Studentrevyen 2019 – X3MT moro!

Helsing til Studentrevyen 2019

Kjære revysjef, skodespelarar, musikarar, scenearbeidarar og alle andre som det siste året, siste månaden, siste vekene – og ikkje minst det siste døgnet – har hatt revyen som hobby, sideaktivitet, deltidsjobb – og etterkvart heiltidsjobb: 

Eit stort GRATULERER! Til dykk alle!  De har laga ein revy som verkeleg fortener fulle hus på alle framsyningane!

Overselling av studentheimane på Heltne – eit innslag som godt kan framførast på nytt når dei nye studentheimane står ferdige i 2020!

Somme på Høgskulen i Volda kallar studentanes revyarbeid for utanomfagleg aktivitet. Det er veldig feil ordval. 

Tvert i mot bør vi omtale revyen som tverrfagleg arbeid av beste sort: På tvers av fag, program og avdelingar. 

Med revyen viser studentane veg – at det går an å få det til med framifrå resultat av tverrfagleg arbeid. Her har vi lærarene og veldig mange andre mykje å lære av studentane!

Ein god revy skal treffe på så mange plan, og årets revy skuffar ikkje i så måte. Dei som var på revyen veit kva eg meiner med å seie at Dovregubbens hall er endra for alltid. Skodespelarane er ein uredd gjeng som byr på seg sjølv, og meir til. Dei må ha hatt det veldig kjekt på øvingane – og det fekk vi som var blant publikum merke til fulle på premieren!

Min favoritt var nok innslaget med Senkveld – ein feministisk inspirert mediekommentar som passa fantastisk bra i ein revy!

Musikarane og musikken må særskilt nemnast. Profesjonell framføring, også med uventa instrument som trekkspel og blekkfløyte. Eg veit musikarane har øva så det har dryppa av veggane i dei nye øvingsromma på Kaarstad! Det er bra dei vert brukt – og så får vi skru på meir ventilasjon neste år.

Dette er altså fullstendig studentanes revy, og revygjengens revy. Vi som sat i salen er takksame for at vi fekk ta del i energien, engasjementet og dykkar revyblikk på … verda.

Og eg håper at det blir tre utselde framsyningar dei komande dagane. Det fortener revyen verkeleg! 

Revyen er eit høgdepunkt for studentmiljøet i Volda, og det seier ikkje lite. Vi er alle utruleg stolte over det de har fått til – de kan verkeleg vere nøgde med årets revy. 

Lukke til også med dei neste framsyningane!
Eg har alt begynt å gle meg til revyen 2020!

Revysjef Ingrid Alice Mortensen og regissør Beate Haugsdal i fri dressur etter vel gjennomført premiere!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.