Studiebarometeret: Gode tal for Høgskulen i Volda

Det årlege studiebarometeret vart offentleggjort 6. februar 2017 og syner korleis studentane ved landets høgskular og universitet vurderte sine utdanningar hausten 2016. Tala for Høgskulen i Volda er gode – men vi skal sjølvsagt prøve å bli endå betre. Og så er det til dels veldig små skilnader mellom institusjonane.

Samanliknar vi oss med dei andre institusjonane eller studiestadene i Møre og Romsdal så kjem Volda også bra ut – med dei fleste studium på eller over det nasjonale gjennomsnittet.

Studiebarometeret 2016 – Møre og Romsdal

Fagbladet Forskarforum har laga ein presentasjon over resultata for alle landets høgre utdanningsinstitusjonar.

Studiestart ved Høgskulen i Volda hausten 2016

Aller kjekkast er det å registrere at når det gjeld studentanes vurdering av undervisning og rettleiing så ligg Høgskulen i Volda høgt samanlikna med tilsvarande institusjonar – altså samanlikna med institusjonar med mange typer utdanningar som dei regionale høgskulane og universiteta. Det er stort sett små og spesialiserte utdanningsinstitusjonar i Oslo og Bergen som scorar høgst på denne indeksen.

Det er kanskje sjølvsagt, men kan ikkje seiast for ofte: Høgskulen i Volda skal gi gode utdanningar og skal vere kjend for å gi tett oppfølgjing og rettleiing til studentane. Studentane skal møte opne dører ved Høgskulen i Volda.

Dei opne dørene er også noko som større utdanningsinstitusjonar bør merke seg.

På dei andre måla i Studiebarometeret ligg vi også i tetsjiktet samanlikna med andre regionale høgskular og universitet. Det gjeld variablar som forventningar frå dei fagleg tilsette til studentane og relevans for arbeidslivet.

Det er verd å merke seg at på dei fleste variablane i Studiebarometeret er det små skilnader mellom dei fleste institusjonane. Men eg reknar med at høgskulane og universiteta vil gå nøyare inn på tala og sjå på einskildstudium som skil seg ut i positiv eller negativ lei.

Studentane ved Høgskulen i Volda har dei to siste åra vore svært flinke til å sende inn svar på Studiebarometeret, så no har vi etterkvart nokså truverdige tal som kan brukast på ein god måte i kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda.

Også for 2015 hadde Høgskulen i Volda gode tal på Studiebarometeret og voldastudentane var samla sett dei mest nøgde studentane i Møre og Romsdal.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar