Orientering til høgskulestyret, 7. mars 2019

Styremøtet 7. mars 2019 i opptak.

Styremøtet ved Høgskulen i Volda vart også omtala på førehand i fleire nettaviser:

Khrono (7.mars 2019): Roppen: Selvstendighet et tydelig førstevalg for Volda
Forskerforum (6.mars 2019): Skal Høgskulen i Volda fortsatt stå alene? Styremedlemmer er uenige med rektor

Nybygget

Det er ei stor glede for meg å informere styret om at no er det teikna kontrakt mellom Statsbygg og PEAB/ K Nordang om bygging av det nye huset for mediefaga. Vi fekk melding om det i går, og er letta over at prosjektet no kan gå vidare. Det er faktisk 3 månader sidan det vart offentleggjort kva framlegg til prosjekt som hadde vunne konkurransen, og vi hadde nok håpa på at det skulle gå raskare å få på plass det formelle. Men no er altså kontrakten signert. Det betyr at arbeidet med regjeringsnotatet også går vidare til kvalitetssikring i Kommunal og moderniseringsdepartementet før det så vert lagt fram for regjeringa for godkjenning i form av eit regjeringsnotat. Internt går vi no vidare i detaljplanlegginga av huset og eg trur alle involverte gler seg til å gå inn i ein ny og spennande fase. Samtidig som det blir mykje arbeid og dermed ein krevande prosess.

Grunnskulelærarutdanning

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har fått fram søknad om akkreditering av erfaringsbasert master i undervisning og læring og den har vi sendt til NOKUT. Vi har godt håp om at den vil bli godkjent og i så fall vil vi ha vår niende masterutdanning på plass.

Vi arbeider også med planar å søkje om akkreditering av master i barnehagelærarutdanning. Vi ser alt at i arbeidsmarknaden har somme barnehageeigarar alt definert lektorkrav i somme stillingar. Volda er kanskje den einaste høgskulen i landet som ikkje ikkje har mastertilbod for barnehagelærarar, så det er på tide å få på plass.

Desse eventuelle nye tilboda vil vi også kome tilbake til seinare når vi skal prioritere satsingar utanfor ramma for 2021. Det blir styresak hausten 2019.

Campusutvikling 2.0

Vi har hatt møte med Statsbygg for å starte nytt campusutviklingsprosjekt. Alle høgskular og universitet skal i følgje Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning ha ein campusutviklingsplan, og det er verd å merke seg at hus for forsking og utdanning er eit eige kapittel i langtidsplanen. Det er nytt. Det handlar både om at sektoren forvaltar store verdiar, men også at vår sektor er viktig i den statlege politikken i høve til arbeidslivet, miljø og klima.

Vi reknar med at arbeidet med den nye campusutviklingsplanen vil vare ca 1 år. Styret vil få orientering om planen undervegs. Vi må nok også be styret om midlar til å gjere vår del av planen.

Prosjektet vil i alle fall vere retta inn mot arbeidsrom for studentar og forskarar, men vi må også vurdere om fellesareal som første etasje i Berte Kanutte-huset må inn i planen.

Sidan førre styremøte har vi også hatt eitt møte med aktørar på og ved høgskuleområdet. Det skjedde 21. januar og samla blant andre Volda kommune, Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Studentsamskipnaden i Volda, Sunnmøre kulturnæringshage, Volda sjukehus og Statsbygg.

Vi vil seinare i vår ha eit nytt møte for å formalisere arbeidet i ei utviklingsgruppe for området mellom studentheimane på Heltne og Volda vidaregåande skule – inkludert Volda sjukehus og høgskulen. Førebels er namnet Campusutviklingsforum, men vi bør nok finne på eit betre namn.

Vi har felles utfordringar på parkering på kort sikt, planlegging av heile området og betre kollektivtrafikk på lenger sikt. Og om vi klarer å dra i saman både høgskule, sjukehus, kunnskapspark og andre så kan vi håpe på å få til også fagleg utvikling i lag.

Volda kommune har lenge arbeidd med ein kommuneplan, ein arealplan, for heile kommunen. Den er førebels ikkje ferdig og klar til å bli lagt ut til offentleg ettersyn, men vi håper våre perspektiv blir teke med. Vi tenkjer då særleg på parkering og kollektivtrafikk.

Elles meiner eg at vi bør unngå snakke om campus om det er høgskuleområdet vi meiner. Eg trur ikkje begrepet campus er i dagleg bruk på høgskulen eller i bygda eller som blir lett forstått.

Trakassering, studentmiljø og arbeidsmiljø

I førre styremøte fortalde vi om at Universitetet i Agder er i ferd med å starte ei undersøking om seksuell trakassering blant tilsette på universitet og høgskular. Vi vil delta i undersøkinga som blir gjennomført seinare i vår.

Arbeidsmijøundersøkinga ARK har vorte gjennomført for andre gong på HVO i 2018 – første gong var i 2015. Hovudinntrykket er at Høgskulen i Volda i 2018 som i 2015 ligg nokså nær gjennomsnittet for høgskulane og universiteta som er med i undersøkinga. Det er likevel klare utfordringar i somme einingar, og det vert no arbeidd vidare med å følgje opp desse. Styret vil få nærare informasjon om resultat og vidare arbeid med ARK-undersøkinga på neste møte.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.