av NOKUT. Der har vi grunn til å vere optimistiske sidan astrologi nett har vorte godkjent:

Nå kan du bli astrolog med støtte fra Statens lånekasse (Forskning.no)
Sjå også Khrono, 15.3.2018

Informasjon, søknad, opptak og eksamen skjer via telepati. Dei som likevel ønskjer meir informasjon alt no, kan kome på informasjonsmøte i Berte Kanutte-huset, Store Auditorium, kl 16.00 i dag, måndag 1. april.

Meir om ganding: