Helsingar til nye studentar, studieåret 2021-2022

Årets helsing til nye studentar vart – som i fjor – formidla via video. Opningsvideoen kan du sjå her/The video from the opening ceremony.

Rektor’s welcome-speech for new students is also available in English.


Helsing til nye studentar frå leiar i Studentparlamentet, Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik.

Welcome to new students, from the leader of the Studentparliament, Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik.

Klar for hausten 2021!

Det er ei stor glede for meg og alle andre tilsette på høgskulen å få ønske deg velkomen hit til Høgskulen i Volda og til Studiebygda Volda.

Med vårt engelske motto seier vi:

Volda er «The place You’ll never forget».

Vi vil gjerne at du skal få gode minne frå tida i Volda – same om du blir her i eitt år, eller om du tek bachelor, master eller doktorgrad i lag med oss.

Det siste året har det skjedd store ting på høgskuleområdet: Vi opnar no i haust eit heilt nytt hus der medieutdanningane held til – det er det kvite Sivert Aarflot-huset – som kan bli #Verdas-beste-mediehus. Vi har også fått ein ny stor og flott nabo i idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena. Og vi vil halde fram med å pusse opp og bygge nytt på høgskuleområdet dei næraste åra slik at studentane skal få best muleg rammer for å lære, leve og oppleve.

Lære, leve og oppleve – dette er viktige sider ved studentlivet og det å få ny kunnskap.

Med ei utdanning frå Høgskulen i Volda vil du få kunnskap som gjer at du veks som menneske. Og etterpå vil du kunne få meiningsfulle jobbar. Meiningsfulle jobbar både for din eigen del – og for samfunnet.

Om du finn det meiningsfullt å hjelpe andre, å formidle kulturelle opplevingar, å utvikle og utdanne barn og unge, eller å arbeide til beste for demokratiet. Ja då er alle våre utdanningar meiningsfulle for deg.

Og kva treng samfunnet? Blant dei store samfunnsutfordringane i vår tid ser vi blant anna:

Utanforskap må nedbyggast
Demokratiet må styrkast
Vi må bli meir internasjonale

Utanforskap er ei stor utfordring i det norske samfunnet – og for den einskilde. Her har gode lærarar, pedagogar og sosialarbeidarar kanskje ei av dei aller mest meiningsfylte oppgåvene som tenkast kan: Å gjere ein forskjell i andres liv.

Det er i år 10 år sidan 22. juli.  Terrorhandlingane var eit åtak på demokratiet. Men i åra som har gått har vi sett at demokrati som ide og praksis har vorte utfordra i land etter land. Vi treng ikkje berre ein vaksine mot korona – men også vaksiner mot autoritære tankestraumar. Utdanning og forsking kan langt på veg gi oss slik motstandskraft. Og eg håper nye studentar bidreg også i vårt interne demokrati på Høgskulen i Volda, anten det no er i kvalitetsutvalet i klassa di, i Studentparlamentet, eller i høgskulestyret der studentane har to representantar som snart skal veljast.

Den tredje samfunnsutfordringa eg nemnte var internasjonalisering. Vi er eit lite land som alltid har vore open for impulsar utanfrå – og slik må det vere også i framtida. Både fordi vi treng ny kunnskap, men også fordi vi har noko viktig å formidle  i ei stadig meir polarisert verd, og det kan kanskje seiast så kort og godt som Nordahl Grieg seier i «Til ungdommen»: «Troen på livet selv – menneskets verd».

Somme trur at internasjonalisering berre handlar berre om å eksportere mest muleg eller å kapre nyttig konkurransefordelar gjennom å skaffe ny kunnskap. Men det er eit alt for snevert perspektiv. Internasjonalisering handlar djupast sett om å skape ei betre verd – i lag. Og då må vi lære kvarandre å kjenne. Og det gjer ein best ved – å reise.

Høgskulen i Volda har over 100 utvekslingsavtalar med høgskular og universitet over heile verda, og eg håper at vi i 2022 kan vinke farvel til korona og at det igjen skal bli muleg å reise fritt.

No har eg snakka mykje om å lære – men som student skal du også leve – og oppleve. Og i den vesle studiebygda Volda har studentar heilt sidan 1861 funne ut at det kan vere lett å leve – og mykje å oppleve. Anten du no vil ha kulturelle opplevingar, eller du går på tur, på ski eller på sjøen.

Vi har fleire reisemål i verdsklasse. Frå Volda har du lett tilgang til skarpe tindar, ville vindar og reint vatn i store mengder. Men: Fjella våre krev liv – kvart einaste år. Så ta vare på deg sjølv og andre. Også på dette området: Skaff deg kunnskapen som trengst både for å ferdast trygt – men også for å få best muleg opplevingar av eit stykke Noreg som vil gi deg minne for livet.

Lukke til med studieåret 2021-2022!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar