Nei til campus: Ja til høgskuleområde

Språkrådet har vorte spurt av Møre-Nytt om namnet på Campus Volda Sparebank1 Arena. Og Språkrådsdirektør Åse Wetås likar ikkje det ho høyrer. – Dette er eit namn som er alt for langt til at nokon klarer å huske det, spår Wetås.

Arenaen med det lange namnet: «Volda Campus Sparebank1 Arena»:
Ideskisse frå 2016.

I artikkelen peikar også Wetås på at Høgskulen i Volda bruker ordet campus om høgskuleområdet. Det har ho rett at vi har gjort, men det bør vi slutte med: Når vi snakkar om høgskuleområdet så bør vi seie akkurat det og ikkje campus.

Vi bør seie høgskuleområdet i staden for campus.

Vi har no starta med å luke ut «Campus» frå nettsidene våre, altså frå overskrifter, lenkjer, kart og bilde. Og det viser seg at også på høgskulen har campus vorte teke i bruk i mange samanhengar.

Språkrådet har omtala opphavet til ordet campus og fortel at det kjem frå latin og kan kanskje omsettast til slette, eller ein stad der ein slår leir. Det er altså i slekt med camping. Høgskuleområde kan nok av og til likne på ein campingplass, men det er vel ikkje noko mål å trå etter. Universitetsområde som låg for seg sjølv utanfor ein by tok i bruk same omgrepet. Seinare har det vorte teke i bruk om universitetsområde meir generelt, fjernt frå den opphavlege tydinga, slik det ofte er. Store Norske Leksikon omtalar Campus som «Universitetsområde» – og det same gjer Wikipedia (bokmål) – så det er støtte for det alternativet på norsk.

Etter mi meining er «Campus» eit engelsk ord som ikkje seier noko meir enn det norske ordet høgskuleområde eller universitetsområde og då er det ikkje noko stort poeng å bruke det engelske ordet – tvert i mot skaper det avstand og uvisse.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.