Studiebarometeret 2018: Betre, men bra?

På spørsmålet om kor nøgde studentane var sånn alt i alt har vi dei fire siste åra fått karakteren 4,1 i 2015 og 2016, så kom sjokket i 2017 med 3,7 – svakast i sektoren. Og i 2018 er vi oppe på 3,9 – som er same tal som til dømes Høgskolen i Molde og OsloMet.

I dei nasjonale presentasjonane har Forskerforum notert seg at «Volda tok seg opp», men som dei påpeikar har vi framleis mykje å gå på.

Resultata for grunnskulelærar 1-7 og dei to programma på journalistikk vekt positiv merksemd – og det er kjekt. Resultat som ikkje er fullt så kjekke arbeider vi med – med å sjå kva tala seier og korleis utviklinga har vore dei siste åra.

Av einskildresultat er det kjekt å sjå at studentane i Volda også i år gir veldig positiv vurdering av biblioteket – bra! – studentmiljøet får også gode tal – og fagleg sett er det også oppmuntrande at studentane er fornøgde med eksamenar og seier at studieprogramma er fagleg utfordrande. Dette er i alle fall einskildspørsmåla med høgast score i Studiebarometeret 2018 for Høgskulen i Volda.

I andre enden av skalaen finn vi at studentane er minst nøgde med tilrettelegging for kontakt med arbeidslivet, undervisningslokale, medverknad, administrativ tilrettelegging av studieprogrammet og omfang på rettleiing og diskusjonar med fagtilsette. Dette burde det vere råd å betre. Eller har studentane urealistiske forventningar til oss? Det er faktisk ein viktig diskusjon – å bli klar over studentanes forventningar og fagmiljøas kapasitet. Men vi ser også veldig klart at det er store variasjonar fagmiljøa i mellom.

Eitt av spørsmåla i Studiebarometeret handlar om studieinnsats målt i timar – og dette spørsmålet bør studentane særleg sette seg inn i. I gjennomsnitt brukar studentane i Volda litt under 30 timar i veka på undervisning og eigenstudiar – det virkar lågt.

Korleis har vi tenkt om Studiebarometeret det siste året?

For det første så tok vi opp resultata i Studiebarometeret som ei eiga sak i leiinga, på allmøte, i møte med studentar – og styret fekk først orientering og deretter ei saksutgreiing med aktuelle tiltak. Desse tiltaka bygde på innspel og vurderingar både frå leiinga, frå studentar og ikkje minst frå allmøtet der også studentar deltok. Det var nok særleg medverknad som gjekk igjen som medisin: Tilsette og studentar må arbeide i lag for å skape resultat. Og det gjeld sjølvsagt også no.

Desse tiltaka har vi så mint kvarandre på gjennom året, og det var veldig inspirerande å sjå kor fagmiljøa tok tak i Studiebarometeret og jobba med tala på sine måtar. Det er veldig verdifullt!

Tiltaka frå 2017 kan vere vel verd å hente fram att – og kva kan vi seie om korleis tiltaka har vorte følgde opp?

  1. Styrking av fagutval for studieprogram og betring av emneevalueringar: Fagutvala har skifta namn til kvalitetsutval og fagmiljøa skal ha vore meir aktive i å rekruttere studentmedlemmer og å gjere kvalitetsutvala viktigare i studiekvardagen.
  2. Betre informasjon om utdanningssamtalar og utdanningsplanar: Til styremøtet vil vi vurdere kor langt vi har kome på dette området – det vil kome fram gjennom rapporteringar frå fagmiljø og avdelingar.
  3. Styrking av undervisningskvalitet: Dette har vore eit viktig tema for alle fagmiljø, og vi ser også i Volda at studentanes vurdering av tilbakemelding samvarierer med heilskapsvurderinga. Høgskulen står midt opp i planlegging av nye rammer for pedagogisk basiskompetanse og meritering av undervisning, og dette vil kome på plass i 2019.
  4. Vidareutvikle Canvas og forenkle studieinformasjonen: Vi ser i Studiebarometeret framgang på dette frå 2017 til 2018 i studentane si vurdering. Bruken av Canvas og anna studieinformasjon kan framleis bli betre og meir tilgjengeleg for studentane.
  5. Betring av lokale for undervisning og rettleiing: Fleire små og store tiltak har vorte gjennomført, og vi startar i 2019 eit nytt Campsutviklingsprosjekt der arbeidsplassar for studentar blir eit viktig arbeidsområde. Nybygget «Sivert» og framtidig ombygging og utvikling av Strøm er store prosjekt som bør gi oss eit løft – om nokre år. Men igjen snakkar vi om kontinuerleg arbeid.
  6. Oppfølgjing av einskilde studieprogram: Studieprogram med svake resultat eller feil utvikling vart særleg følgt opp. Dei fleste av desse studieprogram har hatt klar framgang frå 2017 til 2018. To studieprogram har ikkje hatt det.
  7. Rekruttering til Studiebarometeret 2018: Dette har vorte følgt opp på same måte som for dei tre førre åra, og vi hadde også i 2018 ein svarprosent på ca 70, som er høgt i nasjonal samanheng.

Kva vil vi så gjer ei 2018? Ein del av dei sju tiltaka frå 2017 må vi berre arbeide vidare med. Kvalitetsarbeid er jo noko som eigentleg aldri blir ferdig. Fagmiljøa sine vurderingar er viktige for å kunne tolke resultata. Det kan bli aktuelt med eit nytt allmøte om Studiebarometeret – og her tek eg gjerne i mot innspel på om tilsette ønskjer det.

På styremøtet 7. mars vil vi både gå gjennom resultata for 2017 og for 2018. Og ikkje minst diskutere korleis tiltaka vi bestemte oss for har vorte følgt opp.

Sjølv tenkte eg at vi i 2017 innførte både det nye systemet Canvas og nye nettsider omtrent på same tid som studentane skulle svare på Studiebarometeret. Eg meiner å sjå at tala for 2018 tyder på at studentane har vorte litt meir nøgde med Canvas, men ut frå spreidde inntrykk frå fagmiljøa ser eg at vi brukar Canvas på veldig ulike måtar på heilt grunnleggande ting: Som å formidle tid og stad og tema for undervisning. På dette punktet trur eg vi har mykje meir å hente – og lukkast vi med det bør vi kunne få betring også i 2019.

Studiebarometeret har blitt diskutert også med Studentparlamentet, blant anna i det faste leiingsmøtet mellom leiing og arbeidsutvalet i Studentparlamentet. Her frå møte i februar 2019. Frå venstre direktør Per Halse, prorektor Jens Standal Groven, student Trym Rimmen, student Simen Jester Langeland, Ass.dir i SiVolda Rune Aasen, sekretær for studenttinget Kristine Langdal og studiedirektør Gonnie Smit. Foto: Rektor.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar