Nei til campus: Ja til høgskuleområde

Campus vert også brukt om langt meir enn universitetsområde. I Silicone Valley har fleire av IT-selskapa store område som dei kallar Campus. Det skjer mykje forsking og utvikling der, men dei er ikkje universitet. Kavlifondet støttar noko dei kallar Guttas campus – eit prosjekt for gutar på 16-17 år som slit med skulemotivasjon. Red Bull arrangerer Campus league – blant anna på Down Town kjøpesenter i Porsgrunn. Dette må vel kallast utvatning.

Campus har vorte eit moteord som har blitt teke i bruk til alt og ingenting og er difor ubrukeleg.

Somme har forslått å bruke omgrepet studiestad om høgskuleområdet – eller campus. Eitt problem med det er at det kan bli forveksla med studieby eller studiebygd – studiestad kan altså oppfattast som ein by som har ein institusjon for høgare utdanning. Og så kan studiestad også vere der studentane er og studerer – og det kan vere på høgskulen eller på nett – eller på studietur – eller i praksis.

Eg trur ikkje mange i Volda snakkar om at dei skal ha seg ein tur til campus. Lokalt her i Volda har vel folk snakka om «opp på Dejhå» og opp på lærarskulen. Og det gav bra meining då dei to institusjonane stort sett hadde berre eitt hus dei heldt til i. Men det har gått nokre år sidan det var tilfelle. No seier kanskje mange «opp på høgskulen», men med eit høgskuleområde på eit par kilometer og ca 15 hus, så er det ikkje rart at både tilsette, studentar, besøkande, drosjer og bussjåførar av og til slit med å gå og køyre til rett stad.

Høgskulen har teke i bruk tenesta Mazemap for å gjere det enklare å finne fram på høgskuleområdet. (Men hei! Den 27.2. står det jammen «campus» der også! Oppdatering 1.3.: No er det retta. Bra!)

Vi har også utstyrt dei elektroniske timeplanane (Timeedit) med lenkjer til kart over høgskuleområdet.


Til slutt eit par vedkjenningar: I nokre samanhengar blir vi nærast tvinga til å bruke campus-ordet likevel. I regjeringas langtidsplan for forsking så blir alle institusjonar pålagde å lage campusutviklingsplanar. Og det treng vi. Men kanskje kan vi gi namnet på sjølve planen eit betre namn når den ligg føre?

Eg har sjølv invitert ei rekkje aktørar til å skipe eit Campusutviklingsforum: Volda kommune, Studentsamskipnaden, Volda sjukehus og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Delvis heng ordvalet saman med at vi skal lage ein campusutviklingsplan, delvis med at «høgskuleområdet» kanskje vert oppfatta som berre høgskulen sitt prosjekt. Men igjen: Det hadde vore kjekt å fått eit betre ord å bruke og eg tek gjerne i mot innspel!

Oppdatering 17.12.2020:

Debatten om ordet har gått vidare og blussa opp på nytt i samband med opninga av Volda Campus Sparebank1 Arena seinhausten 2020:

Møre-Nytt, 24. november 2020: «Kjendis-professor ber kommunen endre «Volda Campus Sparebank1 Arena» (krev innlogging)
Kjendis-professoren er Gunnstein Akselberg, UiB, som har skrive brev til Volda kommune og oppmoda kommunen til å velje eit anna namn. Volda kommune valde å ikkje ta opp saka.

Terminolog Ole Kristian Våge har kommentert campus-ordet og bruken av det meir generelt i fagbladet Forskerforum, 19. november 2020: – Ordet campus er ein påfugl

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar