Mellombels tilsette: Er Volda ein versting?

Status og utvikling i mellombelse stillingar

Universitet- og høgskular har langt fleire i mellombelse stillingar enn i arbeidslivet elles. Kanskje dobbelt så mange: 9 prosent mot 18 prosent.

Forskarforbundet (FF) har i mange år arbeidd med spørsmålet om mellombelse stillingar. Det har faktisk stått på FF sin dagsorden sidan 1960-talet.

Forskarforbundet har for 2018 kome med eigen analyse og presentasjon av tal for melllombels tilsette med utgangspunkt i tala i DBH (Datatabase for statistikk om høgre utdanning).

Tala frå Forskarforbundet tyder på at for statlege høgskular har utviklinga dei fire siste åra gått i feil retning. I 2018 er det 18,3 prosent av fagleg tilsette i UH-sektoren i mellombelse stillingar. Tala har vorte kommenterte i fagbladet Forskerforum:

  • Iselin Nybø i Forskerforum: «Jeg vil utfordre rektorene til å ta dristigere valg for å ansette medarbeidere fast i større grad enn tidligere.»
  • Ragnhild Lied i Forskerforum: «Av med silkehanskane»: «No bør verstingane få klar melding om at viss dei ikkje ryddar opp, vil det få økonomiske konsekvensar.»

Grunnlaget for statistikken kan diskuterast: Om tilsette i stipendiatstillingar og i post.doc.-stillingar blir rekna med blant dei som er mellombels tilsette har mykje å seie. Statistikken ser straks betre ut for institusjonar med mange stipendiatar og post.doc.-ar om desse blir haldne utanfor.  I Tilstandsrapporten for høgare utdanning står det at frå og med 2015 vert ikkje åremålsstillingar talde som mellombelse. Når Tilstandsrapporten for forsking og høgare utdanning kjem seinare i år så får vi sjå om FF reknar på same måte som DBH.

Det er jo ein fordel å vere samde om tala. 

Er Volda ein versting?

Etter FF-statistikken for 2018 så har Høgskulen i Volda i 17,5 prosent mellombels tilsette i faglege stillingar i 2018. Det er litt betre enn gjennomsnittet for statlege høgskular, men vi er langt frå å vere best. Og viktigast: Utviklinga går i feil retning. Vi har klart fleire mellombels tilsette i 2018 enn i 2017. 

Utvidar ein tidshorisonten til det siste tiåret, så låg Høgskulen i Volda nokså dårleg an i 2009. Då var heile 26 prosent av fagleg tilsette i mellombelse stillingar. I åra 2014-2017 har Volda lege på ca 13 prosent. Det har vore klart lågare enn gjennomsnittet for statlege institusjonar. 

Så kva har skjedd frå 2017 til 2018 som gjer at vi tek eit slikt hopp?  I årsrapporten for 2018 har vi kommentert det.

På side 17 står: 

HVO har ein auke i delen av mellombels tilsette i undervisnings- og forskingsstillingar, og vi  ligg likt med gjennomsnittet for dei statlege institusjonane. 

Desse stillingane gjeld mellom anna  stipendiatar, prosjektstillingar og FoU-/vikarstipend. Der er også ein auke i samband med  ekstratildelingar for dei nye grunnskulemasterutdanningane så vel som oppdrag i dei nye  kompetanseutviklingsordningane (Dekomp og Rekomp).

Permisjonar knytte til svangerskap og sjukdom medfører at vi treng vikarar som vert mellombels  tilsette. Ved utlysingar har HVO opna for faste tilsetjingar der det kan forsvarast ut frå budsjett  og personalsituasjonen elles. Sjukefråværet har gått opp. Ei av årsakene er at fleire tilsette har vore langtidssjukemelde pga  alvorleg sjukdom.  (…) 

Ein annan plass i årsrapporten for 2018 er det også peika på at vi utvidar fagmiljøet innanfor  Digital kompetanse i læring (DKL), og er i ein vekstfase. 

Det enkle svaret er altså at vi har tilsett fleire i mellombelse stillingar. I 2017 hadde vi 24 faglege årsverk i mellombelse stillingar – i 2018 var talet auka med 12, til ca 36 faglege årsverk. Og kva avdelingar er det vi ser auken i mellombelse tilsette? Det er på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og på Avdeling for mediefag, særleg på fagområde knytt til lærarutdanning: Digital kompetanse i læring. 

Begge deler er nasjonalt prioriterte område. Vi gjer altså rette prioriteringar, fagleg sett. Men kvifor mellombelse stillingar og ikkje faste?  

Avdelingane peikar på at ny aktivitet ofte har kortsiktig finansiering – eller det ser i alle fall slik ut. Då kjennest det risikabelt ut å tilsette i faste stillingar. Den kortsiktige finansieringa er i stor grad knytt til skule og til vidareutdanning av lærarar. Vi har hatt ei dobling i inntektene frå ca 8 mill i 2014 til over 17 mill i 2018, men måten desse midlane kjem på gjer at det kan kjennest vanskeleg ut å planlegge langsiktig, blant anna ved å tilsette folk i faste stillingar. Eitt døme på det er at ein stor del av vidareutdanningsmidlar no skal kanaliserast gjennom kommunar der vi tidlegare fekk midlane direkte, eller gjennom fylket. 

Dette er ikkje eit problem berre for Volda. Lærarutdanningane står midt opp i store endringar – både i Volda og andre stader. I den nasjonale statistikken kan det vere vanskeleg å sjå om bruk av mellombels tilsette er særleg mykje utbreidd i lærarutdanning, eller på andre fagområde. Lærarutdanning er spreidd på ulike avdelingar og institutt på dei mange institusjonane som driv med lærarutdanning. Somme stader held dei hus i lag med idrettsfag, på andre med kulturfag og atter andre i lag med humanistiske fag. Eller dei kan vere heilt eigne einingar. For Høgskulen i Volda er lærarutdanning særleg viktig og står kanskje for 40-50 prosent av aktiviteten vår. Så når det skjer meir på lærarutdanning og fleire tilsette går inn i mellombelse stillingar, så gir det utslag på institusjonsnivå. 

Det same ser ut til å vere tilfelle også på andre institusjonar. På avdelingar og institutt for lærarutdanning ser ein at mellombels tilsette utgjer 20-35 prosent av alle årsverk – både faglege og mellombelse – og både faglege og administrative.

Det er eit nasjonalt problem at vi ikkje har nok toppkompetente til å fylle alle stillingar i lærarutdanningane.

Høgskulen i Volda tek heilt nødvendige og gode grep ved å tilby fast tilsette stipendordningar for å bygge seg opp mot doktorgrad/førstelektor eller professor/dosentkompetanse. Vi har fleire fast tilsette som arbeider med doktorgrad som ein del av FoU-arbeidet sitt. Men der stipendiatar ikkje blir rekna som mellombels tilsette så vil vikarar for tilsette i kvalifiseringsløp bli rekna med blant dei mellombels tilsette. Men vi vil ikkje velgje vekk kompetanseheving.

Ei anna side ved dette er at dei aller fleste stipendiatar ved Høgskulen i Volda anten går tilbake til stilling ved høgskulen – eller konkurrerer seg inn til stilling på høgskulen. Ei ny stipendiatstilling til Høgskulen i Volda er altså ei stilling til auka kompetanse til høgskulen – og regionen.

Mellombels finansiering er ei utfordring som også dei store universiteta nærast permanent står midt oppe i. Dei får årleg milliardbeløp i forskingsmidlar i form av prosjektmidlar frå Forskingsrådet, EU og andre – men prosjektmidlar har altså den eigenskapen at dei tek slutt ein dag. Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt små prosjektmidlar, men vi har ambisjonar om å auke. Og får vi eit stort fleirårig prosjekt er eg redd for at for oss så vil det slå direkte inn på statistikken over mellombels tilsette. Men i valet mellom å få og gjennomføre eit godt prosjekt så har vi ikkje så mykje val. Vi forventar både av oss sjølve – og ikkje minst frå KD – at vi skal auke på prosjekt. Det er jo også med på å gjere Høgskulen i Volda til ein betre og meir variert og spennande arbeidsplass.  

Ei anna forklaring som er på eit litt mindre omfang er om vi er for rause med å gje permisjonar. Ein permisjon medfører ei mellombels stilling for ein vikar. Og om mange tilsette er i heil eller delvis permisjon kan det bli ein fagleg sett vanskeleg kabal å legge.  

Så er Volda ein versting? Vi er langt frå verst – men vi kan ikkje love at vi kan bli best.

Kva kan gjerast?

Eg har ikkje problem med å vere samd med Forskarforbundet og Kunnskapsministeren i at det er eit viktig mål å få fleire tilsette i faste stillingar. Men vi må også vere klare over at dette målet kan i periodar kome i konflikt med andre mål, og det må vi leve med på best muleg måte. 

Det bør i alle fall ikkje vere tvil om tala som ligg til grunn for diskusjonen om mellombelse stillingar. Det framstår som noko risikabelt å basere diskusjonen på ei fagforeining sin presentasjon av tala frå DBH. 

Lærarutdanningane har fått mykje midlar til heilt nødvendig utvikling av grunn- og vidareutdanning, og det må ein forvente vil kome også i åra som kjem. Men med skiftande finansieringsmodellar framstår finansieringa som meir usikker enn nødvendig. Med meir langsiktig finansiering er det også lettare å tilsette fagfolk i faste stillingar. 

Det virkar også klart at på somme fagfelt er det knapt med fagfolk både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Høgskulen i Volda gjer her heilt nødvendige grep for å bygge kompetanse i staben, og det fører også til auka bruk av vikarar. Det er heilt nødvendig og bør på lang sikt gi gode resultat – så kanskje er det ei form for nødvendig mellombelse tilsettingar. 

På HVO er dekanar og andre leiarar samde i at det er nødvendig å ta sjansar og tilsette fleire folk enn ein eigentleg har finansiering på – på kort sikt. Avdelingane har nok råd til å ta større sjansar enn tidlegare, og det kan er risikabelt å ikkje ha nok fagfolk når ein trår til på søknads- og prosjektarbeid.  Invitasjonen til Kunnskapsministerens teppe har ført til ein nødvendig diskusjon om eit viktig tema på Høgskulen i Volda.

Eg er sikker på at auka fokus på desse spørsmåla i seg sjølv kjem til å føre til betring i åra som kjem. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar