Helseføretaket bør lære av Nordøyvegen

Helse-Midt Noreg, Stjørdal

Budsjettmodellen til Helse Midt-Noreg bør vurderast av eksterne fagmiljø. Drakampen om Nordøyvegen viste verdien av å la ulike fagmiljø kome med alternative vurderingar.

Helse Møre og Romsdal hadde dialogmøte i Ålesund fredag 1. februar. Den ikkje så fengande tittelen på møtet var: «Orientering og dialog kring HMR sin omstillingsprosess knytt til oppfølging styresak for budsjett og operasjonalisering av utviklingsplan.».

Diskuterte helseproblema (Sunnmørsposten 1. februar 2019)
Sterk auke i overtid og vikarløn i Helse Møre og Romsdal (Sunnmørsposten 1. februar 2019)

Alle som deltok på møtet visste godt at dette handla om å spare. Og spare. Og spare. Og no forventar Helse Møre og Romsdal at kommunane skal hjelpe Helse Møre og Romsdal med å spare. Ingen bør vere overraska over at kommunane er skeptiske til det. Ballen kom raskt tilbake til helseføretakets banehalvdel frå godt over hundre ordførarar, rådmenn, kommunalsjefar, legar, tillitsvalde og andre helseleiarar som deltok på møtet. Kva kan helseføretaket gjere sjølv?

Administrerande direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg tok den pedagogisk oppgåve med å forklare korleis finansierings- og fordelingsmodellen i Helse Midt-Noreg fungerer. Det er naturlegvis ikkje lett å gjere på dei få minutta han hadde til rådvelde, og det var heilt sikkert rett alt han formidla. Kort sagt handlar desse modellane om korleis pengane frå staten vert fordelt internt i Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal ut frå eit komplisert reknestykke som handlar om folketal, aldring, avstandar – og mange andre ting. Dei store tala i budsjetta til Helse Møre og Romsdal er altså vedtatt av Helse Midt-Noreg ut frå ein overordna modell. Det er rammevilkår som styre og leiing i Helse Møre og Romsdal i liten grad kan gjere noko med – og difor eit sparemøte.

Er det pasientane eller modellane som er problemet?

Slørdahl forsikra forsamlinga om at helseføretaket alltid var viljug til å diskutere fordelingsmodellen og at målet er å unngå skeivfordeling internt i regionen. Det er eit godt utgangspunkt for ein grunnleggande og fordomsfri debatt. Den er alt for viktig og komplisert til å bli teken av legar, økonomar og modellar aleine. Eller som Astrid Eidsvik sa på møtet: Modellane har så mange fasettar at det er vanskeleg å sjå heilskapen i dei. Eller kanskje også konsekvensane?
Det er få personar som har god innsikt i modellane – og dermed er det også ein skeiv maktbalanse.

Ein bør stille spørsmål ved om finansieringsmodellen gjennom dei siste 8-10 åra faktisk kan vere ei forklaring på problema ein opplever. Har modellane innebygd eigenskapar eller utilsikta konsekvensar som premierer stor pasienttransport ut av fylket? Er det sider ved modellen og praktiseringa som gjer at 16 prosent av pasientane får behandling i Trondheim? Og at sjukefråveret i hundrevis av einingar i Helse Midt-Noreg ligg over 10 prosent?

Eller sagt på ein annan måte: Gjev modellen eit berekraftig resultat for pasientar, for tilsette i Helse Møre og Romsdal og dermed for regionen?

Einskilde sider ved modellen har vore framme i debatten. Blant anna har professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda i ein kommentar i Dag og Tid teke opp ideen om å skilje mellom drift og investeringar i sjukehusbygg. Ordførar Jørgen Amdam har lang erfaring frå høgskulesektoren og han har peika på at pengar til forsking vert teke av det som blir kalla basisløyvinga i modellen.

Anders Riise og Kommunanes sentralforbund meiner at dei økonomiske modellane til helseføretaket bør vurderast kritisk av fagmiljøa i regionen.

Men kven bør vurdere modellane? Her har vi både eit bukken og havresekken og eit svingdør-problem: Det aller meste av forsking i Helse Midt-Noreg vert utført i Trondheim – i nært partnarskap med NTNU og då særleg ved fakultet for medisin og helsefag. Der arbeider også professor Jon Magnussen som har gjeve namn til fordelingsmodellen som helseføretaket brukar. Det er svært tette samarbeid og personutveksling på toppnivå mellom Helse Midt-Noreg og NTNU. Gunnar Bovim var direktør i Helse Midt-Noreg då dagens modell vart tatt i bruk. Han kom frå NTNU og gjekk tilbake til NTNU som rektor etter nokre år i helseføretaket. Stig Slørdahl er midt i same løype og har permisjon frå stillinga som professor på NTNU medan han er direktør i Helse-Midt Noreg.

Eg er heilt sikker på at fagfolk og leiarar på NTNU og Helse Midt-Noreg har etikk og integritet på stell. Men kvar ein står og går bestemmer også kva ein ser.

Det kan hentast fersk erfaring frå drakampen om Nordøyvegen. Det er vel kjent at i arbeidet med Nordøyvegen kom ulike økonomiske fagmiljø kom med alternative reknemåtar som gav vidt forskjellige resultat. Det kom av at ulike økonomiske modellar legg vekt på ulike ting. Det finst ikkje rette eller feil modellar i seg sjølv. Det kjem an på kva spørsmål som blir stilt og kva ein legg vekt på – altså kva som er mål og føresetnader for modellane. Og dermed blir det ei politisk eller skjønsmessig vurdering som til slutt må gjerast. Det veit alle som arbeider med modellar.

Det er valår i 2019 og mange politikarar kjem til å meine mykje om helseføretaka, men styra bestemmer. Det vil vere fornuftig av styret i Helse Midt-Noreg å hente inn uavhengige vurderingar av dei økonomiske modellane som legg til grunn for fordeling av 20 milliardar skattekroner. Det er tre-fire Nordøyvegar – kvart år.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.