Studiebarometeret: Tid til å studere? (oppdatert)

Men korleis ligg voldastudentane an samanlikna med studentar på våre naboinstitusjonar?


VoldaHVL SogndalHVL BergenUiSNTNU
BLU28,131,928,529,4*)
GLU 1-731,3 44,4 *)27,227,631,2
GLU 5-1026,619,628,926,326,2
Barnevern26,524,7*) 28,027,7
Sosionom28,530,127,524,724,5
Gjsnitt28,230,128,027,227,4

*) Det var svært få svar frå Sogndal på GLU 1-7. NTNU har ikkje barnehagelærarutdanning. HVL Bergen har ikkje barnevernsutdanning.

I tabellen ovanfor er tala for voldastudentane på  profesjonsstudia i lærerutdanninga og sosialfag presentert i lag med tal for studentane på tilsvarande studium i Sogndal, Bergen, Stavanger og på NTNU. Det viser det seg at studentane brukar nokså lik tid på å studere på tvers av institusjonane: Alle brukar knapt 30 timar i veka på å studere. Ser ein på tala på institusjonsnivå er også tidsbruken nokså stabil dei siste åra.

Det er mange spørsmål som reiser seg ut frå slike tal. Har studentane svara «rett» når dei har oppgitt kor mykje tid dei brukar på å studere? Har vi her eit metodeproblem? Det har vi naturlegvis. Men sidan Studiebarometeret er likt for alle institusjonar så må ein tru at sjølvrapporteringa slår likt ut for dei fleste institusjonar.

Eit anna spørsmål er om det verkeleg er slik at det blir betre studiekvalitet av at studentane arbeider fleire timar i veka? Eg har litt vanskeleg for å tru at det ikkje stemmer. Men vi har ein viss parallell til den lange debatten om kortare arbeidstid: Somme studiar syner at organisasjonar som kuttar i arbeidstida – til dømes til 6 timars dag – faktisk klarer å levere same produktivitet som før.

Men om det er slik at studentane bør arbeide fleire timar i veka: Vil ikkje det også kreve at dei tilsette også må bruke meir tid på undervisning og rettleiing? Svaret på det bør også vere innlysande: Forventar ein at studentane skal arbeide 10 prosent meir så må også undervisnings- og rettleiingsinnsatsen aukast med 10 prosent. I alle fall når vi er på eit nasjonalt nivå.

Det er ein viktig felles eigenskap ved UH-institusjonane som har studentar som arbeider flest timar i veka. I følgje Studenttorget er dette tannlegestudentar, legestudentar, politi, arkitektur og farmasi. Dette er studium som er på høgaste eller nest høgaste nivå i finansieringssystemet i høgare utdanning. Det betyr at den statlege løyvinga pr student på lege og tannlege er 3-4 gonger høgare enn for ein student på sosionom.

Ein annan måte å illustrere skilnaden på er i statistikk over fagleg tilsette pr student. På sosialfaga i Volda er det ca 18 studentar pr tilsett. Til dømes på medisinstudiet ved Universitetet i Oslo er det under 3 studentar pr tilsett.

På eit overordna nivå burde det altså ikkje vere så vanskeleg for insitusjonar med god finansiering å tilby meir undervisning – og dermed stille høgare krav til studentar. Og tilsette. Det er i tillegg allment kjent at det er høge opptakskrav til legestudium og tannlegestudium. Men i sum er det vanskeleg å legge til grunn at slike studium skal vere normen for norske studentar.

Studiebarometeret bør ikkje reknast ein fasit for å vurdere kva som fungerer eller ikkje – men i staden eit godt grunnlag for å stille nye spørsmål.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar