Strukturkonferanse: Større, sterkare, betre?

Ei lita gåte: Det blir færre institusjonar – men kvifor blir det då stadig fleire deltakar på seminar i sektoren?

NTNU har invitert til seminar om fusjonar, 11.2.2019. Her er den første omfattande løypemeldinga frå strukturprosessen. Kva fekk vi vite? Korleis tenkjer dei store aktørane?

(Dette blogginnlegget er skrive frå ein strategisk diskret posisjon på bakerste benk – fusjonsprosessane sett utanfor. Og så er dette nok meir av eit kommentert referat enn eit tradisjonelt siterende referat. Så er det sagt. )

Nettavisa Khrono følgjer naturlegvis debatten.

På veg inn til møtet fekk eg spørsmål på om Kåre Heggen var med på møtet? Bakgrunnen for spørsmålet er at Kåre Heggen har skrive ein kronikk i Klassekampen, som også har blitt publisert i Forskerforum. Kåre Heggen er no – som i 2015 kritisk til tankegangen bak fusjonsiveren og ikkje minst kunnskapsgrunnlaget bak.

Fusjonskronikk av Kåre Heggen.

(Ordstyraren på seminaret sa det ville bli råd å stille spørsmål frå salen, og kanskje var det til og med rom for kommentarar.

Undervegs tok han ein kjapp kommentar: «Vi har ein samstemt sektor»)

Gunnar Bovim opna møtet: Det er for tidleg å kome med ei endeleg vurdering av strukturreformen no. Det ville vere som å gi stilkarakterer når hopperen forlot hoppkanten, sa Bovim. Så dette er eit seminar for å gjere institusjonane betre, var beskjed frå Bovim.

Steinar Stjernø presenterte dei lange linjene i strukturprosessen. Sett på spissen sa han at Gudmund Hernes hadde suksess med å redusere talet på institusjonar. Men bomma ved at det blei fleire universitet og at det ikkje blei ei tydeleg arbeidsdeling mellom universitet og meir praktisk retta høgskular.

Strategisk lunsjprat med Steinarar: Steinar Kristoffersen, rektor ved Høgskolen i Molde og Steinar Stjernø, Oslomet – og sentral premissleverandør i strukturprosessane dei siste 20 åra.

Stjernøs diagnose i 2008 var at det var for få studentar, for få fagfolk og dermed om ressursar. Stjernø brukte omgrep som spinkle, små og påfunn for å beskrive status. Dermed var samanslåingar nødvendig, rett og viktig.

(Ein kan jo lure på om ikkje miljø under oppbygging, tette miljø prega av kreativitet og nytenking kunne vere like passande begrep.

Under innlegget til Stjernø oppfatta eg han slik at dei viktigaste grunnane til å bli universitet var at studentane tykte det var gjevare å få vitnemål frå eit universitet og ein høgskule. Og at det var vanskeleg å forklare utlendingar kva eit University College var for noko. Men i lunsjen understreka Stjernø også at det var klare økonomiske insentiv til å bli universitet. Dei første «nye» universiteta fekk kraftig økonomisk drahjelp frå regionane direkte – og via regionalt orienterte politikarar på nasjonalt politisk nivå. Så for alle andre framstår det difor som risikabelt å ikkje bli universitet – fordi ein kan tape i konkurransen om midlar. Men når nesten alle har blitt universitet – så blir dette kanskje eit nullpunkt-spel? Eller eit spel der regionale omsyn i endå sterkare grad enn tidlegare konkurrerer med nasjonale prioriteringar?)

(Gudmund Hernes er framleis høgst oppegåande og vil i juni 2019 halde festtale når Høgskulen i Volda feirar sitt 25 års jubileum – og DH-skulen feirar 50 år. Vel verd å feire – vel verd å høyre på. Og Steinar Stjernø har også fått invitasjon.)

Gamle og nye utfordringar:

  • Meir heterogene universitet: Insentiva til å bli universitet er store og sterke. Status og prestisje. Studentar meiner det er gjevare å få papir frå universitet. I utlandet er det så besværleg å forklare kva eit University College er for noko. Også dei gamle universiteta var og er hybridar. Store skilnader i forskingsintensitet. Slik vil det vere også framtida, og ikkje mindre etter fusjonane.
  • Korleis heve kompetanse i profesjonsutdanningane – utan bivirkningar? Korleis vektlegge både profesjonsnærleik og høg forskingskvalitet?
  • Fortsatt små PhD- og masterutdanningar? Det er framleis mange spinkle miljø.
  • Fleircampus: Korleis balansere regionale omsyn, intern arbeidsdeling og kvalitet? Det er ønskjeleg med regionalt og desentralisert utdanningstilbod, men det kan ikkje bety at absolutt alle utdanningsmiljø skal oppretthaldast.
  • Fare for byråkratisering og større avstand mellom tilsette og leiarar.
  • Auka konfliktar og vanskar internt i sektoren. Gamle og nye universitet kjempar om ressursane.

Stjernø: Korleis går det? Mitt inntrykk er at det går seg til. Det er uansett problem i alle strukturar. Eg trur at det går an å utvikle forskingskvalitet utan at det går ut over dei praksisnære bachelorutdanningane.

(Så langt Steinar Stjernø. Han burde kanskje framstått meir som ein slags sigerherre? Men det er ikkje sikkert han kjenner seg slik? Strukturprosessen og fusjonsarbeidet har jo mange føremål, men i kva grad måla blir nådd veit vi jo ikkje. Den alvorlege situasjonen for Nord universitet syner jo at fusjonar er tungt og vanskeleg arbeid.)

Rektordebatten: Dag Rune Olsen, Berit Rokne, Anne Husebekk, Gunnar Bovim.

Rektordebatten.

Anne Husebekk, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. Var såre nøgd med alt. Det var hardt arbeid, men resultatet har blitt godt, kvaliteten har auka og utan at det har gått på bekostning av profesjonsutdanningane.

Dag Rune Olsen (UiB) meinte det var heilt føreåtseieleg at statsråd Torbjørn Røe Isaksen konkluderte med at SAK-prosessen hadde stoppa opp. Samarbeid og arbeidsdeling utvikla seg ikkje og konsentrasjonen sektoren gjekk seint. UiB tok dermed grep for å utforske nærliggende institusjonar og utvikla klynger.

Jørn Wroldsen er i dag tilsett ved NTNU. Han var tidlegare rektor ved Høgskolen på Gjøvik og arbeidde i mange år med prosjektet Universitetet på Innlandet. Dette arbeidet heldt på i ca 12 år med oppbygging av doktorgradsmiljø på fleire område. Prosjektet var nær ved å gjennomføre. Men så havarerte prosjektet av organisatoriske årsaker – eller kanskje skal vi seie lokaliseringsspørsmålet? Den faglege utviklinga mot universitet heldt fram og skulle «møte enhver strukturdebatten som måtte komme». Så Gjøvik sto klar då Isaksen kom med dagens strukturreform.

Gunnar Bovim gjorde greie for NTNUs fusjonsprosess. 1) Teknologiske grunnutdanningar, bachelorutdanningar, var ein mangel hos NTNU – og kom inn i NTNU gjennom 2) Helsefag: Tverrfagleg samarbeid er nødvendig. Manglande perspektiv i helsevesenet. 3) Lærarutdanning. 4) Økonomifaga. Har blitt samla i Trondheim. Fusjonane i seg sjølv fører ikkje til samarbeid – men kan legge til rette for samarbeid.

Når det gjeld Gjøvik og Ålesund så hadde institusjonane særlege teknologiske fordelar i høve til omlandet. Det var betre å slå saman og bidra til felles vekst enn å konkurrere med kvarandre. Men det vil ta tid – og eg er sikker på at det var eit rett val.

Berit Rokne, Høgskulen på Vestlandet: Før fusjonen laga NIFU ein rapport som synte at det var både fordelar og ulemper med å fusjonere. Ut frå rapporten vart det laga ein fusjonsplattform – og med universitetsambisjoner som overordna mål. I sum trur eg det er betre å ha blitt Høgskulen på Vestlandet enn at institusjonane heldt fram kvar for seg. Dei to nye doktorgradene HVL nett har fått akkreditert er eit viktig steg mot universitetsstatus.

(Rektorkommentar til rektordebatten: Det hadde vore rart om nokon av rektorane ikkje hadde vore nøgd med status. Då hadde det nok ikkje vore råd å halde fram som rektor. Så desse rektorane er rette rektorar på rett plass i dagens fusjonslandskap. Men kva skjer i framtida? Med nye rektorar som ikkje har same eigarskap og foreldreskapskjensle til fusjonane? Med klar beskjed og forventning frå politisk nivå om at no blir autonomien styrka, så kan det bli meir enn spennande korleis regionale omsyn vil bli tekne i vare. Her er det heilt klare parallellar til måten helseføretaka blir styrte på.)

Det verka som at ingen av rektorane trudde det ville bli fleire fusjonar – det var i alle fall ikkje der dei hadde fokus. No vert det lagt vekt på å intern kulturbygging og internt samarbeid.

(Kva posisjon skal Høgskulen i Volda ha i dette bildet eller i denne debatten? I den heitaste fusjonsperioden var sjekking og friing og dansegolv mykje brukt. Til og med det svenske bidraget på konferansen snakka om at

«när den snyggaste killen i klassen bjuder opp, så skall man inte seja nej»


Er vi i Volda attegløyma og veggpryden? Eller er vi det vesle barnet som ved at vi faktisk er ein liten sjølvstendig høgskule minner alle andre om at keisaren er noko tynnkledd? Eller er vi kjerringa mot straumen? Den motkulturelle institusjonen som gjennom plassering i balansepunktet mellom Oslo, Bergen og Trondheim kan hente det beste frå dei største?
Steinar Stjernø brukte faktisk ikkje ordet «robust» – sikkert eit heldig retorisk val. Men han snakka i staden om «spinkel», «spinkel» og «spinkel». Kanskje det er motstykket til robust – og like tomt for innhald utan nærare definisjon?
Men eit anna perspektiv på denne spinkel-robust-kvalitetsdiskusjonen er at kvalitet må sjåast på som ein prosess. Måler ein akademisk kvalitet som talet på doktorgrader/førstekompetente så har det skjedd store og positive ting i vår sektor dei siste 15 åra. For Høgskulen i Volda har vi hatt jamn vekst og god utvikling i mange år – så vonleg er vi mindre spinkle no enn i 2008. Og vi vil gjerne halde fram med det.)

Statssekretær Rebekka Borsch (V), Kunnskapsdepartementet.

Rebekka Borsch meinte det var heilt rett å starte strukturreformen. Vi har fått færre, større og sterkare universitet og høgskular. Sett frå Kunnskapsdepartementet er det mykje som er på rett veg. Men vi ventar dei første resultata etter 5 – 10 år. Så vi har framleis eit stykke å gå. Vi har ikkje alle svara enno.

Torbjørn Røe Isaksen og Bjørn Haugstad var strukturreformens fedre. Venstre var eit støtteparti, og er glad for å arbeide vidare med den.

La oss gå litt ned i detaljane: Utgangpsunktet var at vi hadde små institusjonar med få studentar, låg rekruttering, få kandidatar og stor variasjon i karaktersetting.
Vi hadde også mange små forskingsmiljø med svake resultat og lite internasjonal orientering.
Utfordringar for dei fleste profesjonsutdanninger.
Alt var ikkje svart – men det var ei ganske felles forståing og situasjonsbeskrivelse. Og det hadde vore modning i sektoren før strukturrformen kom.
Strukturreformen må sjåast i samanheng med regjeringas politikk: Strukturmeldingen, kvalitetsmelding og humaniorameldinga. Desse heng saman. Langtidsplanen for høgare utdanning har vorte oppdatert.
Men når vi ser rundt oss er verda i rask endring. Kunnskap er eitt av svar vi må gi for å henge med i dei store endringane. For å skape eit berekraftig samfunn.
Endringane frå første til andre langtidsplan vist kor raskt endringane går.
FNs klimapanel har vist kva som må gjerast.
FNs bærekraftsmål – som vi i vår sektor er ei drivkraft for å få gjennomført.
Så vi må forske meir, utdanne fleire for å kunne nå bærekraftsmålene.
Samtidig kjempar mange land i verda seg ut av fattigdom. Vi må hjelpe til her også.
Så for at vi også i framtida skal få til ei betre verd trengst det kunnskap og kompetanse, og her har UH-sektoren ei nøkkelrolle.
Forøvrig har også Kunnskapsdepartementet gjennomført ei strukturendring.
Må huske at samanslåingane er virkemiddel for betre kvalitet.
No får vi samanslåingar i den private sektoren.

Alle er berørt – sjølv dei ikkje har vore med på å slå seg saman.

Vi må prioritere tøffare. Prioriterer ein noko opp, må ein prioritere noko anna ned.
Men å dyrke det ein er god på er bra.

No er det viktig at fusjonane får tid til å virke.

Det kjem to stortingsmeldingar – begge handlar om relevans for studentar.

Arbeidssamhandlingsmeldinga – 2021:

Innretninga på meldinga er at studentane skal få betre høve til å utdanne seg i takt med samfunnet og arbeidslivets behov.
1) For studentar skal det vere naturleg å etablere bedrift etter at dei er ferdig å studere.
2) Utvikle arbeidsmarknadstilknytinga for humanistar og samfunnsvitarar,
3) Invitere arbeidslivet inn i utforminga av studieprogram.
4) Gi betre informasjon til studentar om mulegheiter for samarbeid med arbeidslivet
5) Finne ut kva som hindrar tettare kontakt mellom institusjonar og arbeidsliv.

Internasjonal studentmobilitet 2019-2020:

Sterk trend. Utenlandsopphold naturleg i alle grader. Internasjonal mobilitet for tilsette og studentar – innarbeidast i kvalitet. Studentar godt mottatt når dei reiser ut. Trengst det endringar i regelverk og finansieringssystem? ARbeids- og næringsliv må etterspørje internasjonal kompetanse.

KD vil evaluere strukturprosessane no i ettertid – i 3-5 år. Oppdraget vil bli lyst ut om kort tid. Det er veldig bra at institusjonane også forskar på desse prosessane.

(Borsch (V) sitt innlegg er vanskeleg å ikkje sjå i samanheng med den aktuelle politiske situasjonen i Venstre, der ei av dei klassiske konfliktlinjene i partiet er mellom «Oslo-venstre» og «bygdevenstre». I innlegget fokuserte Borsch i liten grad på regionale perspektiv med god tilgang til utdanning, altså desentralisering og studiestader i regionane. Fokuset låg på globale utfordringar – ikkje på regionale behov. Vi får tru ho seier meir om slike spørsmål i ein annan samanheng.)

Spørsmål til Borsch:

Forskarforbundet: Medverknad er under press. Korleis ser statssekretæren på det?
Svar frå Borsch: Det er opp til kvar einskild institusjon. Men eg legg til grunn at alle er opptatt av medverknad. Vi instruerer ikkje.

(Kommentar: Jf merknader ovanfor om helseføretaka. Kunnskapsdepartementet og dermed politikarane trekker seg tilbake frå nokre av beslutningane i UH-sektoren. Men korleis vil då dei styre i framtida?)

Berit Rokne: Borsch etterlyste fokus på studentane. Men studentane er mellombelse aktørar i vårt system. Dei opplever ikkje fusjonane sterkast, så lenge studietilboda går som vanleg.
Svar frå Borsch: På fleircampus-institusjonar er det kanskje særleg viktig å involvere studentane i korleis institusjonen fungerer. Dette må institusjonane vurdere sjølve.

NIFUs følgjeevaluering av NTNU-fusjonen

Meir om konferansen og andre artiklar om strukturreformen på Khronos samleside.

Ronny Kjelsberg (NTNU): Blir det bedre forskning og utdanning etter reformen?



Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *