Tale på «nøkkelseremoni», seremoniell overtaking av Sivert Aarflot-huset

Tusen takk til Statsbygg. Utan eit godt samarbeid mellom Statsbygg og Høgskulen i Volda hadde vi ikkje stått her i dag. Tidlegare direktør ved Høgskulen i Volda, Jacob Kjøde sa det slik ein gong: Statsbygg er våre beste venner, og på ein dag som i dag kjennest det veldig slik ut!

Jacob Kjøde.

Tusen takk til alle som har vore involverte i arbeidet med Sivert Aarflot-huset. Det har vore MANGE! De kan vere stolte av resultatet!

Det er i haust 50 år sidan dei første 34 studentane møtte opp for å studere ved landets første moderne medieutdanning her i Volda. Og utdanninga vart ein suksess og har vore sterkt medverkande til at både Høgskulen og den vesle studiebygda Volda har vorte landskjent. I dag er det ca. 600 mediestudentar i Volda, og ca. 10 prosent av dei er internasjonale studentar. Det er ikkje til å tru!

Så medieutdanningane har vokse og trengt meir og meir plass. Våren 2021 vart drive medieutdanning på sju ulike stader på høgskuleområdet.  Det har altså vore overmode for eit nytt hus for medieutdanningane i mange år.

No har medieutdanningane i Volda for første gong på mange år vorte samla under eitt tak og fått glimrande lokale for nye 50 år med medieutdanning. Minst. Men også med forventningar og samarbeid og bruksrett også for andre utdanningar på Høgskulen i Volda.

Eg har sagt at dette skal bli #Verdas-beste-mediehus. Det ligg til rette for det på alle måtar. Vi har halde på med medieutdanning i 50 år og har bygd det nye huset basert på efaringane i desse åra.

No handlar det berre om kva vi klarer å få ut av det. Og den jobben, det målet, er det opp til studentar, tilsette og leiing på Høgskulen, men særleg Avdeling for mediefag å arbeide for.

Derfor er det med stor glede og tillit at eg overlet denne nøkkelen til Kate Kartveit, dekan på Avdeling for mediefag.